Heim Nyhende Språkrøktaren

Språkrøktaren

Ragnhild Bjørge (36) gler seg til å forma stillinga som språksjef i NRK.

 

– Gratulerer med ny jobb. Korleis blir det å tre inn i rolla som språksjef i NRK? 

– Det vert spanande, utfordrande og interessant. Det er eit privilegium å få lov til å vera med og utvikla ein av dei viktigaste språk- og kulturinstitusjonane i Noreg framover, og det er spanande å få utforma ei slik stilling. For det er ingen som har vore språksjef i NRK tidlegare.

– Korleis er språksituasjonen i NRK i dag?

– Me veit at dei som høyrer og ser på oss, seier at dei er godt nøgde med språket i NRK. Samstundes veit me at det likevel er for mykje feil i språkbruken vår til at eg synest at me skal vera nøgde. Språket er med på å gje tillit og tiltru til det me formidlar. Dersom ein tekst er full av skrivefeil eller ein journalist brukar feil ord eller bøyer eit verb feil, så er det noko folk hengjer seg opp i, og som dreg ned heilskapsinntrykket. Og dersom me bruker for vanskelege ord, byråkratspråk eller til dømes hentar teksten frå ei pressemelding frå politiet, er språket ofte lite tilgjengeleg, og det skapar avstand til den me snakkar til.
Og så har me jo opna for dialektbruk. Det gjev oss andre utfordringar. For kvar går grensene for kva som er rett og feil der? Og når er noko for vanskeleg til at folk over heile landet forstår det? Og kvar er balansegangen mellom normert språk og dialektbruk? NRK skal ta vare på begge deler.

– Kva er det første du vil endra på i ny jobb?

– Alle avdelingar i NRK har eigne språkkontaktar. Det er journalistar som gjev råd og rettleiing, svarar på spørsmål, får i gang ordskifte og arbeider for å gjera språket betre. Det er veldig viktig at språkkontaktane har godt med tid og rom til å jobba med språket, og det må eg hjelpa dei til å få.
Så er det sjølvsagt mange andre utfordringar som står i kø: dialektrøkt, rettskriving, byta ut kjeldespråk med eit meir levande og fargerikt språk, framføring osb. Dette må eg diskutera med språkstyret, og så må me saman finna ut i kva rekkjefølgje me vil ta tak i ting.

– Du kjenner NRK godt frå før, kor verdifullt er det?

– Eg trur det er bra at eg kjenner til organisasjonen. NRK er mangfaldig og har mange ulike utfordringar. Det at eg har jobba her i mange år, gjer i alle fall at eg kan bruka kortare tid på å orientera meg, og at det vonleg er lettare for folk å ta kontakt med meg.

– Er språk ein «snakkis» i NRK-gangane?

– Det varierer nok frå redaksjon til redaksjon. Eg håpar me skal snakka mykje meir om språk framover. Språket er trass alt det viktigaste verktøyet me har, og korleis me bruker det, avgjer om og korleis me når fram til folk.

– Blir det meir nynorsk i NRK når du tek over som språksjef?

– NRK har framleis ikkje nådd kravet om minst 25 prosent nynorsk i alt me sender og publiserer. Det skal me, så meir nynorsk må jo vera ein klar målsetnad.

– Korleis kan me få inn meir nynorsk i nasjonale medium?

– Gode nynorskbrukande journalistar og skribentar er kanskje det aller viktigaste. Men dei må jo òg krevja å få bruka språket sitt. Så må redaktørar og styre snart sjå på nynorsk som eit språk nordmenn brukar og lever med, og som dei sjølvsagt vil lesa. Det er òg viktig å visa at folk vil lesa, sjå og høyra nynorsk i media, og der har forbrukarane ei viktig rolle. For NRK er det viktig å visa at nynorsk er eit heilt normalt, fullgodt bruksspråk, som kan og skal brukast til alt, nett som bokmål. Vonleg vil fleire andre mediehus og redaktørar også sjå det etter kvart.

————————————————————————————————–

Namn: Ragnhild Bjørge
Alder: 36
Yrke: Journalist
Aktuell med: Byrjar snart i jobben som NRK sin første språksjef

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Jubel for 16 000 medlemer i Mållaget

Medlemsauken i Mållaget held fram, og 12. desember nådde Noregs Mållag 16 000 medlemer for fyrste gong sidan 1985. – Medlemer er sjølve grunnlaget for ein...

Nynorsken held stand – fleire lyspunkt enn utfordringar

I 2023 hadde Noreg 72 498 nynorskelevar i skulen, ein nedgang på rundt 9000 samanlikna med 1993 då talet var 81 668. Samstundes har bokmålselevar...

Gledeleg med viktig nynorskstøtte frå SV

SV vil prioritera fire millionar til nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar og éin million i støtte til Noregs Mållag. – Det svært gledeleg at SV...

Leselyst, formidling, skule og bibliotek på Falturiltuseminaret

Falturiltu-seminaret samlar forfattarar, forlagsfolk, fagfolk, forskarar, studentar, lærarar, bibliotekarar og andre som jobbar med formidling av nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Meld deg på no! Torsdag 7.11...