Heim Nyhende Utsira i front

Utsira i front

– På Facebook melder vi om alt frå stengte vegar og og ledige stillingar til å bleste det kommunale informasjonsbrevet Siralappen, seier plansjef Atle Grimsby som er til stades i sosiale medium for Utsira kommune.

Tidlegare brukte kommunen mykje tid på å leggje ut saker på heimesidene sine i eit system som var tungvindt og kor statistikken viste at sakene ikkje blei leste. No går mykje automatisk ved at alt som blir lagt ut på heimesidene automatisk blir generert til Facebook via såkalla feeds, eller matingar. På same måte nyttar dei feeds frå Twitter og andre mikrobloggar for å orientere innbyggjarane sine om det som skjer i andre kommunar og på andre arenaer.

– Eg er viss om at vi har fleire treff på Facebook enn på heimesidene våre, seier Grimsby.

I den velse øy-kommunen med 215 innbyggjarar er det tre personar som deltek i sosiale medium på vegner av kommunen; ordføraren og to tilsette i kommuneadministrasjonen. Sjølv om kommunen var tidleg ute med å ta sosiale medium i bruk, har dei per i dag ikkje retningslinjer for korleis dei skal handtere dette. Gruimsby vedgår at med ein så liten administrasjon er det lett å gjere seg samde om felles køyrereglar, men han meiner likevel retningslinjer må etablerast etter kvart.

Utsira kommune ser denne digitale, sosiale omgangen med folk som ein del av omdømmebygginga si. Folk i dag er overalt, og då må kommunen vere der folk er, forklarar Grimsby og rår samstundes andre kommunar til å hive seg ut idet.

– Begynn på Facebook. Lag ei side, ikkje ei gruppe. Snakk med folk og ver tydlege på det du vil vere tydeleg på, er rådet han gir.

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Gratis nasjonal leseaksjon på nynorsk

Tid for ti er ein nasjonal leseaksjon for elevar på 7. og 8. trinn. Elevane får utdelt ein antologi på papir med utdrag frå ti...

Statsbudsjettet: Alt ligg til rette for nynorskpakke

Alle dei raudgrøne partia foreslår no å løyve millionar til ulike nynorsktiltak i sine alternative statsbudsjett. Dette blir teke svært godt imot av Nynorsk...
LNK håpar no på at stortingsfleirtalet vil auka støtta til arbeidet for barn på nynorsk. Foto: Andreas Haldorsen/Wikipedia/CC BY-SA 4.0-lisens

Fleire parti med nynorskstøtte i alternative statsbudsjett

Alle partia som skal forhandla med Arbeidarpartiet om statsbudsjettet vil gi millionar i støtte til fleire nynorsktiltak. Alle partia på raudgrøn side har lagt fram...

Nynorskstafetten i Ryfylke og på Jæren

Nynorskstafetten er på rundreise i Rogaland i november. Noregs Mållag og Norsk Målungdom fyller opp ein stafettbil med materiell og folk i nynorskens teneste. Nynorskstafetten...