Heim Nyhende Små og rike vil ikkje dele

Små og rike vil ikkje dele

Små kommunar ønskjer ikkje å slå seg saman med nabokommunar. Hovudårsaka til dette er at små kommunar er rikare, meiner BI-professor Rune Sørensen.

Bare ein tredel av lokalpolitikarane i dei minste kommunane (færre enn 3000 innbyggarar) ønskjer å slå seg saman med ein eller fleire av nabokommunane. Til samanlikning ønskjer seks av ti lokalpolitikarar i folkerike kommunar (meir enn 20 000 innbyggarar) seg ei kommunesamanslåing. Dette kjem fram i ei analyse Sørensen har gjort av ei undersøking gjennomført i 2011.

– Dette er omvendtland. Små kommunar har mest å vinne, men er minst entusiastiske. Slo småkommunar med mindre enn 5000 innbyggarar seg saman, ville alle innbyggarane få eit betre offentleg tenestetilbod, seier Sørensen til Forskning.no.

Årsaka til dette er at det er meir kostbart å drive små enn store kommunar. For å ivareta spesialiserte oppgåver effektivt må kommunane ha eit visst befolkningsgrunnlag, skriv Forskning.no.

– Mindre administrasjon og betre drift av tekniske tenester kan gi fleire og betre tenester, hevdar BI-professoren.

Rune Sørensen har gjennomført eit studium av inntekter per innbyggar i norske kommunar i høve til kommunestorleiken i perioden frå 2001 til 2009.

– Småkommunar er mest velståande og har høgare inntekt per innbyggar enn dei store, påvisar kommuneforskaren i dette studiet.

Ifølgje Sørensen skuldast det at staten gir høgast inntektsoverføring til små kommunar. Innbyggarane i små kommunar er meir nøgde med kommunale tenester enn innbyggarane i større kommunar. Sørensen meiner det skuldast forskjellar i kjøpekraft.

– Høgare kommunale inntekter gir betre tenester, og det er det som forklarer kvifor innbyggarane i småkommunane er meir tilfredse, seier han.

I Noreg er det per i dag 429 kommunar. NHO-direktøren har tidlegare uttalt at han ønskjer å redusere talet på norske kommunar. Samstundes er SV-leiar Bård Vegard Solhjell open for tvungen kommunesamanlåing.

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Hurra for Hudd på nynorsk!

Det norske sosiale mediet Hudd er no tilgjengeleg på nynorsk. Med nær 200 000 brukarar i Skandinavia tek selskapet endå eit steg i arbeidet...