Heim Nyhende Kommunikasjonen blir digital

Kommunikasjonen blir digital

Viss regjeringa får det som ho vil, skal snart all kommunikasjon mellom deg og forvaltninga skje via digital post.

– Du skal kunne sleppe å få brev frå det offentlege i den fysiske postkassen din. Regjeringa vil gjere digital post til hovudregelen når forvaltninga kommuniserer med innbyggjarane og næringslivet. Difor føreslår vi no endringar i forvaltningslova, seier fornyingsminister Rigmor Aasrud.

I dag er det slik at det offentlege må hente inn samtykke frå deg for å få lov å kommunisere med deg digitalt. I eit framlegg til endring i forvaltningslova, som blir lagt fram for Stortinget i desse dagar, ønskjer regjeringa no at du heller skal seie frå viss du ikkje vil kommunisere digitalt.

– Kvart år sender offentlege verksemder ut meir enn 125 millionar brev. Dette er både arbeidskrevjande og dyrt. Forslaget til regelendring er eit skritt i retning av ei fulldigital og meir kostnadseffektiv forvaltning, seier Rigmor Aasrud i ei pressemelding.

Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) er i gang med å etablere ei løysing for sikker digital post til innbyggjarane. 64 prosent av innbyggjarane i Noreg ønskjer å ta i bruk ei slik teneste, viser ei ny spørjeundersøking.

– I løpet av 2014 kan innbyggjarane få brev frå det offentlege i ein sikker, digital postkasse. Dei endringane i regelverket som regjeringa no føreslår er ein viktig føresetnad for å lukkast med å digitalisere offentleg forvaltning, seier Hans Christian Holte, direktør i Difi.

Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet tar sikte på at endringane blir sett i kraft 1. januar 2014. Forslaget er ein lekk i oppfølginga av digitaliseringsprogrammet regjeringa la fram i april 2012.

 

 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...