Heim Nyhende Med vindauga mot fjorden

Med vindauga mot fjorden

Jon Fosse (50) er ingen heimstaddiktar, meiner han sjølv. Han er poet. Han diktar.

Forfattar Jon Fosse har runda 50 år. Slikt blir det oppstyr av. I løpet av hausten har det blitt lansert portrettbok, blitt arrangert festkveld på Litteraturhuset, seminar og utstillingar.

– Det er ikkje måte på, meiner Fosse sjølv om markeringa og legg ikkje skjul på at han nyt feiringa best på avstand.

– Det blir sagt at du er blyg, stemmer det?

– Eg er nok blyg. Men ikkje berre det. Eg er blyg også. Og blygskapen i meg vil at eg skal halde meg unna. Og så er det noko anna i meg som gjerne vil vere med, i alle fall på festen, om ikkje på feiringa.

– Du tykkjer det er stas?

– Det hadde vorte altfor mykje for meg. Det har vel vore ein tjue–tretti tilskipingar, og eg har vore med på tre; ein samtale under Festspela i Bergen, ein samtale under Fosse-dagane i Strandebarm og så ei opplesing under Fosse-veka i Oslo. Det var nok for meg.

Han er blitt kalla vår tids Ibsen. Ingen samtidsdramatikar vert sett opp på så mange internasjonale scener som Jon Fosse. Tekstane hans er omsette til over 40 språk, og skodespela er sette opp meir enn 700 gonger over heile verda. Det skulle berre mangle om ikkje 50-årsdagen hans vert feira.

– Det å bli 50, er det noko å gle seg over, eller noko å frykte?

– Godt å bli femti. Det var på tide, slår den internasjonale forfattaren fast.

Portrettboka Poet på Guds jord, som Cecilie N. Seiness har skrive, er eit vindauga inn i livet til poeten, mennesket, vestlendingen og dramatikaren Fosse. Men det er ingen biografi.

– Nei, den er meir eit portrett eller ein introduksjon til meg og forfattarskapen min. Eg ville ikkje at ho skulle skrive nokon biografi, eg meiner eg er for ung til det. Og så vil eg gjerne skåna mine næraste. Men Cecilie og eg har avtalt at til syttiårsdagen skal ho skrive biografien. Eller før, om eg døyr før eg er sytti.

Litteraturen festa seg tidleg i Jon Fosse sitt liv.

– Eg byrja i tolvårsalderen med å skrive tekstar til melodiar eg skreiv. Og snart vart det også til at eg skreiv dikt og forteljingar. Eg skreiv ikkje så mykje i dei åra sjølvsagt, men litt vart det.

Resten er ei godt kjent historie. Guten frå Strandebarm i Hardanger har erobra internasjonale teaterscener med sine skodespel og er blitt kjent som dramatikar, poet og ordkunstnar. Men noko har han framleis med seg frå fjordriket. Ikkje minst minnet om å få servert steikt flesk og egg med steikte poteter og steikt lauk på kjøkkenet til bestemora. Og så sjøen. Oppveksten ved ein fjord i Hardanger og barndomen ved havet på Karmøy har sett sine spor. Til tider går det også mykje i maritim litteratur, noko som til slutt resulterte i kystskippersertifikatet.

– Men eg manglar praksis, sjølvsagt, likevel har eg no det sertifikatet Røkke mangla, seier Fosse.

Trass i at Hardanger, bygda Strandebarm og garden Fosse betyr mykje som landskap, språk og som mentalitet pregar det ikkje litteraturen hans direkte.

– Dikting som ikkje transcenderer sin heimplass blir heimstaddikting. Men sjølvsagt kjem alle som diktar frå ein plass. Men diktaren er noko heilt anna enn plassen, meiner han bestemt.  

Jon Fosse er ein privat mann. Han vernar om livet sitt, familien og kvardagen. Han vil helst ikkje snakke om dei to skilsmissene, dei fire barna eller kjærasten. Det er eit stort skilje mellom det private og det offentlege i Jon Fosse sitt liv. Skildre seg sjølv vil han heller ikkje, det får andre ta seg av. Han vil derimot snakke om litteraturen og dramatikken.

– Kva likar du best sjølv? Er det forfattaren, poeten eller dramatikaren som er den mest framtredande?

– Det er heilt klart dramatikaren som har hatt mest suksess i alle fall. Og kanskje er det dramatikken som er meg nærast. Mykje kan tyde på det. Men sjølv så meiner eg vel at alt heng saman på eit vis, det eine peikar mot det andre, liksom.

– Kva er det som driv deg og forfattarskapen vidare?

– Du kan så spørje. Det er nok slik at den eine teksten så å seie skubbar fram den neste eller den deretter. Skrivinga skriv seg sjølv, nesten.

Han finn til og med inspirasjon i sjølve skrivinga – saman med det rolege livet i Bergen og sjølvsagt utsikta mot sjøen. Det er med blikket retta mot bølgjene litteraturen blir til. Somme gonger gjev alt seg sjølv, andre gonger må han prøve og feile og ikkje gi opp.

