Heim Nyhende – Utkant-Noreg kan lykkast med tilflytting

– Utkant-Noreg kan lykkast med tilflytting

– Med rett fokus og samanhengande innsats over lang tid kan også utkantbygdene lykkast med tilflytting, meiner bygdeforskarar.

Det er konklusjonen i den ferske rapporten «Tilflyttarar til Utkant-Noreg». Rapporten er skriven av bygdeforskarane Dag Jørund Lønning, Johan Barstad og Rhys Evans, som alle arbeider ved Høgskulen for landbruk og bygdenæringar på Klepp i Rogaland.

Kritisk til påstandar

Dei tre forskarane stiller spørsmål ved påstandane om at regionale vekstsentra er det som må til for å få folk til å flytta til i Distrikts-Noreg.

Gjennom rapporten sin meiner dei å kunna visa at dette ikkje er tilfelle. Rapporten tek utgangspunkt i tilflyttingsarbeidet i den vesle bygda Finnøy i Hamarøy kommune i Nordland.

– I denne grenda, som har alle «utbygda sine strukturelle kjenneteikn» – lang veg til butikk, skule og kommunesentra, skjer den prosentvis mest positive befolkningsutviklinga både i kommunen Hamarøy og i regionen Nord-Salten, heiter det i omtalen av rapporten.

Den positive utviklinga i den vesle bygda resulterte i slagordet «Tilflyttingsbygda Finnøya», eit vellukka seminar og i at bygda i fjor blei tildelt bygdeutviklingsprisen for Nordland.

– Finnøy viser veg

Dei tre forskarane meiner Finnøy viser veg for resten av Utkant-Noreg.

– Finnøy har vist oss at det å lykkast med tilflytting ikkje primært handlar om å ha best mogleg kommunikasjonar og fire felt motorveg, men om å ta imot menneske på ein skikkeleg og ærleg måte, om å ønskja dei velkomne og om å inkludera dei i lokalsamfunnet frå dag ein, uttalar forskarane i ei pressemelding.

Målet til innbyggjarane er å møta alle som gjestar lokalsamfunnet på ein måte som gjer at han eller ho blir verande.

– Slik er dei førebilete for alle, meiner forskaren.

I rapporten kjem dei med klare råd til korleis utkantsamfunn kan arbeida for å trekkja til seg nye tilflyttarar. Forskarane meiner difor rapporten er nyttig lesnad for alle som arbeider med bulyst og tilflytting i Distrikts-Noreg. (NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Jubel for 16 000 medlemer i Mållaget

Medlemsauken i Mållaget held fram, og 12. desember nådde Noregs Mållag 16 000 medlemer for fyrste gong sidan 1985. – Medlemer er sjølve grunnlaget for ein...

Nynorsken held stand – fleire lyspunkt enn utfordringar

I 2023 hadde Noreg 72 498 nynorskelevar i skulen, ein nedgang på rundt 9000 samanlikna med 1993 då talet var 81 668. Samstundes har bokmålselevar...

Gledeleg med viktig nynorskstøtte frå SV

SV vil prioritera fire millionar til nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar og éin million i støtte til Noregs Mållag. – Det svært gledeleg at SV...

Leselyst, formidling, skule og bibliotek på Falturiltuseminaret

Falturiltu-seminaret samlar forfattarar, forlagsfolk, fagfolk, forskarar, studentar, lærarar, bibliotekarar og andre som jobbar med formidling av nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Meld deg på no! Torsdag 7.11...