Heim Nyhende Har filial i Oslo

Har filial i Oslo

Costume.no sine lesarar kunne nyleg lese om Hasla sin nye smykkekolleksjon, laga i sølv og ametyst. Opphavet til Hasla-smykka er ei familiebedrift i Valle med filial i Oslo.

Bedrifta Hasla ligg i hjartet av Setesdal, eller Sølvsmeddalen som han òg vert kalla.

– Bedrifta vår er bygd på og utvikla i sølvsmedtradisjonen. I dag lagar vi smykke i meir moderne design, med bakgrunn i tradisjonen, men med eit formspråk som er nyskapande, seier Grete Fossen. Ho er dagleg leiar i Hasla og har vore med ganske frå starten.

Starta med éin

Det heile begynte i 1984, då mannen til Grete starta sitt eige enkelmannsføretak. Ørnulf Hasla er utdanna gullsmed og byrja i det små med å lage bunadsølv. Sjølv er Grete utdanna sjukepleiar, men etter kvart vart ho meir og meir involvert i sølvsmia.

– Eg har ikkje vore mykje involvert i produksjonen, men har teke meg av det administrative. Vi har vakse jamt i åra som har gått, og har no 15 tilsette i bedrifta. Då er også behovet for administrativ leiing blitt større.

(meir under bildet)

Ein luksus

Veksten har vore kjærkomen, men dei har alltid hatt ei meining om at veksten skulle vere forsiktig og i ein takt som dei kunne halde tritt med når det gjeld kapasitet og arbeidskraft.

Tilgangen på arbeidskraft har for så vidt ikkje vore eit problem.

– Det er ikkje så mange bedrifter som vår i landet, så for oss har det vore ein rein luksus å kunne rekruttere dei gullsmedane vi ønskjer oss. Vi tek også inn lærlingar frå heile landet. Gullsmedane våre er for det meste frå regionen. Vi har òg ein sølvsmed som jobbar frå sin eigen verkstad i Mandal.

Gode ambassadørar

Verkstaden og utsalet til Hasla ligg i Valle. Her er 12 tilsette, og her blir alle smykka produserte. I tillegg til eigenproduserte varer sel dei òg produkt frå andre tilverkarar. Anne Hasla, dottera til Grete og Ørnulf, designar smykka deira og har basen sin i Oslo. Den andre dottera, Gunnhild, driv butikken som dei opna i Oslo i 2008. I Oslo-butikken har dei to tilsette i tillegg til dagleg leiar.

Fordelen med å ha ein butikk i Oslo er at det er lettare å gjere seg synlege, seier Fossen. Her kan stylistar kome innom og låne smykke, her er dei tilgjengelege for media, og her har dei tett kontakt med PR-byrået sitt.

– Smykka våre er blitt brukte på TV2. Tuva Syvertsen i Valkyrien Allstars er smykkeambassadør for oss, det same gjeld gruppa Fjellfolk, som vann delfinalen i Melodi Grand Prix, fortel ein stolt dagleg leiar.

Positivt med nynorsk

Dette hadde det ikkje vore mogeleg å få til berre med base i Valle, meiner ho.

– Vi har i alle år fått god hjelp frå kommunen her, frå Setesdal regionråd og frå Innovasjon Noreg, og det har vore bra. Men med tanke på marknadsføring og det å vere tilgjengelege for stylistar og PR-byrået, så er det viktig for oss å vere i Oslo også.

Men røtene deira er godt festa i setesdalstradisjonen, noko som også kjem til syne gjennom språket. Hasla bruker nynorsk i marknadsføringa si, og det har i følgje Fossen vore heilt sjølvsagt frå første dag. I heimeregionen blir det lagt merke til og sett pris på, og Hasla fekk Valle mållag sin målblom i 2012 som påskjønning.

Men nynorsken blir kanskje ikkje sett like stor pris på i hovudstaden?

– Tvert imot, seier Grete Fossen. – Vi har fått litt merksemd for at vi marknadsfører oss på nynorsk, og det har berre vore positivt.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...