Heim Nyhende Skal gi nynorskråd i kommunereforma

Skal gi nynorskråd i kommunereforma

Tidlegare Etne-rådmann Elling Hetland er engasjert av LNK for passa på nynorsken i kommunereforma.

 

Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) har fått i oppgåve av Kommunal- og moderniseringsdepartementet å gi råd om korleis nynorsken ikkje skal bli skadelidande av kommunereforma.

Elling Hetland er no engasjert av LNK som rådgjevar.

– Eg skal følgja med på kva som skjer rundt kommunesamanslåing i dei områda der ulike samanslåingsalternativ kan påverka den språklege situasjonen, eller få konsekvensar for nynorsken framover. Det vil vera spesielt i område der det er bokmålskommunar og språknøytrale kommunar som utgreier samanslåing med nynorskkommunar, seier Hetland.

Aktiv aktør og rådgjevar

Elling Hetland meiner det er viktig å ha med seg språkproblematikken inn i utgreiingane av samanslåing og ha eit medvite forhold til nynorsken, når det i løpet av våren 2016 skal takast avgjerder. Arbeidet hans skal også leggja grunnlag for å gjera LNK til ein aktiv aktør og rådgjevar inn mot dette arbeidet.

Elling Hetland jobbar no i første omgang med å oppdatera policydokumentet som LNK har utarbeidd og byggjer vidare på arbeidet som er gjort der.

– Eg har òg brukt litt tid på å finna ut kva som er status og kva alternativ som det blir jobba vidare med i dei aktuelle områda, der samanslåingar kan få konsekvens for nynorsken i ein eller annan retning.

Etterlyser innspel frå medlemskommunar

Elling Hetland tar gjerne imot innspel frå medlemskommunane til LNK, eller andre, som utgreier samanslåing eller har innspel til korleis ein kan sikra nynorsk språk for framtida og ta omsyn til dette i dei utgreiingsarbeida som føregår.

– Korleis kan ein sikra at nynorsken ikkje blir skadelidande ved ei kommunereform, slik Kommunalkomiteen skreiv det i Kommuneproposisjonen for 2015?

– Me må først og fremst ha eit medvite forhold til språk, også i arbeid med kommunereforma, særleg i dei områda der samanslåingar kan påverka språksituasjonen.  Det må på dagsorden og det må gjerne lagast planar for korleis språket skal takast vare på og styrkast i den nye kommunestrukturen framover. Språket er under press frå mange hald i dag, ikkje berre som følgje av kommunereforma. Blir det ikkje sett på dagsorden, tatt omsyn til og tatt med inn i drøftingane, på same vis som resten av identiteten og kulturen i samband med utgreiingsarbeidet, blir lett dei viktige språklege tilhøva gløymde.

– Alle treng trening

Elling Hetland har jobba i Etne kommune i nær 20 år. 11 år som rådmann.

– Korleis sikrar ein at tilsette skriv eit godt nynorsk?

 – Det er allereie på skulen det grunnlaget blir lagt. Me må stimulera til å halde trykket på basiskunnskap som lesing og skriving.

– Vidare handlar det om å ha eit medvite forhold til språk. Det må framleis vera naturleg å stilla krav til munnleg og skriftleg framstilling ved tilsetjing. Men det er få som blir gode og presterer godt utan å trena. Så i tillegg til å ha system og kultur i organisasjonen for gje tilbakemeldingar, også på språk, og ikkje berre på innhaldet i dokumenta, må me øva – og ikkje vera redde for å bruka ordboka.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...