Heim Nyhende Lokkar turistar med mat og dialekt

Lokkar turistar med mat og dialekt

For meisterkokken Arne Brimi handlar dialekt om identitet.

 

Saka var først publisert i Norsk Tidend.

– I tolvte time kom Gyldendal og sa at det berre er éin person i Noreg som gjev ut kokebok på nynorsk. Og det er ho Ingrid (Espelid Hovig journ. mrk.), seier Arne Brimi.

Men den nynorske kokeboka Frå Lom til Lyon vart ein kjempesuksess. Sidan kokebokdebuten, som kom i kjølvatnet av Arne Brimi si Bocuse d’Or-deltaking i 1987, er klassikaren ifølgje forfattaren sjølv seld i rundt 200.000 eksemplar.

– Det kallast nynorsk det eg skriv, men for meg handlar det ikkje om nynorsk eller bokmål. For meg handlar det um dialekt.  

Brimi er oppteken av å skriva så nær talemålet sitt som mogleg. Noko som betyr at han ikkje finn seg riktig til rette i nynorsken, som han til tider finn kunstig.

LES OGSÅ: Arne Brimi om smakane du MÅ kunne

Gastronomisk dialektdistrikt
Me møter heile Noregs vagvær på rutebilstasjonen på Vågåmo. Vianvang senter for matkultur er stengt for sommaren, men Brimi har travle dagar for det.

– Kva er dialekt for deg?

– Identitet, kjem det konstant frå 60-åringen.

– Me lever i eit samfunn som er bygd på pengar, og skal vera i stadig vekst. Då vert på ein måte ikkje identitet verdsett. Alt ein ikkje klarar å setje kroner og øre på i dag, er ikkje bra, seier Brimi.

Men for kjendiskokken har nettopp denne identiteten vorte eit varemerke som lokkar tilreisande til bygda for å smaka på både mat og historier.

Serveringsstaden Vianvang vart påbyrja i 1998 og er i dag ein del av Brimiland. Saman med Vegard og Eva Brimi, som driv Brimi Fjellstugu, tilbyr Arne Brimi opplevingspakkar med mat og overnatting i Jotunheimen.

Sett med gastronomiske auge er ikkje kokken i tvil om at dei norske distrikta har mykje å by på.

– Det er spenninga mellom by og bygd som gjer gastronomien så grenselaus og spanande. Den store utviklinga i gastronomien i Noreg trur eg kjem i distrikta, seier Brimi, som spår at denne gryande trenden vil slå ut i full blom om nokre år.  

LES OGSÅ: Brimi Sæter til Berlin

Bokmålsforsøk
Etter tilbakemeldinga frå det første forlaget prøvde Arne Brimi faktisk å skriva bokmål, utan særleg hell.

– Eg fekk det ikkje til. Språket mitt blir for fattig. Eg har ikkje dei uttrykkja og vendingane. For meg vart det gale, seier Brimi, som no kan gle seg over at Universitetsforlaget kom på banen og gav ut boka slik forfattaren sjølv ville.

Då Universitetsforlaget i 2000 vart splitta opp og delt mellom Aschehoug og Gyldendal, fekk sistnemnde eigarskapet til slutt.

LES OGSÅ: Vil ha nynorsk i Midt-Gudbrandsdalen

TV 2-dialekta
Etter å ha vore fast innslag på det norske kokkelandslaget i fleire år, var det Tv2-programmet Gutta på tur (1995-2002), som for alvor gjorde Arne Brimi kjent for absolutt alle norske tv-sjåarar.  

– Det er jo slik at dialektene i norsk tv kom med TV 2, og særleg vêrdamene, slår Brimi fast.

På 90-talet fekk Brimi tilbakemeldingar på at tv-sjåarane ikkje forstod kva han sa, men det er ifølgje dialektentusiasten berre ei vanesak. Slike tilbakemeldingar har han fått heilt sidan han som 16-åring reiste til Lillehammer for å gå på skule.

