Heim Nyhende Slik vart Seljord Årets nynorskkommune

Slik vart Seljord Årets nynorskkommune

Det var barnehagesatsinga som sikra Seljord prisen Årets nynorskkommune 2010.

Ordførar Solveig Sundbø Abrahamsen er glad for at kommunen er heidra med prisen Årets nynorskkommune 2010, men meiner prisen også forpliktar. Søknaden som Seljord sende Kommunal- og regionaldepartementet, viser at kommunen satsar på språkstimulering i både barnehage og skule. Samstundes er kommunen oppteken av at tilsette i administrasjonen skal bruke eit enkelt og godt nynorsk.

– Me kan nok langt på veg takke barnehagesatsinga for nynorskprisen. Det er avgjerande å byrje tidleg skal ein klare å styrkje nynorsken, seier Abrahamsen.

Bevisste på språk

Kommunen har over tid hatt eit eige prosjekt for å styrkje språksatsinga i barnehagane, der ein særleg har lagt vekt på bruken av lokal kulturarv og identitet. Alle tilsette i Seljord har fått utdelt eit sett språkpermar, ein teoriperm, og ein praksisperm. Praksispermen skal vere ein idébank og inneheld ein oversikt over metodar og materiell som barnehagane i Seljord brukar, med vekt på forteljingar, segner, eventyr, regler og rim.

– Erfaringane med prosjektet er udelt positive. Det er viktig å gjere dei tilsette i barnehagane bevisste på at dei skal formidle nynorsk litteratur og historier på dialekten vår. Me trur det er viktig å jobbe systematisk og målretta med dette.

Nynorskfond

I tillegg satsar barnehagane på kurs og fagtreff om forteljarteknikk og barnebøker på nynorsk. På ynskjelista står eit kurs om nynorske barnesongar. Det kan bli mogleg no, sidan prisen Årets nynorskkommune blant anna inneber ein premiesum på 100 000 kroner til kommunen.

– Litt av pengane skal i tillegg brukast på eit språkprosjekt i ungdomsskulen. Me ser utfordringa i at fleire elevar ynskjer seg bokmål etter kvart som dei blir eldre. Difor må me satse på ungdomsskulen no, seier Abrahamsen.

Kommunen søkte våren 2010 Nynorsksenteret om stønad til eit nynorskprosjekt som rettar seg mot 9.-klasse. I prosjektet skal elevane skrive saman med ein etablert forfattar. Til slutt håpar dei å samle tekstane i ei ungdomsbok. Skulen og barnehagane samarbeider dessutan med folkebiblioteket i kommunen, som tilbyr forfattarbesøk til skulane og satsar på å kjøpe inn det som kjem av nynorske barne- og ungdomsbøker. Kommunen samarbeider også med Mållaget, som til dømes deler ut bøker til alle 4-åringar.

– I tillegg er det viktig at barna har gode førebilete i nynorskambassadørar, understrekar ordføraren og viser til brørne Odd og Åsmund Nordstoga som gode døme.

Kommunen planlegg i tillegg å setje nokre av prispengane inn på eit fond som skal vere med og styrkje nynorsken som skriftspråk.

Håpar på kurs

For dei språklege utfordringane finn ein også i Seljord.

Det går ein debatt i lokalavisa no, der elevorganisasjonane ynskjer å fjerne sidemålet, noko som i mange tilfelle betyr nynorsk. Nynorsken er under sterkt press her òg. I media er det jo i stor grad bokmål, dialekten vår blir stadig utvatna, og me ser meir engelsk, både munnleg og skriftleg.

Som mange andre kommunar slit også Seljord med å rekruttere personell med nynorskkompetanse.

Me har stor innflytting til kommunen, og mange er bokmålsbrukarar, noko som kan vere ei utfordring, sidan all informasjon, sakshandsaming og planverk skal vere på nynorsk. Kommunen har som målsetjing å gjennomføre språkkurs for dei tilsette. Abrahamsen nemner at dette også kan vere noko prispengane kan brukast til.

Skårar høgt

Kommunalminister Liv Signe Navarsete (Sp) er imponert over den prisvinnande kommunen.

– Juryen har vurdert kandidatane grundig. Særskilt vil eg trekkje fram at vinnaren Seljord kommune driv godt språkarbeid for barn. Eg håpar prisen vil styrkje bruken av nynorsk både i Seljord og i andre kommunar i Telemark, seier Navarsete i ei pressemelding.

Navarsete legg også vekt på at kommunen ligg i eit tradisjonelt nynorskfylke, men der nynorsken mange stader likevel er under press.

– Seljord skårar høgt både når det gjeld kommunale planar, nynorsk i kulturarbeid og tidleg nynorskinnsats blant barn, seier Navarsete.


Seljord kommune:

2961 innbyggjarar

711 km2

Del av regionen Vest-Telemark, som består av seks kommunar. Seljord er kjent som eit handelssenter i regionen.

Kjent for Dyrskun og Sjøormen.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Jubel for 16 000 medlemer i Mållaget

Medlemsauken i Mållaget held fram, og 12. desember nådde Noregs Mållag 16 000 medlemer for fyrste gong sidan 1985. – Medlemer er sjølve grunnlaget for ein...

Nynorsken held stand – fleire lyspunkt enn utfordringar

I 2023 hadde Noreg 72 498 nynorskelevar i skulen, ein nedgang på rundt 9000 samanlikna med 1993 då talet var 81 668. Samstundes har bokmålselevar...

Gledeleg med viktig nynorskstøtte frå SV

SV vil prioritera fire millionar til nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar og éin million i støtte til Noregs Mållag. – Det svært gledeleg at SV...

Leselyst, formidling, skule og bibliotek på Falturiltuseminaret

Falturiltu-seminaret samlar forfattarar, forlagsfolk, fagfolk, forskarar, studentar, lærarar, bibliotekarar og andre som jobbar med formidling av nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Meld deg på no! Torsdag 7.11...