Heim Nyhende Språkrøkt skal gi enklare NAV

Språkrøkt skal gi enklare NAV

Enklare språk og faste kontaktpersonar vil bidra til å lette kvardagen for Nav-brukarane, fastslår ei ekspertgruppe.

 

Arbeids- og sosialminister Robert Eriksson (Frp) er positiv til forslaga frå den regjeringsoppnemnde gruppa og seier han er innstilt på å følgje dei opp raskt.

– Vi må gi betre hjelp til dei med kroniske sjukdommar og sikre at hjelpa kjem til rett tid. Forslaget om at foreldre med alvorleg sjuke barn bør få ein eigen Nav-rettleiar synest eg er interessant og godt, seier Eriksson til NTB.

Statsråden er også opptatt av at kommunikasjonen mellom Nav og brukarane må bli betre.

– Det er eit stort problem at mange brukarar i dag ikkje skjønar kva som står i breva frå Nav, seier han.

– Usikre

Kompliserte skjema og brev gjer brukarane usikre og fører til unødvendig mange meldingar til Nav-kontora, fastslår ekspertutvalet som er leidd av tidlegare NHO- og KS-topp Sigrun Vågeng.

– Hovudproblemet vi finn, er at Nav kommuniserer på ein måte som gir usikre brukarar. Det gjer at dei må kontakte Nav på nytt, og at møta blir meir spente enn nødvendig, seier Vågeng til Aftenposten.

Sjølv om fleire er nøgde med Nav no enn tidlegare, er det framleis mange misnøgde brukarar, seier ho.

– Det er nesten underleg at Nav – som skal hjelpe oss om vi hamnar i ein vanskeleg livssituasjon – scorar dårlegare enn for eksempel Skatteetaten som krev inn pengar av oss.

– Gammalt nytt

Utvalet foreslår i tillegg å betre tilgangen til nett- og telefonkontakt mellom Nav og brukarane og å styrkje brukarmedverknaden. I tillegg rår dei til at Nav blir flinkare til å rettleie brukarar som sender inn mangelfulle søknader.

– Eg er svært nøgd med at ekspertgruppa kjem med enkle og konkrete forslag som kan betre møta brukarane får med Nav, seier Eriksson.

Arve Kambe frå Høgre som leier arbeids- og sosialkomiteen på Stortinget, er ikkje like imponert.

– Sjølv om mange av forslaga er gode, så har dei vore kjende lenge. Difor ventar eg at ekspertgruppa arbeider vidare og kjem med fleire gode og konkrete forslag. Mangel på nye idear og betre løysingar gjer at forventningane mine til sluttrapporten frå Nav-utvalet blir høgare, seier Kambe.

Eriksson medgir at forslaga har vore framme i debatten tidlegare, men strekar under at det berre er snakk om ein delrapport og viser til at sluttrapporten først skal liggje føre i mars neste år. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Årsmelding for LNK 2025: Rekordmange medlemsbesøk og prosjekt

Det har vore stor aktivitet i LNK i 2025. Nettstadene våre har nådd over 700.000 brukarar i løpet av året. Me har hatt rekordmange...

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...