Heim Nyhende – Leiarar bør mista jobben for brot på målloven

– Leiarar bør mista jobben for brot på målloven

Ein rapport frå Språkrådet viser at over 160 statlege verksemder bryt målloven. Leiarar i det offentlege bør mista jobben når dei tilsette bryt målloven, meiner leiar i Noregs Mållag, Håvard Øvregård.

 

Ein rapport frå Språkrådet viser at det i gjennomsnitt er litt over 11 prosent nynorsk på statlege nettsider, noko som er langt under minstekravet i målloven om 25 prosent av den eine målforma.


Øvste leiar har ansvaret
– Når staten set krav til seg sjølv, forventar ein at det blir følgt opp. Her er det offentleg tilsette som ikkje gjer jobben sin, seier mållagsleiar Håvard Øvregård til NRK.

Øvregård meiner brot på loven bør få konsekvensar.

– Det eg ser på som det mest naturlege, som eg trur vil fungera best, er at sjefar som ikkje leverer må finna seg ein ny jobb, seier Øvregård.

For det er den øvste leiaren for kvart enkelt statsorgan som har ansvaret for at målloven blir respektert.

Ingen sanksjonar
Brot på målloven stiller ingen krav til sanksjonar. I 2007 kom regjeringa med forslag om å ta i bruk sanksjonar av meir negativ karakter overfor statsorgan som ikkje følgjer målbruksreglane. Seks år etter er det framleis ingen sanksjonar å sjå.

– Det er vanskeleg balansegang å driva sanksjonar, seier statssekretær i Kulturdepartementet, Kjersti Stenseng til NRK.

Ho meiner målloven ikkje har vore utan verdi, samtidig som ho ser behovet for fornying.

– Eg trur prosentdelen hadde vore lågare om me ikkje hadde gjort dei tiltaka me har gjort. No når me går gjennom språkloven, må me sjå om me kan finna meir konkrete verkemiddel for å få opp prosenten. Det er nok mykje me kan gjera både gjennom å samordna og driva aktivt tilsyns- og rettleiingsarbeid, seier Stenseng. (NPK)

 

 

 

 

NYNORSK INSPIRASJON

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

MEST LESE

Krev Google-handling frå regjeringa

Mållaget, Nynorsksenteret og LNK stilte tydelege krav då dei møtte statssekretær i Kulturdepartementet denne veka.  – Me veit at fleire skular har google-maskiner og bruker...

Ber om 36 millionar til nynorsk kulturløft

Nynorsk har ikkje kome godt nok ut av Støre si regjeringstid. No ber dei 21 medlemsinstitusjonane i Nynorsk forum om 36 millionar til eit...

LNK gler seg over pengar til læremiddel på nynorsk for vaksne innvandrarar – men det er behov for meir

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK Dir) lyser ut 1,5 millionar kroner til læremiddel som skal brukast i opplæringa i norsk for vaksne...
Blant klassane på nynorske barneskular som bruker nettbrett eller pc minst éin gong i veka, er det 77 prosent som bruker digitale læringsressursar og læremiddel som berre finst på bokmål. Foto: Pixabay

Språkrådet testa KI-språket – fann grovare og fleire feil på nynorsk

Språkrådet har testa kor god ChatGPT i bokmål og nynorsk. Kunstig intelligens (KI) pregar stadig meir av kvardagen vår – på jobben, på skulen og...