Heim Nyhende Må tenkje nytt

Må tenkje nytt

– Der ein har attraksjonar, dit kjem folk, seier Randi Bårtveit, direktør ved Norsk Vasskraft og Industristadmuseum.

Bårtveit jobbar for tida med Oddaprosessen, eit prosjekt som skal bidra til at kulturminnet smelteverket i Odda blir brukt i utviklinga av lokalsamfunnet. Ho er oppteken av at ein må nytte dei ressursane og kreftene som allereie finst langs rv. 13 som magnetar for Diktarvegen.

Perleband

– Rv. 13 er eit perleband som går gjennom 16 kommunar. Det er nettopp diktinga, attraksjonane, dei gode historiene som avgjer om vi vel å reise i indre eller ytre strok, forklarar Bårtveit. Utfordringa for kommunane og reiselivsaktørane er å tenke nytt og annleis for å trekke folk til regionane som Diktarvegen dekkjer.

Ein måte å tenkje nytt på, er å kombinere aktivitetar som allereie finst til det beste for båe. Ho peiker då på Vossa Jazz som eit godt døme. I tillegg til å by på folkemusikk og jazz, tar festivalen opp i seg ekstremsporten, ei anna merkevare frå Voss.

Fleire forfattarar

Bråtveit er også oppteken av at aktørane må samarbeide og dra lasset i lag. Nasjonale Turistvegar vil vere ein naturleg samarbeidspartanar for Diktarvegen, aktørane og kommunane langs rv. 13, meiner ho.

Kommunane sitt bidrag i eit samarbeid er å vere gode og levande formidlarar. I den samanhengen etterlyser Bårtveit kvinnene i rv. 13.

– Vi har mange gode, nolevande forfattarar langs Diktarvegen som kan vere med og gi liv til Diktarvegen. Dei må vi bruke, seier museumsdirektøren.

NYNORSK INSPIRASJON

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

MEST LESE

Meir enn doblar tilskota til skulebibliotek

Frå i dag kan kommunar søke om midlar til skulebibliotek. Regjeringa har meir enn dobla potten, frå 50 til 103,2 millionar kroner. – Dette er...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Fleire foreldre i Rogaland vel nynorsk for borna sine

119 fleire førsteklassingar i Rogaland har nynorsk som opplæringsmål i dette skuleåret. Andelen nynorskelevar aukar blant dei yngste elevane. – Eit lurt val! seier nynorskagent...