Heim Nyhende Kvar er Noregs mest attraktive stad?

Kvar er Noregs mest attraktive stad?

Statens pris for attraktiv stad skal delast ut for første gang i juni 2012. Alle kan kome med forslag til kva som er Noregs mest attraktive stad.

Føremålet med kåringa er å framheve og heidre kommunar eller andre aktørar som har vist vilje og evne til å skape ein levande og attraktiv stad for å bu, arbeide, drive næring og besøke. Kåringa skal bidra til å løfte fram førebilete som kan inspirere andre til innsats. Vinnaren får 250 000 kroner som skal gå til å utvikle staden vidare.

Prisen kan bli gitt til ein kommune eller andre aktørar som har involvert offentlege, private og frivillige krefter til gjennomføring av tiltak som har ført til kvalitetsmessig og estetisk opprusting av staden. Opprustinga har tatt vare på og vidareutvikla staden sin eigenart på ein nyskapande og berekraftig måte gjennom god utforming av fysiske omgjevnader. Tiltaka skal ha bidratt til å auke stadens attraktivitet og folk si oppleving av trivsel, tilhøyring og stoltheit for staden.

Kommunalminister Liv Signe Navarsete lanserte Statens pris for attraktiv stad hausten 2011. Juryen er leia av Erling Dokk Holm, som er forskar ved Markedshøyskolen og Arkitekthøyskolen i Oslo ved Institutt for urbanisme og landskap. Han er også spaltist i Dagbladet Magasinet og kommentator på byutvikling og arkitektur i Dagens Næringsliv. Juryen tek imot forslag fram til 12. Februar.

I Møre og Romsdal har fylkeskommunen i fleire år drive Tettstadprogrammet i samarbeid med kommunane. Fylkesordførar Jon Aasen har følgjande å seie om fylket sine sjansar i kåringa om å vere Noregs mest attraktive stad:

– Tettstadprogrammet har skapt stoltheit i mange bygder og med god grunn! Næringslivet sjølv er ein viktig samarbeidspart i fleire av prosjekta i fylket. Denne prisen skal heidre dei som gjer det lille ekstra for å skape attraktive stader, og eg vil nesten bli overraska dersom nokon er betre enn oss i Møre og Romsdal på dette, seier fylkesordføraren på nettsida til Møre og Romsdal fylkeskommune.

Meir informasjon om kåringa finn du hos Distriktssenteret.

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

Ber storsamfunnet syta for at retten til eige språk og kultur er reell

Landstinget til LNK Nynorskkommunane kom med støtte til samar, kvener, norskfinnar og skogfinnar. – Me i LNK Nynorskkommunane var samla til landsting same dag som...

Staten bryt språklova i kontakt med kommunane – både LNK, statsråd og mållagsleiar reagerer

Berre éin firedel av nynorskkommunane opplever at staten skriv mest nynorsk til dei. Den nye språklova har førebels ikkje gjort noko positivt utslag for...

– Stortinget hindra digital jamstilling for nynorsken

Det seier ein skuffa leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge, etter at den nye opplæringslova torsdag blei vedtatt i Stortinget.  – I ein skulekvardag...

Gratis teateroppleving på øyret – i samarbeid med dagsturhyttene 

Teater Vestland og dagsturhyttene samarbeider om å gi folk ei annleis teateroppleving i naturen.  Skogsopplevingar er ein 20 minutt lang podkast som du høyrer på ute i...