Heim Nyhende Nynorsken sigra i Møre og Romsdal

Nynorsken sigra i Møre og Romsdal

Nynorsken vann med 25 mot 22 røyster då Fylkestinget behandla saka om å verte språknøytral.

 

Måndag debatterte Fylkestinget i Møre og Romsdal om fylkeskommunen skal gå bort frå nynorsk som administrasjonsspråk.

Fleire av partia var delte i meiningane og voteringa enda med 25 røyster for framleis nynorsk administrasjonsspråk, medan 22 representantar stemte for språknøytralitet.

LES OGSÅ: Blir Ålesund nynorskby?

–  Språk er makt
Forslaget om språknøytralitet vart fremja før jul av Ålesunds-politikaren Monica Molvær (H).

– Me snakkar om behovet for modernisering og forenkling av offentleg sektor. Som ein del av det meiner eg det er på tide at dei som jobbar i fylkesadministrasjonen slepp å bruka tid på språkvask og korrektur, sa Molvær ifølgje Sunnmørsposten den gongen. 

Til NRK Møre og Romsdal seier Molvær no at ho respekterer avgjerdsla, men at det ikkje må bli ei forskjellsbehandling.

Politikarane frå KrF, SV, Venstre og Senterpartiet stemte alle for å halde på nynorsken, medan Ap, Høgre og Frp var meir splitta. 

Forkjemparar for språknøytralitet peika på at heile 70 prosent av elevane i den vidaregåande skulen i Møre og Romsdal har bokmål som hovudmål og at språknøytralitet vil gjere rekrutteringa enklare.

Fylkestingsrepresentant for Høgre, Peder Gjerstad, var ein av dei som kjempa for språknøytralitet, trass i at han har hatt nynorsk som hovudmål i heile oppveksten.

– Eg har ikkje noko påtrengande behov for å pressa nynorsk på andre. Fylkesrådmannen har sjølv stadfesta at det er folk som har takka nei til jobb på grunn av kravet om nynorsk. Dette handlar om å seie nei til forbod mot bokmål, sa Gjerstad ifølgje NRK.

Fylkesvaraordførar (V) Gunn Berit Gjerde frykta på si side at språknøytralitet i praksis ville vorte bokmål.

– Ein overgang frå nynorsk til språknøytralitet vil få konsekvensar. Fleire vil slutta å bruka det. Eit språk opprettheld seg ikkje sjølv. Språk er makt. Språk har alltid vore brukt i fridomsskampar. Nynorsk vart brukt i kampen mot danskeveldet og mot kansellispråket. Bokmåsidentiteten er ikkje truga. Det er nynorskidentiteten som er truga, sa Gjerde frå talarstolen.

LES OGSÅ: Mobiliserer for framleis nynorsk i Møre og Romsdal

Nynorske heimesider
Vedtaket inneber at nynorsk framleis skal bli brukt i alle saksframlegg, alle møteprotokollar, årsrapportar og alle overordna planar. I tillegg vil Fylkeskommunens heimesider, annonser, utlysningar og publikasjonar vere nynorske.

Elles står avdelingane fritt til å velja målform, men ifølgje mållova skal det offentlege alltid svara brev på mottakaren si målform. 

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Gratis nasjonal leseaksjon på nynorsk

Tid for ti er ein nasjonal leseaksjon for elevar på 7. og 8. trinn. Elevane får utdelt ein antologi på papir med utdrag frå ti...

Statsbudsjettet: Alt ligg til rette for nynorskpakke

Alle dei raudgrøne partia foreslår no å løyve millionar til ulike nynorsktiltak i sine alternative statsbudsjett. Dette blir teke svært godt imot av Nynorsk...
LNK håpar no på at stortingsfleirtalet vil auka støtta til arbeidet for barn på nynorsk. Foto: Andreas Haldorsen/Wikipedia/CC BY-SA 4.0-lisens

Fleire parti med nynorskstøtte i alternative statsbudsjett

Alle partia som skal forhandla med Arbeidarpartiet om statsbudsjettet vil gi millionar i støtte til fleire nynorsktiltak. Alle partia på raudgrøn side har lagt fram...

Nynorskstafetten i Ryfylke og på Jæren

Nynorskstafetten er på rundreise i Rogaland i november. Noregs Mållag og Norsk Målungdom fyller opp ein stafettbil med materiell og folk i nynorskens teneste. Nynorskstafetten...