– Eg berre byrjar å skrive, og så lyttar eg meg framover. Vel byrja, og etter ei stund, er det som om teksten er ferdig og eg berre må skrive den av, så å seie.

Om det er ein raud trå i diktinga? Det er mange trådar, raude og i andre fargar, slår Fosse fast. Alt heng på eit vis saman, både i den einskilde teksten, og tekstane imellom.

Verda ventar på Fosse. Den internasjonale interessa for å setje oppe eit Fosse-stykke er stor. Og Fosse prøver å reise litt, sjå og oppleve nye tolkingar av sine eigne tekstar.

– Eg reiser ikkje så mykje lenger. Men litt blir det. Eg er nyss heimkomen frå ein premiere i Firenze, og om ikkje lenge skal eg sjå ein produksjon i Stockholm, på Dramaten. Det var urpremiere der på eit stykke som så fint på svensk heiter Flicka i gul regnjacka. Kritikkane er svært gode, så eg gler meg.

Men han legg seg ikkje opp i det som blir framført på scena. Jon Fosse vil skrive i fred og la andre kunstnarar få halde på med sitt i fred. Sjølv meiner han det kanskje er grunnen til at han har eit så strålande godt tilhøve til teaterfolk. Men heilt upåverka er han ikkje.

– Det gjer ein lykkeleg når det blir godt teater og om ikkje nettopp ulykkeleg når det blir dårleg teater, ja så er det i alle fall ikkje stas.


Litteraturen til Jon Fosse er ikkje berre dramatikk,
det er også dikt, prosa, romanar og barnebøker. Nyleg kom han med ei ny barnebok, Spelejenta.

– Den største utfordringa med å skrive barnelitteratur er å ikkje skrive ovanfrå-og-ned, vere pedagogisk. Ein skal dikte også for barna. Dei er menneske dei òg, små menneske som står poesien nærare enn dei fleste store.
Fosse omset også litteratur.

– Eg likar godt å omsetje. Det å dikte kan vere slitsamt, og som omsetjar får eg gjere det eg kan utan å måtte dikte. Og det å få skrive seg inn i stor dikting slik ein gjer når ein omset, er eit veldig privilegium. Nett no arbeider eg elles med ein versjon av Goethes Faust for Stockholm Stadsteater. Eg skriv på nynorsk, og så blir min tekst omsett til svensk.

Språket er ikkje tilfeldig. Nynorsken står Jon Fosse nær. Eit språk som fell seg heilt naturleg for han.

– Nynorsken er det viktigaste i livet, som eg seier. Og berre litt på fleip.

– Du har sagt at nynorsken døyr ikkje?

– Det er berre slik, det. Det er ikkje noka meining. Det einskilde mennesket døyr, men språket, det lever vidare. Eg døyr, men nynorsken, som eg er del av, og som er del av meg, han lever vidare. Eit enkelt faktum.

– Kunne du skrive bokmål?

– Eg kan og kunne nok det. Men ikkje så lenge eg heller kan skrive på nynorsk.


Han ser opp til alle gode kunstnarar,
levande som døde. Og trekk fram Olav H. Hauge og Samuel Beckett som det næraste han kjem eit førebilete. Spesielt Beckett, både i dikting og liv.

– Er det ein tekst som har gjort ekstra inntrykk på deg gjennom eit langt diktarliv?

– Den nynorske i­­­-målsbibelen, Indrebø-bibelen, har nok vore viktig for meg. Og då eg var ung, gjorde dikta til den austerrikske lyrikaren Georg Trakl stort inntrykk.

– Det er mykje suksess i denne historia, kva er du minst nøgd med?

– Eg vart i si tid lokka til å skrive eit filmmanus for det som då heitte Norsk Film. Eg gjorde det, og eg trur framleis det er eit godt manus, kalla for Bad Moon Rising, men ingen regissør har vågd seg på det, eller så har ikkje finansieringa lukkast. Det er det første og siste eg har skrive for film.

SJØLVMELDING
Namn: Jon Fosse
Alder: 50
Bur: Bergen
Aktuell: Fylte 50 år tysdag 29. september og vert i haust markert med portrettbok og om lag tretti tilskipingar over heile landet. Sjølv held han seg helst på avstand under feiringa.
Les: Alt mogleg. Sjølvsagt mykje litteratur og filosofi, det var det eg studerte, men elles les eg om emne som interesserer meg. Nokre år var det mykje maritim litteratur, for tida er det buddhisme, og då særleg zenbuddhisme.
Høyrer på: Stilla! Vinden, sjøen. Eg likar å ha det stilt rundt meg. Og eg høyrer sjeldan på musikk, ser lite på fjernsyn og høyrer lite på radio.
Førebilete: Kanskje Olav H. Hauge litt, eller førebilete blir vel feil ord. Samuel Beckett er kanskje det næraste eg kjem eit førebilete. I dikting som i liv.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...