Heim Nyhende Språk og fotball

Språk og fotball

For dei rundt 7 millionar katalanarane i og rundt Barcelona er det særleg to ting som skapar identitet: det katalanske språket og fotballklubben FC Barcelona.

Det språket folk gjerne kjenner som spansk, går i Spania under namnet kastiljansk. Dette er det einaste språket som blir brukt og forstått i heile Spania, men fleire regionar i landet har i tillegg sine eigne offisielle språk. Størst av desse er katalansk, som er offisielt språk i Catalonia og på øygruppa Balearane. Språket står veldig sterkt blant katalanarane. Dei fleste snakkar katalansk rundt middagsbordet, sjølv om alle også kan kastiljansk.

 

Kamp mot Madrid

Førsteamanuensis i spansk ved Noregs Handelshøgskole, Johannes Nymark, fortel at språket er ein viktig del av kampen mellom dei to tyngdepunkta i Spania.

– Madrid er det politiske maktsentret i Spania, medan Barcelona utgjer det økonomiske og industrielle maktsentret. Heilt sidan slutten av 1800-talet har dei to tyngdepunkta stride mot kvarandre. I Franco-tida frå 1939 til 1975 var kastiljansk det einaste språket som var lovleg å bruke, men katalanarane peika alt på slutten av 60-talet ut språket og fotballklubben FC Barcelona som dei viktigaste symbola i kampen mot Madrid, fortel Nymark.

Dette forklarar også noko av kjenslene som pregar «El Clásico», som oppgjera mellom FC Barcelona og Real Madrid blir kalla.

– I FC Barcelona må du vere katalanar for å vere valbar til styret, og tidlegare klubbpresident Joan Laporta starta eit eige parti som kjempar for katalansk lausriving frå Spania etter at han gjekk av i fotballklubben, seier Nymark.

Medvitne politikarar

Det er fleire grunnar til at språket står så sterkt blant katalanarane. Johannes Nymark peikar mellom anna på medvitne politikarar.

– I Catalonia er det lokale parti som styrer. Dei nasjonale partia, som sosialdemokratiske PSOE og konservative PP, har ikkje fått same fotfestet som elles i landet. Dei lokale partia er veldig nøye på at katalansk skal vere offisielt språk. Regionen har også eit sterkt næringsliv og mange arbeidsplassar. Mange har frykta at arbeidsinnvandringa, mellom anna frå Nord-Afrika, skulle føre til at språket blei svekka, men det syner seg at innvandrarane lærer seg katalansk. Tilflyttarar frå andre delar av Spania utgjer nok eit større trugsmål mot språket, meiner Nymark.

Også i andre regionar syner det seg at språket ikkje blir svekka av sterkt næringsliv og stor tilflytting.

– Baskarland opplever mykje av det same, men det baskiske språket står også sterkt. I Galicia, som er meir avhengig av primærnæringar, er det færre arbeidsplassar og lite tilflytting. Det galisiske språket er likevel på vikande front. Folk skjønar at det er viktigare å kunne kastiljansk om dei må flytte bort for å finne seg arbeid, seier Nymark.

Ikkje maktspråk

Johannes Nymark meiner det er fleire årsaker til at nynorsk ikkje oppnår same posisjonen som katalansk og andre regionale spanske språk.

– Brukarane av katalansk er samla i eit avgrensa geografisk område. Det er også rike og sterke krefter som står bak utbreiinga av språket, og det er offisielt språk i massemedia. Det manglar nynorsken. Nynorsk står relativt sterkt innan litteraturen, men er til dømes fråverande i dei store avisene. Nynorsk blir meir kulturspråk enn maktspråk, seier Nymark.

 

 

Førre artikkelUpopulært fag
Neste artikkelVil bli betre kommunar

NYNORSK INSPIRASJON

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

MEST LESE

Meir enn doblar tilskota til skulebibliotek

Frå i dag kan kommunar søke om midlar til skulebibliotek. Regjeringa har meir enn dobla potten, frå 50 til 103,2 millionar kroner. – Dette er...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Fleire foreldre i Rogaland vel nynorsk for borna sine

119 fleire førsteklassingar i Rogaland har nynorsk som opplæringsmål i dette skuleåret. Andelen nynorskelevar aukar blant dei yngste elevane. – Eit lurt val! seier nynorskagent...