Heim Nyhende Hardanger-bygd til topps i Europa

Hardanger-bygd til topps i Europa

Herand landskapspark i Jondal er Noregs kandidat til den europeiske landskapsprisen for 2011.

Hardanger-bygda Herand har 230 innbyggjarar, store landskapsområde og ei meir enn 9000 år gammal kulturhistorie i ryggen. Når dei no blir lanserte som den plassen Noreg ønskjer å framheve som eit særleg attraktiv landskapsområde, så er det ikkje berre fordi det har tradisjonelle Hardanger-kvalitetar som vakre fjell og fjordar samt Folgefonna kvilande bak seg å skilte med. Dirk Kohlmann, prosjektleiar for landskapsparkar hjå Fylkesmannen i Hordaland, meiner denne nominasjonen også kjem som ein følgje av eit godt stykke arbeid som bygda sjølve har gjort over tid og utan ein europeisk pris i sikte.

Framover

– For ti-femten år sidan var folk i Herand klar over kva veg det gjekk for bygda. Folketalet gjekk nedover og om ti år kunne bygde vel vere nedlagt, fortel Kohlman.

Men i staden for å gje opp og vende blikket ut av bygda, valde bygdefolket å møte utfordringane på plassen. Eit bygderåd kom saman og avgjorde at her skal det gå framover, ikkje bakover. Og bygderådet hadde heile folket med seg når dei bestemte seg for å snu den negative utviklinga. I løpet av åra har bygda gjort ein del kloke val som har vore avgjerande for at dei no er eit landskapsområde i bløming, seier Kohlmann. Til dømes valde bygderådet å kjøpe skulebygget av kommunen når skulen la ned i 2004. No leiger dei ut bygget til Landskapsparken som bruker det til utstillingslokale.

– Folk i Herand er gode til å gjennomføre dei planane dei har sett seg. Dei følgjer alltid dei gode ideane i mål, seier prosjektleiaren, som peiker på at dette har gitt resultat også utanfor bygda.

I 2006 vart Herand ein landskapspark, noko som per definisjon betyr at Herand er eit unikt kultur- og naturlandskap avgrensa av felles kultur- og identitetskjensle. Tanken bak ein landskapspark er at her skal leggjast til rette for å gje fastbuande mulegheit til næringsutvikling og tilreisande gode opplevingar. På sikt er håpet å sjå positiv folketalsutvikling og vekst i talet på arbeidsplassar. I 2008 fekk Herand Norsk Kulturarvs nasjonale kulturlandskapspris.

Pris på arbeidet

Å bli nominert til den europeiske kulturlandskapsprisen betyr mykje for Herand, meiner Kohlmann, som sjølv var den som nominerte Herand til prisen. Bygda får på den måten ære for det arbeidet dei har gjort i desse åra som fråflyttingsspøkelset har lura.

– Vi kan jo sjølvsagt håpe at Europarådet kjem og ser på denne plassen før dei bestemmer seg. Skulle Herand få prisen, vil det vere ei framragande marknadsføring for bygda, Hardanger og landet, seier Kohlmann.

Det er Miljøverndepartementet som har føreslått ein norsk kandidat til den europeiske prisen, på bakgrunn av forslag frå lokale og regionale styresmakter og frivillige organisasjonar i heile landet. Prisen blir delt ut av Europarådet den 20. oktober i år.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...