Heim Nyhende Valle: Utfordrande med folketalsnedgang

Valle: Utfordrande med folketalsnedgang

Valle kommune i Aust-Agder er ein liten kraftkommune med fallande innbyggjartal. Men ordførar Tarald Myrum (Sp) trur på betre tider.

 

Vi viser deg eit glimt frå ein av

kommunane som er med i LNK.

Denne gongen: Valle

Info

Nytt frå Valle:
Vil byggje kulturhus i Valle 
Tar i bruk nynorsk 

Aktuelle lenker:
Valle kommune
Setesdølen
Agderposten
Setesdalswiki

– Vi har hatt nedgang i folketalet dei siste 10 åra, men vi jobbar aktivt med å rette opp og auke tilflyttinga til kommunen, seier Myrum.

Valle har mellom anna hatt gåande eit småbruksprosjekt, der ein kartla til saman 100 småbruk som kunne vore aktuelle bu- og arbeidsplassar for folk som har lyst til å busetje seg i kommunen. Prosjektet vart nyleg evaluert, og ordføraren gjev prosjektet status som delvis vellukka.

– Av dei 100 bruka som vart kartlagt, fekk vi tilflytting til fem eller seks av desse. Dei som har busett seg der, livnærer seg av eigne næringsverksemder på garden kombinert med anna arbeid.

Komplisert

Prosjektet kunne hatt eit betre resultat, meiner Myrum, men samstundes har det vore ein nyttig prosess for den vesle kraftkommunen, som ligg midt i hjartet av Setesdal.

– Det er heller ikkje berre enkelt å få hand om desse småbruka, det er mykje som speler inn. Eigarar føler tilknyting til plassen, og vi må ta omsyn til odelslova og ei rekkje slike ting som gjer det vanskeleg.

No må kommunen sjå på andre tiltak som kan lokke folk til kommunen. Valle er ein kommune med god økonomi, og tenestetilbodet til innbyggjarane er jamt godt, meiner ordføraren.

– Vi har gratis barnehage, gode skuletilbod, og vi satsar ein del på kultur og idrett. No skal vi til å byggje ein kunstgrasbane og eit treningssenter.

I sentrum

Valle er ein av fire kommunar som utgjer Setesdalsregionen. Setesdal har lange tradisjonar for kulturbasert næring, og både den materielle og den immaterielle kulturen er gode som Valle og dei andre setesdalskommunane kan og bør smykke seg med, seier ordføraren. Her lever sølv- og gullsmedtradisjonar i beste velgåande, og husflidstradisjonane står sterkt.

– Vi er såpass ubeskjedne at vi seier vi er sentrum i Setesdal, og Setesdalsmuseet ligg i Valle kommune.

Valle kommune er med i Setesdal regionråd, eit politisk samarbeidsorgan mellom kommunane Evje og Hornnes, Bygland, Valle og Bykle. Kommunane har ein del felles utfordringar, og samferdsle er ei av sakene som står øvst på dagsordenen no.

– Utbygging av riksveg 9 frå Kristiansand til Hovden er den store saka nett no.

Regionrådet ønskjer gul midtstripe heile vegen opp til Hovden innan 2023, og målsetjinga no er å få dette på plass i Nasjonal transportplan. 

NYNORSK INSPIRASJON

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

MEST LESE

Trond (39) er tilsett i LNK – skal styrka nynorsk i skulen i Rogaland

Landssamanslutninga av nynorskkommunar har tilsett Trond Salte (39) for å få fart på prosjektet «Meir mål på Jæren». – Det er makelaust gildt! seier Trond...

Årsrapport for LNK 2023–2024

Annakvart år, i samband med årsmøtet og landstinget i LNK, legg organisasjonen fram ei fyldig årsmelding og revidert rekneskap for dei siste to driftsåra....

Mållaget jublar: SV vil gjere språklova betre for nynorsken

SV har fremja ei rekkje forslag i Stortinget som vil gjere den nye språklova betre for nynorsken. – SV tar ansvar for å rydde...

Velkomen til landstinget til LNK! Sjå programmet og meld deg på her!

Statssekretær Trude Storheim (Ap) og direktør i Språkrådet Åse Wetås kjem saman med ei rekkje andre interessante innleiarar til landstinget til LNK 3.-4. juni...