Heim Nyhende I språkkampen

I språkkampen

 

 I år er Det Norske Teatret 100 år. Midt i feiringa står Nina Refseth.

 Bokmålsjenta frå Trondheim uttalte ein gong til Dagbladet at også ho var ei av dei som kjeda seg i nynorsktimane på skulen. Likevel er ho etter kvart blitt eit kjent namn i nynorske kretsar. Ho studerte idéhistorie og etterkvart vart det jobb i Universitetsforlaget. Der arbeidde ho med mange nynorske manus, noko som gjorde valet om å bruke nynorsk som arbeidsspråk enkelt. 

–  I Universitetsforlaget fekk eg tett kontakt med fleire nynorskforfattarar som Gunnar Skirbekk og Ottar Grepstad. Då måtte eg lære å nytte nynorsk som arbeidsspråk, , seier Refseth.
– Då eg seinare starta i Samlaget valde eg å skifte heilt.
– Eg brukar nynorsk både på jobb og privat i dag også. Det kan vere slitsamt å vere den einaste på jobb som skriv nynorsk, ein merkar jo at ein blir meir ustø, men når du er sjef, er det ingen som seier noko på det.

Idéhistorikaren har ein imponerande karriere bak seg. I 2004 tok ho over stafettpinnen frå Audun Heskestad og vart med det den første kvinnelege toppsjefen i eit større norsk forlag. Ni år seinare konstaterer ho at tilstanden i forlagsbransjen er ganske lik det den var den gongen.
– Det er få kvinner på toppen i denne bransjen, men mange på andre og tredje nivå. Eg lurer litt på kor kvinnene blir av, men kanskje det har noko med at det er få utskiftingar på toppen, at dei som sit der, ofte sit lenge.
Det var også ei kvinne, tidlegare sjefsredaktør i Nationen Tove Lie , som tok over sjefsjobben i Samlaget etter Refseth.
– Kva gjorde tida i Samlaget med språkinteressa di? 
– I Samlaget får du jobbe med mange flotte nynorskstemmer. Det gjer noko med ditt eige forhold til språk når du jobbar med folk som Guri Vesaas. Ho er veldig pedagogisk i møte med andre sine tekstar. 
– Det var ei lærerik tid. Du merkar godt at bedrifta står i ein sterk tradisjon.

I dag er ho direktør ved Norsk filminstitutt i ei tid der norsk film haustar fleire godord enn på lenge. Ho nevner Hodejegerne som den store utlandssuksessen salsmessig, ein film som også er nominert til Bafta. Og ikkje minst Kon-Tiki som er nominert til både Golden Globe og til Oscar. I 2012 vart det selt 2,1 millionar billettar til norske filmar.
Refseth ser framover. Ho er og blir ein bestemt optimist.
– Me ser nå først og fremst fram mot ein sterk filmvår og reknar med nesten 30 norske filmar på kino i år, seier ho i ei pressmelding.
– Kva med språket i dei norske filmane?
I filmen er det talemålet som gjeld. Me har heldigvis eit ganske variert talemål i norsk film, mykje meir variert no enn for 20 år sidan, slår ho fast.
– Det er ei positiv utvikling.

Nina Refseth er også styreleiar for Det Norske Teatret. No feirar teateret som vart skapt som ein kamparena, 100 år, noko som skal markerast gjennom heile språkåret. Det er framleis temperatur ved teateret, som lik mange andre institusjonar må kjempe for å få dei beste vilkåra for framtida.
– Eg er så heldig at eg sit i komiteen som jobbar med historieboka til teateret. Det er ei flott historie om eit teater født i storm. Det er meir fredfylte forhold no, men teateret er framleis viktig for å få aksept for nynorsken.
Ho meiner det er viktig å sikre teateret sin posisjon.
–  Det er heile tida eit arbeid for å bli oppfatta som viktig og for å skaffe nytt publikum, ein må skaffe seg sjølvtillit når det gjeld desse tinga her. Det er her suksessen til Det Norske Teatret ligg. Teateret betyr meir for folk enn ein kanskje ved første augneskast ser. Og Det Norske Teatret er så bra at mange gløymer at det er eit nynorskprosjekt. 
– Ser du likskapar mellom film og teater? 
– Teateret er augneblinken sin kunst, film er jo ein mellomdistanse, der ein brukar lengre tid. Og publikumet møter filmar på ein heilt annan måte enn eit teaterstykke.

Optimisten melder seg også når ho snakkar om nynorsken si framtid.
– Eg er ikkje så pessimistisk som mange andre er, utfordringa er meir å velje dei rette kampane, trur eg.
– Stillinga til nynorsken er så delt, den er høgst vital somme stadar og meir svekka på andre område
Mest av alt lar ho seg provosere av at journalistane ikkje får lov til å skrive nynorsk i riksavisene.
– Når eg fortel det til folk som ikkje veit om det, seier dei ofte «hæ?», dei trur ikkje på at det er slik.
Ho peikar på medium som TV2, som har eit godt utval av ulike talemål og dermed blir eit bilete på å akseptere variasjonar.
– Me treng nokre døropnarar for at variasjonen skal bli akseptert i media. Målrørsla sentralt må ikkje sleppe taket i kampen om riksavisene. Lesarane må møte nynorsk i opne landskap også, ikkje berre i dei små og innelukka.
– Og kanskje ein må vere litt meir forsiktig med raudpennen? Eg er glad i eit korrekt språk sjølv, men det kan kanskje bli litt mykje.

– Kva forventingar har du til språkåret?
– Hm, kva skal eg seie til det? At eg er positivt avventande. Eg håpar ikkje me berre vil oppleve det som eit språkår, men at ein ser meir debatt og engasjement rundt språksakene over tid.

—————————————————————–

Sjølvmelding:
Alder: 47
Sivilstatus: Gift
Bur: Oslo
Les: Svært mykje!
Høyrer på: Frå rock via country til klassisk – ulik musikk ved ulike høve.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Telemark fylkeskommune skal bruka minst 40 prosent nynorsk

– Eit godt og forpliktande vedtak, seier Noregs Mållag. Telemark fylkeskommune skal vera språkleg nøytralt og bruka minst 40 prosent nynorsk, har det nyleg blitt...

Desse endringane kan kome for nynorsken

Eit nytt spørjeord og nye kjønn på substantiv er noko av det Språkrådet har føreslått. Du har kanskje fått med deg at Språkrådet ønskjer at...

Alle nye lover bør kome på nynorsk!

Det er nynorsken sin tur til å bli favorisert i lovtekstane. Nynorskprosenten må opp. Når Stortinget vedtek ei lov, er ho skriven anten på bokmål...

NRK klarte ikkje nynorskkravet på radio og nett

NRK klarte nynorskkravet på TV, men ikkje radio og nett. Norsk Målungdom etterlyser fleire nynorskjournalistar. NRK har eit krav om 25 prosent nynorsk på kvar...