Heim Nyhende Vil fremje språkglede

Vil fremje språkglede

Sogn og Fjordane fylkeskommune er ein av dei som ynskjer å bli Årets nynorskkommune. – Vil me at språket vårt skal kunne vekse og utvikle seg, må me engasjere oss, seier fylkesdirektør for kultur, Ingebjørg Erikstad. 

Kommunane Vinje, Eid, Granvin, Kvinnherad, Gloppen og Radøy har i tillegg til Sogn og Fjordane fylkeskommune søkt om å bli Årets nynorskkommune 2012

Erikstad meiner det er viktig for fylkeskommunen å søkje på prisen. 

– Sogn og Fjordane utgjer det nynorske grunnfjellet. Fylkeskommunen har nynorsk som sitt offisielle språk, og nyttar dette aktivt i alle samanhengar. Vi har gjort ein del bra ting, og vi planlegg å gjere meir. Mellom anna har fylkestinget vedteke å etablere eit nynorsk forum i fylket; eit samarbeid mellom offentlege, frivillige og private aktørar. Nynorsk forum skal vere ein stad for informasjons- og erfaringsutveksling, debatt og handling, seier ho og peikar på språklege utfordringar fylkeskommunen har i tida framover. 

Les også: Desse vil bli Årets nynorskkommune

– Slik som bruk av nynorskprogram i norskopplæring for framandspråklege, kommunane sin språkpolitikk i høve barnehagane, og fleire gode kunst- og kulturproduksjonar til bruk i Den kulturelle skulesekken. Så ønskjer vi at det å ha fokus på språk skal ha ei positiv vinkling. Vi ønskjer å fremje språkglede. Gjennom det kan vi også bidra til å skape eit språkleg mangfald med respekt for ulike språk.

Fylkeskommunen utarbeidde også rapporten «Språkfakta Sogn og Fjordane 1646-2012» sist vår.

– Dette var det Nynorsk Kultursentrum som sto føre. Fylkestinget handsama rapporten i juni-tinget, og vedtok at nynorsk skal vere ei satsing framover. Vi etablerer Nynorsk Forum i fylket, og fylkeskommunen vil også utarbeide ein eigen språkbruksplan. Dette som ei oppfølgjing av internskulering av dei tilsette i rett og god nynorsk. Dette at vi også peikar på utfordringar framover, og det at vi har ein tanke om korleis vi skal abeide vidare, meiner eg bør vere eit godt utgangspunkt for å vinne ein slik pris.

– Kva kan fylkeskommunen bli betre på ? 

– Alle kan bli betre. I ein slik søknad vert det sjølvsagt fokus på det positive i det vi har gjort så langt. Eg tenkjer at språkbruksplanen kan hjelpe oss vidare ikkje minst i dette å skrive eit godt nynorsk språk. Med det meiner eg at vi vert meir medvitne på korleis vi uttrykkje oss, ikkje minst skriftleg. Så har vi heilt sikker mykje å gå på når det gjeld til dømes å setje krav til nynorsk i leveransar når vi gjer innkjøp.

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Årsmelding for LNK 2025: Rekordmange medlemsbesøk og prosjekt

Det har vore stor aktivitet i LNK i 2025. Nettstadene våre har nådd over 700.000 brukarar i løpet av året. Me har hatt rekordmange...

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...