Heim Nyhende Vil fordele makta

Vil fordele makta

– Me må våge å snakke om makt og motmakt utan å hamne i skyttargravene, seier kommunal – og regionalminister Liv Signe Navarsete (Sp).

Ministeren har stått i sentrum av ein oppheita debatt om makt og motmakt denne våren. Bakgrunnen er ein møteserie Navarsete har halde i Bergen, Bodø, Gjøvik, Trondheim, Bø i Telemark og til slutt i Operaen i Oslo. Det var først då debatten kom til Oslo, at saka fekk merksemd i rikspressa og vart ein nasjonal debatt. Ein debatt som også handlar om språk.

– Nynorsken speglar sjølvsagt mangfaldet i nasjonen. For mykje mediemakt i Oslo kan vere eit problem for nynorsken. Med NRK og TV 2 som gode unntak. Som vestlending, sogning og nynorskbrukar er eg sjølvsagt ikkje i tvil om at det er ein skilnad for nynorskbruken om eit offentleg kontor, ein kulturinstitusjon eller ei privat verksemd ligg ein stad i Sogn og Fjordane eller i Oslo, meiner ho.

– Kva betyr denne konsentrasjonen i Oslo-området for mangfaldet i norsk næringsliv og kultur?

– For mykje makt i Oslo vil kunne leggje band på kreativitet og mangfald. Det som er stort, kan også bli straumlinjeforma. Samstundes treng me ein sterk hovudstad med plass til subkulturar, slik me treng sterke byar med eit levande omland andre stader i Noreg.

Samspel
– Kva legg du i omgrepet motmakt?

– Det dreier seg blant anna om alternative synspunkt og avgjerder frå miljø med ein ståstad utanfor Oslo. Meir presist regjeringskvartalet, Stortinget, dei store medieverksemdene og finans- og næringslivshovudkontora. Dette handlar ikkje om Oslo kommune og innbyggjarane i Oslo. La meg understreke; me har mykje kvalifisert motmakt i Noreg fordi me har makta å ta i bruk heile landet.

Navarsete trekk fram Tromsø som eit godt døme på korleis maktfordeling kan vere med på å sikre regional utvikling.

– Der finn me eit sterkt universitet, Norsk polarinstitutt og sterke næringslivsmiljø. I samspel med sentrale styresmakter har dette gitt grunnlag for ei satsing på nordområda.

Men også på Vestlandet meiner Liv Signe Navarsete ein finn stader der sterke industriverksemder og maritime næringar har gjort det mogleg å byggje høgkompetente lokalsamfunn.

– Lokalisering av offentlege verksemder, til dømes i Haugesund, Førde og Ålesund, har sjølvsagt også ringverknadar, meiner ho.

Ikkje negativt
Regjeringa sette tidlegare i år ned eit uval som skal sjå på korleis ein kan fordele kompetansearbeidsplassane betre i landet. Utvalet blir leia av professor Karen Helene Ulltveit-Moe og skal gi regjeringa råd om korleis ein kan finne gode løysingar.

– Gjer me ikkje noko, vil veksten i arbeidsplassane framover kome i byregionar med store arbeidsmarknadar og utdanningsinstitusjonar, særleg i Osloregionen. Samstundes veit me at mange har lyst til å etablere seg utanfor pressområda dersom dei finn interessant arbeid.

– Kan ikkje dette høyrast negativt ut for Oslo?

– Nokre få krinsar i hovudstaden har tolka desse møta som eit åtak på Oslo og innbyggjarane der. Det er feil. Det er eit forsøk på å reise ein debatt om kva slags samfunn Noreg skal vere om nokre tiår, og kva som er sentrale utviklingstrekk no. Då er det umogleg å la vere å ta stilling til maktopphoping og haldningar i maktmiljøet i Oslo, og spenninga mellom sentrum periferi, seier Navarsete.

– Eg har ikkje snakka negativt om Oslo by eller innbyggarane der, like lite som eg snakkar nedsetjande om andre kommunar. Personleg er eg svært glad i Oslo og unner alle å kunne bu der i ein periode. Det eg er uroa over, er enkelte tendensar i dei sentrale maktmiljøa i Oslo. Dei kan vere prega av ei undervurdering av, eller fordommar mot, det som ikkje finn stad i Oslo-gryta. Så har ordskiftet stadfesta at det finst mytar og fordommar om Oslo andre stader i landet også. Dei treng me heller ikkje, slår ministeren fast.

– Fordel arbeidsplassane
Navarsete trur mykje av grunnen til denne maktkonsentrasjonen kan forklarast med at ein stor by med mykje makt alltid vil vere attraktiv og trekkje til seg talent og kapital. Samsundes skal ein vere merksam på at mange menneske ynskjer, og ser at det er mogleg, å leve eit spanande og mangfaldig liv også utanfor Oslo.

– Kva kan ein gjere for å fordele makta betre?

– Tradisjonelt er det lett å tenkje på lokalisering av offentlege institusjonar. Dei er viktige fordi dei representerer kompetansearbeidsplassar og kan ha store ringverknadar. På dei møta me hadde, fekk me også viktige innspel om mangel på kapitaltilgang og sentralisering av finansmakta i Oslo. Mange var også opptekne av moderne samferdsle og fiberband med høg hastigheit. Eit sterkt sjølvstyre er også viktig for å spreie avgjerdsmakta, meiner ho.

 

 

Førre artikkelIkkje nok nynorsk i NRK
Neste artikkelSatsar på mangfald

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

Språkrådet og språkdirektør Åse Wetås meiner den nye læreplanen kan svekkje den samla norskkompetansen til elevane. Foto: Moment Studio/Språkrådet

Ny opplæringslov heng ikkje med i tida

Framlegget til ny opplæringslov stiller krav om at skriveprogram i skulen skal fungera like godt på nynorsk og bokmål. Men kvifor er det framleis...

Mellom appar og bærbare skjermar heve nynorsken mista sin heim

Kunnskapsdepartementet er asfalten nynorske løvetannbarn må sprenge seg gjennom. Alle norske elevar har lenge hatt rett til læremiddel på eige språk, men tida der eit...

Velkommen til landsting og 30-årsjubileum for LNK!

Me har gleda av å invitera dykk til landsting, årsmøte og 30-årsjubileum i Landssamanslutninga av nynorskkommunar. I år vert landstinget halde på Quality Sogndal...

– Den nye opplæringslova er ikkje god nok for nynorskelevane

Fredag 24. mars 2023 la Tonje Brenna fram forslag til ny opplæringslov. Norsk Målungdom synest det er fleire gode framlegg for nynorskelevane, men at...