Heim Nyhende Målpris til Per Gynt-stemnet

Målpris til Per Gynt-stemnet

Per Gynt – stemnet på Vinstra er tildelt Pris for offentleg målbruk 2007 frå LNK.

Næringsminister Dag Terje Andersen (Ap) delte ut Pris for offentleg målbruk 2007 til Per Gynt – stemnet og Eli Blakstad under årets Vågåseminar.

Prisen for offentleg målbruk vert delt ut annakvart år, og skal gå til ei offentleg verksemd som har gjort eit godt arbeid for nynorsken, eller til einskildpersonar som har utmerka seg.
I grunngjevinga frå LNK går det fram at årets vinnar av nynorskprisen i høgste grad er synleg i det offentlege rommet, til trass for at det er noko sesongprega.

Imponerande bredde

Per Gynt-stemnet vart første gong arrangert i 1928, sidan 1967 har kulturfestivalen vore arrangert årleg. Bak stemnet står Peer Gynt as, som er eit arrangements- og utviklingsselskap for kultur og næringsliv i Gudbrandsdalen.

Målsetjinga til selskapet er å tilby både det lokale, nasjonale og internasjonale publikummet opplevingar med rot i deira unike kultur, natur og tradisjon, alt med utgangspunkt i møtet mellom den internasjonale Peer og den historiske Per.

Årets stemne romma imponerande omlag 40 ulike arrangement og vart besøkt av omlag 30 000 menneske.

Av høgdepunkt under stemnet kan ein nemne konsert ved Rondane, litteraturforedrag, filmframsyningar, kurstilbod, utdeling av Øyvind Berghs minnespris og Vetl-Per statuetten, og sjølvsagt åtte framsyningar av sjølvaste “Peer Gynt”. Omlag 100 profesjonelle og 400 frivillige har arbeidd for å få til årets suksess-stemne.

Per møter Peer

LNK legg i grunngjevinga for prisen vekt på at stemnet sin bruk av nynorsk som administrasjonsspråk, deira bruk av dialekt under arrangementa og ikkje minst møtet mellom lokal kultur og impulsar utanfrå har vore avgjerande for at dei vert heidra med årets pris.

Administrerande direktør i Peer Gynt as, Eli Blakstad, meiner det er ærefullt å motta prisen, og viser ikkje minst til at den verkar både stimulerande og motiverande for det vidare arbeidet med stemnet.

– Sentralt i Per Gynt-satsinga i Gudbrandsdalen står møtet mellom den lokale Per, og Ibsens Peer. I dette skjeringspunktet er språket, historia og kulturen i dalen viktig. Språket vårt er ein viktig del av den kulturformidlinga me driv med, meiner ho og legg vekt på at festivalen står støtt i Gudbrandsdalen reint kulturelt, i tillegg til at ein vågar å heve blikket og gi stemnet eit internasjonalt preg. Blandinga av nynorsk og engelsk som scene – språk er eit godt døme på stemnets bredde.

Blakstad er ikkje i tvil om at nynorsk er eit eignande språk til formidling.
– Nynorsk formidlar oss, produksjonen vår og det me står for på ein god måte, seier ho, og avviser ikkje tanken på at ein no vil vurdere å utvide bruken av nynorsk i resten av organisasjonen.

– Å bruke nynorsk er flott, meiner ho.

Prisen er eit litografi laga av biletkunstnaren Ørnulf Opdahl og vart delt ut av næringsminister Dag Terje Andersen (Ap)  i samband med opninga av Vågåseminaret.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...