Heim Nyhende Nynorsknorma vedteken

Nynorsknorma vedteken

Kulturdepartementet har i dag godkjend framlegget om ny rettskrivingsnorm for nynorsk.

 

 

Rettskrivingsnorma har vore gjennom ein lengre prosess, før Språkrådet la fram sitt framlegg i vår.

Dette er ein liten flaggdag for viljen til å bli samde, seier Språkrådet. – Vi i Språkrådet meiner vi gav statsråden eit godt råd, og vi er svært glade for avgjerda, seier styreleiar i Språkrådet, Ottar Grepstad.

Språkrådet oppretta i si tid ei nemnd som skulle leie arbeidet med rettskrivingsnorma, og nemnda har vore leia av Grete Riise og sekretær Aud Søyland. Brukarar har kunne kome med innspel undervegs, og forslaget til ny norm var ute på ei brei høyring i vinter. I alt har meir enn 1000 personar vore involvert i prosessen, seier kulturminister Anniken Huitfeldt i ei pressemelding i dag.

Den nye rettskrivinga inneber ikkje at språkbrukarar flest må endre mykje på innlærte språkvanar. Truleg vil dei aller fleste kunne skrive om lag som før.

– Det viktigaste nye er at systemet med valfrie former blir enklare ved at omfanget av slike former no blir likt for alle. Det skjer ved at ein avskaffar sideformene, dei formene som i dag står i skarpe klammer i ordbøkene, og som ikkje er tillatne i lærebøker til bruk i skulen og i statlege dokument. Tilsvarande systemendring vart gjort i bokmål i 2005, og no kjem altså nynorsken etter, forklarar Anniken Huitfeldt .

I det nye systemet går mange sideformer ut av rettskrivinga, men mange blir også oppgraderte til fullverdige valfrie former som kan brukast av alle. Samla sett inneber dette at valfridommen blir noko større for statstilsette og lærebokforfattarar, men noko mindre for alle andre. Det er også gjort andre systemforenklingar og justeringar som vonleg vil gjere det lettare å skrive nynorsk også for dei mange usikre språkbrukarane og dei som har nynorsk som sidemål.

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Gratis nasjonal leseaksjon på nynorsk

Tid for ti er ein nasjonal leseaksjon for elevar på 7. og 8. trinn. Elevane får utdelt ein antologi på papir med utdrag frå ti...

Statsbudsjettet: Alt ligg til rette for nynorskpakke

Alle dei raudgrøne partia foreslår no å løyve millionar til ulike nynorsktiltak i sine alternative statsbudsjett. Dette blir teke svært godt imot av Nynorsk...
LNK håpar no på at stortingsfleirtalet vil auka støtta til arbeidet for barn på nynorsk. Foto: Andreas Haldorsen/Wikipedia/CC BY-SA 4.0-lisens

Fleire parti med nynorskstøtte i alternative statsbudsjett

Alle partia som skal forhandla med Arbeidarpartiet om statsbudsjettet vil gi millionar i støtte til fleire nynorsktiltak. Alle partia på raudgrøn side har lagt fram...

Nynorskstafetten i Ryfylke og på Jæren

Nynorskstafetten er på rundreise i Rogaland i november. Noregs Mållag og Norsk Målungdom fyller opp ein stafettbil med materiell og folk i nynorskens teneste. Nynorskstafetten...