Heim Nyhende Språkdyrkaren

Språkdyrkaren

 

Solfrid Borge er ordførar i Noregs største frukthage. I tillegg skal ho dyrka nynorsken som ny leiar i LNK.

 

Nynorsken står sterkt i Hardanger. I Ullensvang herad er det lett å snakka om nynorsk og målkamp, det er eit språk folk forstår. Det er her i Noregs største frukthage,midt mellom Folgefonna og Hardangerjøkulen, at den nye leiaren i LNK bur. Solfrid Borge brenn for språket sitt og gler seg til nye utfordringar.

 

– Det vert veldig spanande. Eg har vore med i styret lenge og kjenner organisasjonen godt. Eg trur det vert viktig å minna medlemskommunane om at dei treng LNK.

 

– Det er viktig å pleia medlemmene, og me må vera med på å styrka språkopplæringa i kommunar, stat og fylke. Me har ei oppgåve i å gjera medlemmene våre gode på språk, slår Ullensvang-ordføraren fast.

 

Ullensvang er ikkje eit stort herad i folketal, men derimot i areal. Med om lag 3500 innbyggjarar fordelte på 1398 kvadratkilometer er Ullensvang eit stort herad, men likevel eit der alle kjenner alle.

 

– Det er både fordelar og ulemper med det. Det er godt å ha god oversikt, men me kan sjølvsagt verta for små også, seier Solfrid.

 


Heradet ho er ordførar i,
er nesten som teke ut av eit Tidemand og Gude-måleri. Her er dei majestetiske fjella, lange fjordane, blømande frukttrea og ikkje minst dei kvite snøfennene som møter heradet frå kvar sin kant. Det kan nesten verta for mykje av det gode.

 

– Me er rike på flott natur,og er omkransa av både fjell og fjord, men det er ikkje nok i seg sjølv. Me prøver stadig å gjera tenestetilbodet vårt endå betre. Eg meiner Ullensvang er eit godt herad å bu og veksa opp i for ungane, og at det er ein god plass å vera for dei eldre. Det opptek meg heile tida at innbyggjarane skal ha det godt.

 

– I eit så lite herad er ein vel ordførar heile dagen?

 

– Eg er ordførar uansett, ja, om eg er ute som privatperson eller på jobb. Det er på godt og vondt, det. Eg har jo opna opp for det sjølv, har sjølv bestemt at terskelen ikkje skal vera så høg.

 

Det er få dagar som er like for ein ordførarar. I sist veke under landstinget til LNK på Voss viste vekeplanen til Solfrid møter i både Regionalt næringsfond, Hardangerrådet, formannskapet i Ullensvang og i radonprosjektgruppa. Alt det i tillegg til tre dagar på landsting. Som ordførar er det mange forventningar ein skal innfri, og mange stadar ein bør vera synleg. Vert kvardagen for hektisk, reiser Solfrid langt inn på Hardangervidda, sommar som vinter. Då er det tid for å vera mest Solfrid og litt mindre ordførar..

 


Tidleg på 80-talet tok
lokalpartiet i Senterpartiet kontakt for å høyra om ho ikkje kunne tenkja seg å verta politikar.

 

– Eg veit ikkje om eg var politisk engasjert på den tida, eg vil vel heller kalla det samfunnsengasjert, men det er vel to sider av same sak?

 

Sidan har det vorte åtte år i heradsstyret, og sidan 2003 har ho sete i ordførarstolen.

 

– Kva med dei politiske ambisjonane?

 

– Nei, det får halda med å vera ordførar her, seier ho og viser indirekte til at ambisjonane utover det får ligga.

 

Men hjartesakene er på plass. Ho snakkar seg varm om arbeidet med å bygga ny barnehage i kommunesenteret Kinsarvik og for å få fleirbrukshallen på plass i same bygda. Også livet i heradet etter at Hardangerbrua, som skal gå frå Brimnes til Bruravik, er på plass, engasjerer Senterparti-ordføraren. I tillegg kjem språket.

 

– I Ullensvang har me ein målbruksplan på plass, men han må snart reviderast. Ein må fylgja med heile tida, slår ho fast.

 

– Og me har språklege utfordringar. Det kjem tilflyttarar som arbeider som sakshandsamarar, lærarar og i barnehagane, som ikkje er så gode i nynorsk. Me som kommune har ei viktig oppgåve i å syta for at dei vert gode nynorskbrukarar. Det er ingenting som er så flott som når kommunane klarer å gjennomføra nynorsk i alle ledd.

 


Solfrid meiner vidare
at ein må byrja tidleg, alt i barnehagealder, dersom ein skal klara å skapa medvit om kor viktig språket er.

 

– Me i LNK må arbeida aktivt med dette. Me må reisa rundt og tilby kurs, både i barnehage, skule og i administrasjonar. Mange som jobbar der ute, er einsame, me må gjera det til ei fellessak i kommunane.

 

Til hausten er det val, og saker som sidemål og språket i vaksenopplæringa vil verta sentrale. Solfrid har klokkartru på at sidemålet overlever, og meiner nynorskkommunar som tilbyr vaksenopplæring på bokmål, er ei viktig målgruppe for LNK sitt arbeid.

 

– Språket i vaksenopplæringa er viktig for integreringa. Mange seier dei ynskjer å ha undervisninga på bokmål fordi det er det lettaste. Men eg undrar meg mange gonger på om det verkeleg er slik for innvandrarar som kjem til nynorskkommunar?

 

– Er det ikkje enklare å læra seg nynorsk når det er det ein brukar i resten av bygda?

 

Solfrid er fødd i Hardanger og har halde seg i Ullensvang nesten heile livet. Ho har økonomiutdanning og har ei brei arbeidserfaring. Blant anna har ho det ho sjølv kallar ein kort karriere på Hotell Ullensvang, og ho har 11 år bak seg i Hardanger Bestikk, som held til i Kinsarvik. I dag er Hardanger Bestikk den største skandinaviske produsenten av bestikk i rustfritt stål.

 

– Det er ei mønsterbedrift og ein hjørnestein i Ullensvang. Ei bedrift å vera stolt over, seier Solfrid.

 

Seinare vart det 26 år i heradet. Ho har vore innom dei fleste etatar ein har i Ullensvang, og veit difor mykje om det interne livet der ho er ordførar. Ho har også vore aktiv i mange organisasjonar i kryssingspunktet mellom distrikt, kultur, språk og samferdsle. Eit døme på det var prosjektet Diktarvegen.

 

– Kvifor dette engasjementet?

 

– Fordi det er interessant, lærerikt og spanande å vera med.

 

– Kva drøymer du om?

 

– «Det er den draumen me ber på», og den vil eg bera for meg sjølv, seier Solfrid bestemt.

 

Ein kan berre tippa at både frukthagen, Ullensvang og nynorsken er ein del av den draumen.

————————————–

Sjølvmelding:

Namn: Solfrid Borge

 

Alder: 54

 

Sivilstatus: mor til 2+3 bonusbarn, mormor til 2 og «lesta besta» til 4

 

Les: boka om Dronninga

 

Høyrer på: nesten alt av musikk

 

Vert inspirert av: ungdommane våre

 

Førebilete: Vår vyrde dronning, ho er eit kunnskapsrikt, engasjert og flott menneske

 

 

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...