Heim Nyhende Mobiliserer for lokal litteratur

Mobiliserer for lokal litteratur

Etne Bibliotek slår på stortromma og samlar 25 forfattarar og redaktørar av lokale bøker.

 

22. til 23. november inviterer bibliotekssjef i Etne Marit Rønnevik til bokfestival og julemesse i samarbeid med Skakke – senter for skule, idrett og kultur.

– Me lagar denne festivalen for å løfta fram den lokale litteraturen, spesielt faglitteratur om regionen.  Det kjem ut så mykje flotte fagbøker lokalt som kjem heilt i skuggen av bestseljarane, seier ho.

– Lokale bokhandlarar gjer mykje få å fram lokal litteratur, men når kjedebokhandlarane overtar med innkjøparar utan interesse for det lokale og med fokus på forteneste, blir det endå meir einsretting, mindre plass til lokale uttrykk og tema, og større sjansespel for forlaga å gje det ut. Men dette er viktig litteratur som gjev kunnskap om kultur, historie, landskap, næringar og tradisjonar hos oss. Litteraturen gjev oss ei sterkare kjensle av å høyra til og setja pris på staden der me bur og han gjer det mogeleg å formidla det vidare til nye generasjonar og til dei som har flytta hit, slik at dei forstår meir om staden der dei bur.

Marit Rønnevik meiner det handlar om at mindre område, lokalsamfunn og miljø også må ha høve til ytringar og litteratur.

– Lokal litteratur er ofte vanskeleg å finna fram til, produsert av idealistar på små forlag utan store marknadsføringsbudsjett. Det gjeld også for biblioteka, der den viktigaste leverandøren av bøker ikkje ser seg råd til å tilby lokal litteratur. Ein slik festival kan difor også bli ein viktig salskanal, seier Marit Rønnevik.

Sydvest bokfestival og julemesse har til saman 40 programpostar. Det blir føredrag, juleverkstad for born, kafe, demonstrasjonar og kurs, song, musikk og kino – i tillegg til salsutstilling.

På ståande fot veit ikkje Marit Rønnevik om andre festivalar som har ein rein lokal profil slik som denne. Festivalen let seg gjennomføra takka vera stor dugnadsinnsats og støtte lokalt.

– Me håpar på tilreisande frå heile Sydvest-regionen, ei viktig målsetting med festivalen er å bli ein møteplass for alle som skriv og formidlar uansett form – trykt, digitalt, lyd eller film, eller har idèar om det og treng hjelp og inspirasjon til å koma i gang. Etne er ein naturleg møtestad ettersom det er mogeleg å koma hit for svært mange i dei fire distrikta utan altfor lang reise, avsluttar biblioteksjefen i Etne folkebibliotek.

Frå programmet:

Leseglede frå barndom til notid, ved Anne Karin Fonneland.

Rogaland under okkupasjonen. Daglegliv under krigen, ved Jan-Petter Helgesen.

Båten i Sunnhordland, ved Tore Lande Moe.

Peder Bakar får seg bollemaskin, ved Ingvild Sjo Englatrollet Elea er modig. Program for barn frå 3-8 år. Ved Janne Nerheim.

Garborg og Skou, ved Marit Elisebet Totland.

Høgdepunkt frå årbøkene

Gamle bilete vart til store slektsbøker

Nord-Huglo båtbyggeri

Les meir her!

NYNORSK INSPIRASJON

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

MEST LESE

Krev Google-handling frå regjeringa

Mållaget, Nynorsksenteret og LNK stilte tydelege krav då dei møtte statssekretær i Kulturdepartementet denne veka.  – Me veit at fleire skular har google-maskiner og bruker...

Ber om 36 millionar til nynorsk kulturløft

Nynorsk har ikkje kome godt nok ut av Støre si regjeringstid. No ber dei 21 medlemsinstitusjonane i Nynorsk forum om 36 millionar til eit...

LNK gler seg over pengar til læremiddel på nynorsk for vaksne innvandrarar – men det er behov for meir

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK Dir) lyser ut 1,5 millionar kroner til læremiddel som skal brukast i opplæringa i norsk for vaksne...
Blant klassane på nynorske barneskular som bruker nettbrett eller pc minst éin gong i veka, er det 77 prosent som bruker digitale læringsressursar og læremiddel som berre finst på bokmål. Foto: Pixabay

Språkrådet testa KI-språket – fann grovare og fleire feil på nynorsk

Språkrådet har testa kor god ChatGPT i bokmål og nynorsk. Kunstig intelligens (KI) pregar stadig meir av kvardagen vår – på jobben, på skulen og...