Ifølgje Brimi sjølv ligg dialekta hans ligg ein stad mellom Vågå og Lom, der han som 17-åring starta yrkeskarrieren med sin første sommarjobb på kjøken.

– Det er nokre små forskjellar på dei få kilometrane du vandrar her. Men eg har mykje frå Lom. Det er på ein måte Lom og den kulturen der som har skapt meg som kokk.

LES OGSÅ: – Vågå-dialekta fekk ei viktig rolle

Vågåmålet
Men sjølv om han har henta mykje frå Lom – både når det kjem til språk og smak – har Arne Brimi framleis adresse i Vågå.

– Merka du den negative merksemda Vågå-dialekta fekk under straffesaka mot Rune Øygard i 2013?

– Det har vore ein forferdeleg prosess for oss som bur og har adresse i Vågå. Me er ei flott bygd og har frykteleg mange flinke folk. Ei bygd full av moglegheiter, og den saka der var krevjande for folk. Eg har ikkje fått avbestillingar på grunn av det. Men eg trur ikkje det er folk i min alder som merka det mest, men dei unge, som møter andre unge ute. Det er ikkje greitt å vera elleve-tolv år og koma på ein leirskule med folk frå andre stader og få den midt i andletet. Det er nok noko som fleire av dei aldri kjem til å gløyma, seier Brimi, som meiner saka var tragisk for mange partar.

Men dialektambassadøren meiner bygda har reist seg att og er glad for at folk framleis brukar dialekta.

Togturen
– Nei, eg trur det er jælma bra å ha dialekt. Det er éin av mange ting som gjer oss spesielle. Det er positive og negative sider, men det er stor takhøgd for dialekter i Noreg.

For Brimi er det viktig at folk får vera seg sjølve, difor tykkjer han at dialektmangfaldet i Noreg er så fantastisk. Men dialektentusiasten undrar seg over andre dalføre, som mistar dialekta si.

Så høyrer eg det at østfoldingane ikkje er stolte nok av dialekta si. At ho er fordummande. Det er synd, det er slik ei flott dialekt.

– Kva er det som gjer at folk er så stolte og flinke til å halde på dialekta si i Lom og Vågå?

– Det kan hende at me er litt treige då.

Brimi dreg litt på det.

– Nei, eg veit ikkje. Det går ikkje tog her. Du merkar godt at alle plassar toget har stasjon, vert det fort andre uttrykk, seier Brimi, som trekkjer fram Dombås og Otta som døme.

– Kva er det ordet du får mest respons på?

– Det er sjalottlauk og jælma. Mange trur at jælma er jævlig, men det er ikkje det. Det er eit fint ord. Så brukar eg det kanskje litt for mykje.

Men Brimi er ikkje mindre glad i sjalottlauken sin.

 Så eksponert som eg var i tv, så var sjalottlauken ei god greie å halda seg til. Til og med Aftenposten slutta å skriva sjalottlauk med ch-, no blir det skrive sjalottlauk med sj- i Noreg. 

Les også reportasjen vår frå Lom, der me stiller spørsmålet: Kvifor held nokre bygder på dialekta og andre ikkje?

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

Nynorsk teaterjubel i raudgrøn budsjettsemje

– Alle som er glade i nynorsk scenekunst, kan sende ein varm tanke og ei hjarteleg takk til Audun Lysbakken og SV. Det seier leiar...

Ny lærebok vil vise at nynorskopplæring er moderne

Lærarstudentar og norsklærarar som strevar med nynorsk får gjennom ei ny bok høve til å styrkje nynorskkompetansen sin. – Boka er sett saman av ulike...

Vel nynorsk for barnet ditt!

Er du ein av dei mange tusen føresette som veit at dette er siste året i barnehage, og neste haust er det skulestart? Kanskje...

Det nynorske næringslivet foreinar kreftene

Den nye medlemsorganisasjonen Nynorsk bedriftsforum skal vere eit landsdekkande nettverk av og for nynorskbedrifter. Målet er å betre dei språklege arbeidsvilkåra for nynorskbedriftene, slik...