Heim Nyhende Vil ha samarbeid om kvalitetsinformasjon på nett

Vil ha samarbeid om kvalitetsinformasjon på nett

Professor Terje Rasmussen meiner nettversjonen av Store Norsk Leksikon burde ha inngått samarbeid med verdas største leksikon på nett, Wikipedia, for lenge sidan.

– Om tre år er dei lova midla (red. merk. frå staten) brukt opp. Løysinga for Norsk nettleksikon er nærliggjande, ja, nokså opplagt: Nettleksikonet og Wikipedia inngår jo før jo heller eit samarbeid om å redigere om artiklane frå Store Norske Leksikon slik at dei passar inn i Wikipedia sin profil og teknologiske plattform, seier Rasmussen i eit essay på Prosa sine nettsider. Prosa er eit litterært tidsskrift for sakprosa.

Terje Rasmussen er professor ved Institutt for medier og kommunikasjon ved Universitet i Oslo og er i tillegg Professor II ved Statens Institutt for Forbruksforskning (SIFO).

Det 10 år gamle nettleksikonet Wikipedia har meir enn 365 millionar lesarar av versjonar på 262 språk og er verdas åttande mest besøkte nettstad. Fleire av versjonane har over ein million artiklar. Midt på dagen mottar Wikipedia 60.000 sideførespurnader per sekund.

Ingen eig artiklane på Wikipedia, som er opent tilgjengeleg i tråd med Creative Commons-lisensen, og kan redigerast av andre. Ei av årsakene til suksessen til Wikipedia er Google. Mange av søka kjem til nettleksikonet gjennom denne søkjemotoren.

Kritikken mot Wikipedia har sidan oppstarten gått på kvalitetssikring i forhold til at brukarane kan vere med og redigere informasjonen som blir lagt ut.

– Trur dei at å bidra til Wikipedia er som å lire av seg noko i dei akk så utskjelte nettdebattane, spør Rasmussen.

– Kritikarane av Wikipedia ser gjerne bort frå diskusjonane og editeringane som ofte ligg bak ein artikkel, held han fram.

Professoren har ingen reservasjonar mot å anbefale sine studentar å bruke Wikipedia.

– Som universitetslærar er mitt råd til studentane at Wikipedia med fordel kan brukast for å skaffe seg innførande kunnskap i eit felt eller eit tema, men at nettleksikonet ikkje bør bli brukt som kjelde på linje med vitenskaplege arbeid. På denne måten er Wikipedia langt meir brukbart enn nettutgåva av Store Norske slik ho står fram i dag, slår Rasmussen fast.

For to år sidan kom Store norske leksikon ”2.0” (SNL), eit reklamefinansiert og ope leksikon der brukarar kunne ta del i redigeringa, Store Norske på nett er forløparen til det planlagte Norske nettleksikon (Nn). Alt innhaldet på Nn skal vere kvalitetssikra slik at det blir haldbart med tanke på fagleg innhald, kjeldekritikk og pedagogisk og språkleg presentasjon.

Nn har ifølgje professor Rasmussen over 30 millionar kroner og seks institusjonar frå kultur og bank i ryggen. Nn skal ta med seg dei 180.000 artiklane som finst på SNL i dag inn i framtida.

Rasmussen meiner brukarane av Nn og Wikipedia vil sjå på dei to tenestene som like.

-I fjor gav Kunnskapsforlaget opp, og ville overlate nettversjonen av Store Norske Leksikon til ein annan ansvarleg utgjevar. Wikipedia blei ikkje rekna som ein av dei, skriv Terje Rasmussen i essayet sitt.

– Med synergien frå dei to kulturane kan ein etablere ein norsk supernode med kvalitetsinformasjon, samstundes som Norsk nettleksikon unngår å bli mammuten som trist trampar inn i solnedgangen, sluttar han.

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Gratis nasjonal leseaksjon på nynorsk

Tid for ti er ein nasjonal leseaksjon for elevar på 7. og 8. trinn. Elevane får utdelt ein antologi på papir med utdrag frå ti...

Statsbudsjettet: Alt ligg til rette for nynorskpakke

Alle dei raudgrøne partia foreslår no å løyve millionar til ulike nynorsktiltak i sine alternative statsbudsjett. Dette blir teke svært godt imot av Nynorsk...
LNK håpar no på at stortingsfleirtalet vil auka støtta til arbeidet for barn på nynorsk. Foto: Andreas Haldorsen/Wikipedia/CC BY-SA 4.0-lisens

Fleire parti med nynorskstøtte i alternative statsbudsjett

Alle partia som skal forhandla med Arbeidarpartiet om statsbudsjettet vil gi millionar i støtte til fleire nynorsktiltak. Alle partia på raudgrøn side har lagt fram...

Nynorskstafetten i Ryfylke og på Jæren

Nynorskstafetten er på rundreise i Rogaland i november. Noregs Mållag og Norsk Målungdom fyller opp ein stafettbil med materiell og folk i nynorskens teneste. Nynorskstafetten...