Heim Nyhende KrF seier nei til Sanners inntektssystem

KrF seier nei til Sanners inntektssystem

Kort tid før fristen for å søke om kommunesamanslåingar går ut, har kommunalminister Jan Tore Sanner (H) hatt eit forslag om endra inntektssystem ute på høyring.

 

Forslaget er kontroversielt og blir av fleire sett på som eit tvangsmiddel for å få fleire kommunar til å slå seg saman. No seier også Kristeleg Folkeparti klart frå at dette ikkje er noko dei vil vere med på.

– Regjeringa bør trekkje forslaget tilbake, seier partileiar Knut Arild Hareide til Nationen. I forslaget blir det skilt mellom «frivillige» og «ufrivillige» små kommunar, der dei som blir rekna som frivillig små blir straffa for å bli ståande åleine.

Partiet vedtok onsdag å seie nei til å gå inn i forhandlingar med regjeringa om stortingsmeldinga.

– Det er fordi vi meiner det ikkje er rett å komme med eit nytt inntektssystem no, så kort tid før fristen i ei viktig reform, seier Hareide. Han er samd med kritikarane som har omtalt inntektssystemet som eit tvangsmiddel for å få fleire kommunar til å slå seg saman. Oppfordringa hans til Jan Tore Sanner er klar: Trekk forslaget om endra inntektssystem.

– Eg meiner at vi ikkje bør få eit heilt nytt inntektssystem no, iallfall ikkje eit som påverkar prosessane i kommunane. Det kan vere behov for mindre justeringar, men det som blir lagt fram no er ikkje ei mindre justering, seier Hareide. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Programmet for Litteraturdagane er klart!

24.–27. september er det igjen klart for Litteraturdagane i Vinje. Tema i år er «liding». Ei rekkje forfattarar, føredragshaldarar og musikarar vil nærme seg...

Språkrådet: Stavekontrollane er framleis like dårlege – bryt opplæringslova

Språkrådet har testa skriveprogram som blir brukte i skulen. Resultata er like dårlege som i 2025. Ingen av programma som er testa, oppfyller kravet frå...

Vestland vil ha filmar med nynorsk teksting

Fylkestinget i Vestland meiner det er på høg tid at kinofilmar får nynorsk underteksting. Over 35 prosent av dei kommunale kinoane i Noreg ligg i...

Krev like vilkår for nynorsk og bokmål i regjeringa si nye KI-satsing

Nynorsk bedriftsforum reagerer på at den nye nasjonale satsinga KI Norge berre er tilgjengeleg på bokmål ved lansering. KI Norge, som vart lansert 12. juni...