Heim Nyhende Vil styrke nynorsken

Vil styrke nynorsken

Venstre-leiar Trine Skei Grande vil ta i bruk nynorsk i fleire fag enn berre norskfaget.

– Kva blir den viktigaste språksaka fram mot stortingsvalet i 2013?
Det kjem nok til å handle mykje om nynorsk og karakterar i skulen.

– Kva blir den viktigaste nynorsksaka?
Eg trur det generelt kjem til å handle om nynorsken si stilling. Om me skal styrke eller svekke ho. Venstre vil styrke stillinga gjennom mellom anna å ta i bruk nynorsk i fleire fag enn berre norskfaget.

– Kva tenkjer du om framtida til sidemålet og sidemålskarakteren?
Dersom me får ei mørkeblå regjering av Høgre og FrP, kan det sjå mørkt ut. I ei blågrøn regjering kor Venstre får påverknad, vil sidemålet verte styrka og karakter i sidemål framleis vere tilfelle. For oss handlar det om språkleg fridom og mangfald. To målformer er ein fordel etter Venstre sitt syn.

– Kva tenkjer du om framtida til mållova?
Venstre har ikkje planer om å endre mållova, men vi registrerer at Høgre har teke til orde for ei oppmjuking.

– Kva trur du blir den viktigaste utfordringa for nynorskkommunane framover?
Eg trur dei kan ha store fordelar ved å profilere seg som noko anna enn ein vanleg kommune. Utfordringa deira ligg i kva som skjer med sidemålet framover. Det har dei høve til å påverke gjennom å setje nynorsksaka på dagsordenen.

– Korleis påverkar språksakene eit eventuelt regjeringssamarbeid etter valet?
Det er som kjent usemje blant dei borgarlege partia om stillinga til nynorsken. Men vi plar å verte samde. For Venstre er det viktig å verne om nynorsk og å syte for at nynorsk vert teken i bruk, til dømes i fleire fag i skulen.

Me utfordrar partileiarane på kva dei meiner blir den viktigaste språksaka fram mot stortingsvalet 2013. 

Tidlegare:

Krf: Vil skape betre haldningar

H: Vil behalde mållova

Ap: Bør satse på skulen

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...