Heim Nyhende Kulturdronninga

Kulturdronninga

Den nye kulturministeren tvitrar på nynorsk. Det har ho tenkt å halde fram med.

 

21. september kjem Hadia Tajik (29) ut på Slottsplassen saman med statsministeren og fire andre nye statsrådar. Ho smiler strålande i ei svart dobbeltspent jakke med ein fargerik bukett med blomar i armane. Det er AUF-leiar Eskil Pedersen som har gjeve blomane til den nye kulturministeren. Hadia har blitt Noregs yngste statsråd, fire år etter at ho vart den yngste rådgjevaren ved Statsministerens kontor nokosinne.

– Å gå ned den slottsplassen var både rart og fint. Fint fordi det var ein stor dag, men rart fordi det var noko eg aldri kunne førestilt meg skulle hende.

Hadia er utdanna journalist og har jobba i aviser som VG, Aftenposten og skrive spalte i Morgenbladet. Ho har vore medlem i AUF sidan 1999 og har mellom anna vore nestleiar av Rogaland AUF og leiar av Strand AUF. Som 23-åring vart ho utnemnd til politisk rådgjevar for tidlegare arbeids- og inkluderingsminister Bjarne Håkon Hanssen. Seinare har ho òg vore rådgjevar for Knut Storberget medan han var justisminister. Dei siste tre åra har ho hatt fast plass på Stortinget for Oslo Ap.

– Det å bli politikar skjedde gradvis. Då telefonen frå Hanssen kom, tenkte eg at denne sjansen kjem truleg ikkje igjen. Skulle eg gjere dette, måtte eg gjere det no. Dette var jo på den tida då eg eigentleg skulle vekk frå politikken. Eg skulle melde meg ut av AUF og satse på journalistikken, seier ho.

På slottsplassen denne bestemte fredagen avslørte statsminister Jens Stoltenberg at han hadde drøymt om å gje Hadia ein statsrådsplass heillt sidan ho arbeidde for han som politiske rådgjevar. Han kalla den unge politikaren, som har vakse opp i Bjørheimsbygd i Rogaland, både arbeidsam og nytenkjande. Av mange blir ho sett på som ein politisk komet og ei av stjernene på politikarhimmelen som skil seg noko ut.

– Alle er summen av eigne erfaringar. Det er klart at minoritetsbakgrunnen min med foreldre frå Pakistan og oppvekst i Bjørheimsbygd har forma meg. Jobben som kulturminister er den same, sjølv om ein er ung eller har ein annan bakgrunn, men det er klart eg skil meg ut, seier Hadia.

– Det er ei anna interesse for meg som person, og kanskje er det andre forventingar til meg. Eg har gjennom dei seks åra eg har hatt nasjonale politiske verv opplevd at det er somme som gjerne vil tileigne meg meiningar eg ikkje nødvendigvis har.

Den nye kulturministeren har fått kjent på kroppen korleis det er å vere den første muslimske statsråden i landet. Meiningane er mange, og debatten går til tider med høg temperatur. Det storma i alle fall då Siv Jensen refsa Hadia for å legitimere tvangsekteskap.

– Det var interessant at Siv Jensen hadde dette behovet for å finne ut om eg var norsk nok og om eg støtta menneskerettane. Jobben min er å vere ein så god kulturminister som mogleg, så vil kanskje ministrar i framtida sleppe unna slike krampetrekningar.

Samfunnsengasjementet starta tidleg. I 1999 melde ho seg inn i AUF, med skulepolitikk og antirasisme som kampsaker. Som 17-åring fekk ho det første vikariatet i kulturredaksjonen i Aftenposten. Som 17-åring skreiv ho om gettoen i Bygde-Noreg i Dagbladet. «Foreldra mine var dei første svartingane som flytta til bygda, og fekk derfor ganske mykje merksemd. Storfamilien gjorde sitt aller beste for å ta vare på dei nye maskotane sine», skriv ho.

– Det gjorde sitt at det var stortingsval det året, og at me fekk politikarbesøk og debattar på skulen. Det vekte ei interesse. Og eg vart glad i litteratur. Som barn og ungdom las eg det meste eg kom over. I Bjørheimsbygd kunne ein velje mellom å gå på bedehuset, på fylla eller på biblioteket. Då var valet enkelt.

Hadia drøymer om at enda fleire skal få tilgang til eit godt kulturtilbod i heile landet. Ho snakkar varmt om å legge eit så godt grunnlag for kulturløftet som mogleg.

– Me har dobla kulturbudsjettet sidan 2005. Målet er å nå 1 prosent av statsbudsjettet til kulturtiltak, i 2013-budsjettet kom me opp i 0,96 prosent.

For første gong la ho tidlegare i haust fram kulturbudsjettet.

