Heim Nyhende Usikker framtid for Norsk Ordbok

Usikker framtid for Norsk Ordbok

Dei siste to binda i 12-bindserien Norsk Ordbok skal vere ferdige i 2014. Kva som skjer med ordboka etter det er det ingen som veit.

Det er Klassekampen som i dag set søkelys på prosjektet Norsk Ordbok 2014, som i dag er finansiert med midlar frå Kulturdepartementet, og som ligg som eit forskingsprosjekt under Universitetet i Oslo.

Hovudredaktør for ordboka, Oddrun Grønvik, seier til avisa at det ikkje er nokon som ønskjer at ordbøkene og

Norsk Ordbok 2014 manglar no berre to av tolv bind på å vere ferdige. Nett-ordboka vart dessutan lansert i fjor, og den hadde 6,5 millionar oppslag i mars i år.

Forsvinn ikkje

Det er ikkje slik at alt dette forsvinn etter 2014, men det vil ikkje vere nokon der til å vedlikehalde bokverka og programvaren når prosjektet er slutt, forklarar Oddrun Grønvik.

Viss det ikkje er nokon plan for desse når prosjektet med å få ordbøkene på plass er ferdig neste år, er ho redd dei vil hamne hjå Riksarkivet. Og der er det berre rom for oppbevaring, ikkje drift. Grønvik etterlyser no eit politisk initiativ til å skape eit nasjonalt arkivverk for dei norske språksamlingane.

Tidsavgrensa

Verken Kulturdepartementet eller Universitetet i Oslo kan i dag love midlar til vidare drift etter at prosjektet «Norsk Ordbok. Ordbok over det norske folkemålet og det nynorske skriftmålet» er ferdig i 2014. Kulturdepartementet peiker på at dei har løyva 120 millionar kroner til prosjektet dei siste 12-13 åra, og at dette er løyvingar som er knytt konkret til det tidsavgrensa prosjektet. Etter dette er det Universitetet i Oslo som har ansvar for språksamlinga, seier statssekretær i Kulturdepartementet Kjersti Stenseng (Ap) til Klassekampen si papiravis i dag.

Fungerande instituttleiar ved Institutt for lingvistiske og nordiske studiar (ILN) ved Universitetet i Oslo, Andreas Sveen, seier på si side at ILN er eit stort institutt med mange oppgåver å ta vare på, og mange økonomiske prioriteringar som må takast. Dette er avvegingar som styret må gjere, seier Sveen, og han vil ikkje spå noko om kva dei vil gjere.

Les meir om saka i Klassekampen

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Årsmelding for LNK 2025: Rekordmange medlemsbesøk og prosjekt

Det har vore stor aktivitet i LNK i 2025. Nettstadene våre har nådd over 700.000 brukarar i løpet av året. Me har hatt rekordmange...

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...