Heim Nyhende Vil gjera Fredrikstad til nynorskhovudstad i aust

Vil gjera Fredrikstad til nynorskhovudstad i aust

Litteraturfestivalen «Hællæ nynorsk» har fått med seg Fredriksstad Blad på å omsetja ei heil eAvis til nynorsk.

 

– Eg brukar ikkje nynorsk aktivt sjølv, men er ein forkjempar for skriftspråket. Eg plar vise til Sør-Afrika, som har åtte skriftspråk. Då har me plass til to.

Initiativtakaren bak «Hællæ nynorsk», Njål Benkestoch Kjølholdt Gustavsen, er «berre 20 år ung», bystyrerepresentant for Fredrikstad Arbeidarparti og snakkar tilnærma riksmål.

På telefon med Framtida.no fortel han korleis han først byrja å interessere seg for nynorsk då han gjekk på vidaregåande i USA.

– Ein vert gjerne litt meir patriotisk i utlandet og eg følte at nynorsk var det som best identifiserte Norge. Slik vart eg interessert både grammatikken, dei historiske samanhengane og politikken.

LES OGSÅ: Amerikanske Olivia brukar norsk for å sjokkera

Nynorskutgåva
Nynorskentusiasten er spesielt nøgd med å ha sikra historias første nynorskomsetting av Fredriksstad Blad.

I samband med den nynorske litteraturfestivalen som vert arrangert 25.–27. oktober planlegg Fredriksstad Blad ei eiga nynorskavis.

Den 25. oktober vil abonnentane få den vanlege avisa i posten, men omsettarar frå Noregs Mållag vil setje om heile eAvisa til nynorsk. Den nynorske PDF-versjonen av avisa vert gratis nedlastbar og tilgjengeleg for heile landet.

– Måten folk i Fredrikstad pratar på er nok meir lik nynorsk enn bokmål som skriftspråk, utan at det er noko særleg bevisstheit rundt det. Me synest det er hyggjeleg å vere med å spegle det som skjer i byen. Det er viktig å synleggjera språket vårt, og avisa vil difor verte omsett etter ein østfoldtilpassa nynorskmal. Det er ei symbolsk handling for å visa at språk ikkje er noko statisk, seier redaktør René Svendsen.

Han fortel om ei lita overvekt av positive tilbakemeldingar, men òg om lesarar som fryktar at papiravisa berre skal verte tilgjengeleg på nynorsk.

– Så er det nokon som trur me brukar pengar på dette, men då kan me roa dei å seie at dette er det Mållaget som står for. Slike tilbakemeldingar kjem gjerne frå folk som er grunnleggjande kritiske til nynorsk, seier Svendsen, som ikkje er overraska over reaksjonane.

Mållagsleiaren, som sjølv er frå Fredrikstad og fast spaltist i avisa, meiner at Fredrikstad Blad viser mot, kreativitet og kulturelt vidsyn.

Les innlegget frå den ferske mållagsleiaren: «Hællæ frå den andre sida»

Dialektavisa
Men dette er ikkje første gongen Fredriksstad Blad tenkjer utfor den språklege boksen. Då redaksjonen i 2013 produserte heile avisa som dialektavis, blei det ein så stor suksess at avisa vart trykt i fleire opplag.

– Journalistane hadde blåmandag då dei skulle skrive vanleg bokmål igjen. Me lærte at det går an å uttrykke seg folkeleg på ein måte som treff lesarane, med ei språknorm som òg er tilfredsstillande for journalistane. Me er blitt modigare med språket i avisa, fordi me har sett at folk har akseptert det. Me føler ikkje det er vårt ansvar å føra eit konservativt bokmål, seier redaktøren, som mellom anna viser til artikkelserien «Folk i Fredrikstad», der 450 innbyggjarar får uttala seg i direkte sitat.

Dialektavisa var inspirasjonen då Bergens Tidende kom med ei eiga nynorskavis i høve 200-årsjubileet for Ivar Aasen. 

Positiv nynorsk
Med «Hællæ nynorsk» håpar initiativtakar Njål Benkestoch Kjølholdt Gustavsen å visa at nynorsk kan vera noko gøy – som òg høyrer heime i aust.

– Eg får mykje positiv merksemd, men og mange negative kommentar. Mange ser på skriftspråket som gammaldags, konservativt og assosierer det med akademia. Eg vil vise at nynorsk kan vere noko anna enn prøvar og tentamen. Ein annan fordom er at nynorsk er noko som berre høyrer til på Vestlandet.

Gustavsen meiner at østfoldsdialekta er nærare nynorsk enn bokmål, noko som burde gjera det til eit naturleg skriftspråk òg for østfoldingar.

– Fredrikstad er etter mi meining kulturhovudstaden på Austlandet. Min ambisjon er at det òg skal verta nynorskhovudstaden i aust, seier Gustavsen.

Mållagsleiar Magne Aasbrenn er positiv og viser mellom anna til at det ifølgje Sentio Research er kring 6000 nynorskskrivarar i Østfold.

– Dette er ambisjonane til ein ung mann, og ein kan tenke at dei er urealistiske – men så veit me alle korleis det gjekk med ambisjonane til unge Ivar Aasen og Mark Zuckerberg, så me “gamlisar” skal ikkje vera for skråsikre. Når det gjeld å bli nynorskbyen i aust er det ikkje slik at konkurransen er veldig stor, sjølv om Oslo må seiast å ha posisjonen no og kanskje er byen med flest nynorskingar totalt i landet, skriv Aasbrenn i ein e-post til Framtida.no.

NYNORSK INSPIRASJON

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

MEST LESE

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Nynorskhuset: Det nye, nynorske fyrtårnet

Denne helga opnar Nynorskhuset i Førde. Målet er rett og slett å bli eit nasjonalt kraftsentrum for språk og kultur. – Sogn og Fjordane er...

Nynorskbrukarar flest kjenner seg aksepterte og stolte – men 1 av 6 har fått negative tilbakemeldingar det siste året

Over 16 prosent av nynorskbrukarane har fått negative tilbakemeldingar for språkbruken sin det siste året. To tredjedelar av nynorskbrukarane er heilt einige i at dei...

Slutten for Ålesund som nynorskkommune: – Frykteleg synd

Ålesund har vore den største nynorskkommunen i landet sidan 2019. No vil det nyvalde fleirtalet i kommunestyret at kommunen skal bli språknøytral. Det skriv NRK...