– Det var sjølvsagt spanande, men det er viktig å huske på at dette blir laga gjennom eit heilt år. Dette budsjettet var nesten ferdig då eg tok over ministerposten. Budsjettet høyrer ikkje til nokon særskild minister, det vil vel alltid vere ting ein kunne gjort annleis, men det får eg i så fall kome attende til neste år.

Ho kjenner på at ho er audmjuk, både i høve jobben og oppgåvene.

– Til no har det vore mange «ut av meg sjølv-opplevingar». Berre det å vite kva ansvar som sit i veggene på kontoret, er ganske heftig.

Då Utdanningsdirektoratet gjekk ut på nyåret og varsla om at ein kunne forvente seg eit svekka sidemål, byrja Hadia å skrive nynorsk igjen i sosiale medium. Hadia ser på sosiale medium som dagens versjon av gatetorget. Det er der ho møter veljarane sine, og politikarane bør vere der folk er, meiner ho bestemt. Med over 23 000 fylgjarar på Twitter er ho godt synleg. Og det på nynorsk.

– Nynorsken si framtid er avhengig av oss, av alle oss som er opptekne av nynorsk. Det er viktig å bruke nynorsk på ein aktiv og inkluderande måte og å få fleire som er glade i nynorsken, til å bruke språket. Og ikkje berre til å seie eitkvart poetisk, men at ein kan bruke språket til å seie viktige ting med autoritet. Det er viktig. Og så håpar eg nynorske tekstar blir introduserte mykje tidlegare i skulen enn det blir gjort i dag.

Som stortingsrepresentant opplevde å ho å stadig oftare få e-postar og brev på nynorsk.

– Det kan sjølvsagt vere fordi det var fleire nynorskpersonar som skreiv til meg, men det kan óg godt vere eit bilete på at folk oppfattar meg som ein nynorskperson.

I haust er Hadia fast kommentator på Lnk.no. Her stiller ho blant anna spørsmålet: Kva har du gjort for nynorsken i det siste?

– Skulen legg grunnlaget for kva elevane meistrar, og dermed også for korleis framtida vert. Men debatten om nynorsken sin plass bør vere langt breiare. Kva er avisene si rolle? Mediehusa? Forlaga? Kommunane? Offentlege verksemder? Samfunnsaktørar som meistrar, men ikkje skriv nynorsk? For nynorsken klarer seg berre dersom aktørar i alle lag av samfunnet er med på å produsere relevant, god og viktig tekst på målforma.

Ho veit godt kor viktig språkmeldinga er for nynorskrørsla, og håpar ho kan vere med på å fylgje opp meldinga. Det blir viktig å få ei eiga språklov på plass. Ho vil bli viktig for å legge rammer rundt språkpolitikken. Det blir mellom anna sett både til Finland og Sverige, der dei allereie har slike lovar. Då bør i alle fall Noreg få si på plass.

Neste år går Språkåret 2013 av stabelen, noko Hadia ser fram til. I løpet av det året blir det arrangert over 100 små og store arrangement.

– Då bør eg klare å finne eit arrangement eller to som passar.

– Syns du det er viktig å reise rundt som kulturminister?

– Eg meiner det er ein føresetnad for ein kulturminister å reise rundt og bli kjend med kulturlivet i alle deler av landet.

No ser ho fram til at Anne Enger si utgreiing om korleis kulturpolitikken fungerer, skal bli ferdig. Då skal ho reise land og strand rundt saman med forfattaren.

Den unge kulturministeren drøymer om å utvide kulturbegrepet. Om å få debatt rundt fleire grundige og vanskelege kjernespørsmål i kulturlivet.

– Kultur handlar ikkje berre om opera og bibliotek. Desse er vel og bra, men kultur handlar også om spørsmål om ytringsfridom og den kulturelle breidda. Kultur er ikkje berre noko ein koplar av med, men noko ein koplar til med, både til samfunnet og til ditt eige kjensleregister.

Nett no handlar livet stort sett om jobben. Ein kulturminister må likevel ut og kjenne ting på pulsen somme gonger.

– Ein kulturminister som ikkje er ute og opplever kulturlivet, er ingen god kulturminister. Eg må forlate kontoret for å gå på konsert av og til.

Sjølv blir ho inspirert av menneske som er prega av integritet, som seier det dei meiner, uavhengig av om det er populært eller ikkje.

– Det er eit ordtak som seier at ein politikar ikkje berre skal fylgje folkemeininga, men òg skape den.

«I alle dagar» tenkte Hadia då statsministeren ringde for å høyre om ho ville kome til statsministerbustaden. Lite ante den unge politikaren at det lurte eit spørsmål om å bli minister bak statsministerdøra.

– Eg trudde han hadde nokre innspel til programarbeidet i Ap, der eg hadde vore med. Eg hadde halde eit føredrag same dagen, der han hadde notert flittig, og eg trudde det var det han skulle snakke om. Eg vart overraska, ja.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...