Heim Nyhende I Løland sine fotefar

I Løland sine fotefar

 

Mange visjonar
I rapporten kan me lesa om prosjektet slik det utvikla seg frå start til mål, og det sto ikkje på visjonane til dei som sette i gong med arbeidet i startfasen. Som sagt var det somme som tykte det likna mistenkeleg på eit luftslott. Andre meinte dette var i meste laget for ei markering av ein lokal forfattar som døydde for hundre år sidan. I tabellen på sida av artikkelen kan du sjå dei ti milepålane gruppa sette seg føre å gjennomføra.

Dagleg leiar i prosjektet, Marny Skeie Henkel, vedgår at det gjekk ein støkk i ho då ho såg kva prosjektgruppa såg føre seg av aktivitetar:

– Eg var småredd i starten, det er sant det, seier ho og flirer. Når det er sagt, så hadde eg fantastiske folk rundt meg som gav meg tru på at det gjekk an. Ho trekkjer mellom anna fram dåverande fylkesordførar Roald Bergsaker og leiar i Norsk Plan, Einar Schibevaag, som utrøyttelege pådrivarar.

– Det umoglege er mogleg, sa Einar til meg gong på gong, og Roald var på meg som ein klegg kvar gong det butta litt: – No lyt du vera litt tøff og ta nokre sjansar, Marny. – Stå på! Utan den støtta eg fekk hjå dei, så ville det ha blitt mange tunge stunder i starten, fortel Marny Skeie Henkel. No jobbar ho som lærar på vaksenundervisninga i Odda, men ho ser attende på åra i Løland-prosjektet som fantastiske:

– Dette var draumejobben! Å få lov til å gå inn som dagleg leiar i eit prosjekt som dette var heilt fantastisk. Det var gjort eit særs grundig forarbeid attåt det at eg slapp å vera ho som skulle springa rundt og samla inn pengar. Eg kunne fullt og heilt via arbeidet mitt til dei ulike arrangementa. Som om ikkje det var nok, så hadde eg altså ei dynamisk styringsgruppe rundt meg, som var samansett av unike personar med ulik kompetanse og eit imponerande driv, seier ho.


– Mykje meir enn ei markering
I rapporten kjem det fram at det var mange som hevda at det ville bli ei krevjande oppgåve å løfta samfunnsbyggjaren, redaktøren og barnebokforfattaren Rasmus Løland fram i lyset att. Mange meinte til og med at det var ei umogleg oppgåve. Ikkje nok med at det her var tale om ein barnebokforfattar, men ein smålåten barnebokforfattar frå Sølvkannestranda i vesle Suldal. I rapporten står det at Løland-markeringa har vist at det gjekk an. Ho har ikkje berre kasta glans over forfattaren og samfunnsbyggjaren Løland i fem år. Ho har famna vidare og lyfta den nynorske barnelitteraturen og barnekulturen fram i lyset både lokalt og nasjonalt, vert det hevda.

Dagleg leiar Marny Skeie Henkel underbyggjer påstandane i rapporten:

– Prosjektet rundt markeringa av Løland har blitt litt misoppfatta av somme. Det var, og var meint å vera, så mykje meir enn ei markering av ein forfattar. Det var eit prosjekt som skulle vekkja interesse for litteratur, leseglede blant barn og unge og vera med på å fremja nynorsk som målføre i tekstskaping. Alt dette og så mykje meir trur eg me meistra å få til, hevdar ho.


NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...