Heim Nyhende Vil ha klimarekneskap i kommunane

Vil ha klimarekneskap i kommunane

Miljøpartiet Dei Grøne vil at kommunane skal kartleggje sine økologiske fotavtrykk.

 

Vi spurde ungdomskandiatane til partia kva som er den største utfordringa knytt til klima i Sogn og Fjordane. Engebøsaka kjem høgt opp på lista hos fleire av kandidatane.

– I fylket er den viktigaste klimautfordringa absolutt Engebøsaka. Det å dumpe steinslam og gift i Førdefjorden vil få fatale konsekvensar, ikkje berre for dei mange næringane knytt til fjorden, men særleg for økosystemet rundt fjorden. Vi i Miljøpartiet Dei Grøne kjem ikkje til å godta at gruvedrifta skal øydelegge ein heil fjord og alt knytt til den. Vi kjem til å aktivt kjempe mot, til næringa kan tilby oss ein måte å ta ut minerala som ikkje øydelegg miljøet rundt og der minerala blir fullstendig utnytta.

LES OGSÅ: Møllesus eller oljerus?

Det svarar Ida Beate Løken, Ungdomskandidat for Miljøpartiet dei Grøne, SFj.

Tore Storehaug frå Sogn og Fjordane KrF er einig.

– Den største miljøutfordringa er Engebø, men når det gjeld utslepp av klimagassar er nok dei oljerelaterte næringane i Sogn og Fjordane større. Lågare oljepris set fart på den omstillinga som næringslivet og samfunnet står ovanfor viss vi skal nå målet om maksimalt to grader oppvarming. Fylket har gode mogelegheiter til å satse på dei grøne næringane som kjem under eit slik skifte. Då treng vi å styrke dei grøne industriane, halde fram som det sterke fornybarfylket vi er og prioritere dei fornybare næringane som landbruk og fiske.

Vil ha klimarekneskap
For å kutte klimagassutslepp i Sogn og Fjordane ønskjer Løken frå MDG at kommunane skal føre eit tydeleg klimarekneskap som gjer det godt synleg for alle kor stort økologisk fottrykk innbyggaren i kommunen og fylket har.

– Dette for å auke fokuset på kor mykje vi faktisk bruker av ressursar. I tillegg treng vi å betre kollektivtransporten i fylket og lage eit tilbod som gjer det attraktivt for både unge og eldre å velje kollektiv framfor personbil. Det har dessverre vore ein lei tendens dei siste åra, særleg i byane, at der er alt for mykje bil og for dårlege moglegheiter for andre måtar å ta seg fram på. Difor vil vi også sjå på moglegheiter for å bygge sykkel- og gangvegar finansiert av bomringar og parkeringsavgifter.

LES OGSÅ: Klimaforskarar på djupt vatn

Målet har ho klart føre seg.

– For oss i miljøpartiet er målet eit medmenneskeleg samfunn i økologisk balanse. Vi har difor stor fokus på klima i alle saker og tør å gjere dei upopulære vala som må til for å ta klima på alvor!

Storehaug frå KrF er einig i at kollektivløysingane er viktige for å få ned utsleppa i fylket.

– Vi må satse på fornybare næringar, legge opp til gode kollektivløysingar i tettstadane og byane samt få ned utsleppa frå trafikken generelt. Eit viktig prinsipp i dette er at vi må legge opp til at det skal lønne seg å ta miljøvenlege val – som når ein gir gode fordelar ved kjøp og bruk av el-bil eller bilar med låge utslepp, meiner han.

Auka fare for ekstremvêr
Yrla Klein er ungdomskandidat for SV i Sogn og Fjordane. Ho er også imot dumping av gruveavfall i Førdefjorden.

Klein meiner den viktigaste utfordringa knytt til klimaendringane i fylket er auka fare for flom, ras og anna ekstremvêr, som til dømes Dagmar i 2011.

– På lang sikt vil også havnivået stige, noko som kan få store konsekvensar for alle som bur ved kysten, også i Sogn og Fjordane, meiner ho.

For å redusere klimagassutsleppa i fylket vil også SV satse på eit betre kollektivtilbod.

– Vi må fremje bruken av utsleppsfrie bilar, som elbil, og erstatte kommunale fossile biler med desse. I tillegg må vi utbetre sykkelvegar, stille strenge miljøkrav til industrien og satse på fornybar energi medan vi samstundes tek omsyn til naturmangfaldet.

LES OGSÅ: Vil vite kva ungdom vil leve av

NYNORSK INSPIRASJON

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

MEST LESE

LNK gler seg over pengar til læremiddel på nynorsk for vaksne innvandrarar – men det er behov for meir

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK Dir) lyser ut 1,5 millionar kroner til læremiddel som skal brukast i opplæringa i norsk for vaksne...
Blant klassane på nynorske barneskular som bruker nettbrett eller pc minst éin gong i veka, er det 77 prosent som bruker digitale læringsressursar og læremiddel som berre finst på bokmål. Foto: Pixabay

Språkrådet testa KI-språket – fann grovare og fleire feil på nynorsk

Språkrådet har testa kor god ChatGPT i bokmål og nynorsk. Kunstig intelligens (KI) pregar stadig meir av kvardagen vår – på jobben, på skulen og...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Oslo kommune har to nynorskelevar i grunnskulen – får 11 millionar til språkdelte klassar på ungdomstrinnet

Mållaget er fortvila over at pengane til å sikra nynorskelevar i randsonene vert fordelt på alle kommunar. Saka vart først publisert på Framtida.no. Om foreldra til...