Heim Nyhende – Reiselivet må våga å tenkja nytt

– Reiselivet må våga å tenkja nytt

 – Reiselivet må våga å tenkja nytt uavhengig av korleis næringa har vore driven og organisert tidlegare, seier Eigil Ulfsøn Rian. Han er prosjektleiar for omstruktureringa av norsk reiseliv.

For vel eitt år sidan lanserte nærings- og handelsminister Trond Giske den nye reiselivsstrategien til regjeringa. Der blei det teke til orde for ei kraftig omorganisering av næringa. Det er denne prosessen Rian leier frå kontoret til departementet i Oslo.

For å få ei meir robust reiselivsnæring meiner regjeringa det nødvendig med færre og større reiselivsselskap.

Seks regionale selskap
Departementet tenkjer seg at den nye reiselivsstrukturen skal byggjast rundt seks regionale selskap. Dei seks regionale selskapa omfattar Nord-Noreg Midt-Noreg, Fjord-Noreg, Sør-Noreg, Fjell-Noreg og Aust-Noreg.

– Under desse vil vi ha eit visst tal destinasjonsselskap som dekkjer eit definert område med attraksjonar, bedrifter og reisemål, seier Rian.

I dag finst det mellom 200 – 300 reiselivsselskap i Noreg. Når omorganiseringa er ferdig, reknar han med at talet kanskje er redusert til 50 – 60.

Heftig debatt
Nyheita om det kraftige kuttet i talet på reiselivsselskap har mange stader ført til ein heftig debatt om omstrukturering og lokalisering.

– Det er å starta i heilt feil ende, slår Rian fast.

Viss diskusjonen byrjar med kvar hovudkontoret skal liggja og kva selskap som skal vera med, er han redd saka låser seg og at prosessen ikkje kjem vidare.

– Etter kvart som vi har fått ut meir informasjon om kva som er det viktigaste, har diskusjonen roa seg veldig, seier han, og strekar under at tanken først og fremst er å få til kompetanseheving og meir målretta tenking slik at pengane kan brukast på ein betre måte.

– I dag blir altfor mykje av pengane brukte på dobbeltarbeid og administrasjon, seier han.

Prosjektgrupper viser veg
For å planleggja korleis omlegginga skal gå føre seg, er det oppretta seks prosjektgrupper rundt om i landet.

– Gruppene er sette saman med representantar frå fylkeskommunane, kommunane og ikkje minst frå små og store innan reiselivsnæringa, seier Rian.

Det betyr at alt frå Hurtigruten og dei største hotellkjedene til små bedrifter med ein og to tilsette kan vera representerte.

Han fortel at representantane er valde ut etter at mange har kome med innspel til kven som bør vera med for å ta vare på dei ulike interessene.

– Kva er jobben til prosjektgruppene?

– Oppgåva deira er å utarbeida ein forretningsplan som viser den nye strukturen – heilt uavhengig av strukturane som eksisterer i dag.

Rian strekar under at alt dreier seg om korleis vi skal få ei meir berekraftig og lønsam reiselivsnæring.

– Er det nokon tidsplan for når arbeidet skal vera ferdig?

– Planen er at dette skal vera gjennomført innan fem år, men eg håpar og trur alle forretningsplanane vil vera ferdige neste år.

I slutten av mai får han ein peikepinn om arbeidet er i rute. 29. mai inviterer nemleg departementet til konferanse i Oslo om erfaringane så langt.

Ingen tvang
Å følgja den planlagde forretningsplanen som prosjektgruppene kjem fram til er ingen tvang, men Rian meiner absolutt det løner seg.

– Det er sikkert nokon som seier at det vil vi ikkje. Det kan ikkje vi påleggja dei, men vi kan påverka det gjennom pengestraumen. Er du ikkje innanfor den framtidige strukturen, må du syta for di eiga finansiering. Ein kommune som er ekstremt økonomisk sterk, kan sjølvsagt gjera det, men då melder du deg på ein måte ut av fellesskapen. Dette dreier seg jo ikkje berre om pengar. Det handlar like mykje om kunnskap, kompetanse og system. Det må vi ikkje gløyma, seier prosjektleiaren.

Han strekar under at målet først og fremst er å få frigjort midlar til å heva kompetansen og bruka pengane på rett måte.

– Ikkje minst handlar det om å skaffa seg kunnskap om korleis ein skal vidareutvikla seg for å få dei gjestene vi har definert at vi vil ha; Dei som betalar meir for produktet, seier Eigil Ulfsøn Rian. Han er overtydd om at det er mogleg å få både fleire nordmenn og fleire utlendingar til å feriera i Noreg og til å leggja att meir pengar. (NPK)

 

 

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...