Heim Nyhende Voss får enklare budsjettspråk

Voss får enklare budsjettspråk

Orda primo, medio og ultimo skal heretter ikkje bli å sjå i budsjettpapir frå Voss kommune.


Det var Arnfinn Gjerdåker (SV) som reiste saka, då formannskapet drøfta økonomireglementet for Voss kommune sist veke.

Reglementet er langt og omfattande, og komplisert lesnad for nokon kvar.

– Kanskje eit lite punkt i den store samanheng dette, men likevel, sa Gjerdåker, ifølgje avisa Hordaland.

– Kunne me ikkje for framtida sleppa å sjå orda primo, medio og ultimo i alle budsjettpapir frå administrasjonen? Kunne ikkje orda enkelt og greitt bli erstatta av fyrst i, midt i og slutten av? Det ville i alle fall gjort lesinga hyggjelegare, meinte Gjerdåker.

Ordførar Hans-Erik Ringkjøb (Ap) syntest saka var i minstelaget for eiga avrøysting i formannskapet. Derimot bad han administrasjonen ta oppmodinga til seg, og fekk straks nikkande andlet tilbake frå rådmann, økonomisjef og apparatet elles.

Arnfinn Gjerdåker seier til LNK.no at han er nøgd med at rådmannen lovar å byta ut orda.

– Ja, men det skulle då berre mangla.

– Korleis synest du språket er i sakspapira du får som folkevald?

– Det er ulikt. Somme skriv godt, men det finst også slurv og dårleg språk. Det vanlege er at fagfolk ikkje klarar å skriva enkelt og greitt, og bruker uturvande faguttrykk og framandord. Somme har også mange skrivefeil. Då misser ein tillit til at teksten er gjennomarbeidd.

– Burde kommunane jobba meir med å gjera språket meir forståeleg?

– Ja. Det vert eit demokratisk problem dersom språket er så tungt at lekfolk ikkje kan tileigna seg innhaldet.

– Korleis kan ein gjera dette?

– Kanskje fagfolka må forteljast at det skal mest kunnskap til for å kunna skriva enkelt og forståeleg. Problemet er at ein oftast må prioritera det politiske innhaldet i sakene, i og med at ein som politikar har avgrensa taletid og vil nytta politisk velvilje frå andre på det som der og då betyr mest.

– Kva kan andre kommunar læra av Voss?

– At me får prøva å gjera noko med dette, og kanskje andre lukkast betre.

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Årsmelding for LNK 2025: Rekordmange medlemsbesøk og prosjekt

Det har vore stor aktivitet i LNK i 2025. Nettstadene våre har nådd over 700.000 brukarar i løpet av året. Me har hatt rekordmange...

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...