Heim Nyhende Mange kommunar har ingen kulturminneplanar

Mange kommunar har ingen kulturminneplanar

Riksantikvaren vil at fleire kommunar lagar kulturminneplanar. Dei siste åra har 189 kommunar fått støtte til å lage slike planar.

 

– Ein kulturminneplan er rett og slett eit godt arbeidsverktøy for kommunen. Gjennom arbeidet med planen aukar den lokale kompetansen, kulturminne vert sette på den politiske dagsorden og samarbeidet med lokalsamfunnet vert sterkare. Derfor har vi som mål at 90 prosent av alle kommunar skal ha ein kulturminneplan innan 2020, seier riksantikvar Jørn Holme.

Kulturminne for framtida

Ein kulturminneplan gir kunnskap om fortida og avklarer kva for kulturminne ein vil ta vare på i framtida. Med bakgrunn i ei oversikt over viktige kulturminne og kulturmiljø, utarbeider kommunen ein plan for forvaltninga av desse. Kommunane definerer sjølv kva for kulturminne som er verneverdige og som skal inngå i kulturminneplanen.

Sidan 2011 har 189 kommunar mottatt pengar til å utarbeide kulturminneplanar frå Riksantikvaren. Akershus, Hedmark, Oppland, Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Troms er fylke som har tatt eit særleg grep om denne satsinga og der mange av kommunane er i gang med arbeidet. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...