Årsmelding 2007 - 2008

Det mest spennande som har skjedd på språkfronten i Noreg dei to siste åra, er at regjeringa har meisla ut ein ny ambisiøs språkpolitikk for heile det norske språket.

Den raudgrøne regjeringa stod fram med klåre haldningar til norsk språk alt i Soria Moria-erklæringa, og dei konkretiserte ein del av visjonane i statsbudsjetta for 2006 og 2007. I juli 2008 kom meldinga som heile det språkinteresserte Noreg venta på, stortingsmeldinga ”Mål og meining”.

Meldinga er spennande lesnad. Kulturministeren og Kulturdepartementet har våga å tenkja store tankar, og presenterer i denne meldinga ein ny, overordna og heilskapleg norsk språkpolitikk. Meldinga drøftar korleis det norske språket står seg i ei verd der engelsk dominerer meir og meir – også i Noreg. Ho tek opp stoda for ulike språk i Noreg, og går djupt inn i  tilhøvet mellom dei to norske språkformene – nynorsk og bokmål. ”Mål og Meining” slår fast kor grunnleggjande viktig språk er for ein nasjon, og dokumenterer grundig språkstoda i dag. Meldinga inneheld fleire spennande og nye vinklingar på språkpolitikk: Eit heilt kapittel er til dømes sett av til å drøfta samanhengar mellom språk og makt. Meldinga har klare visjonar for kva språkpolitiske mål den raudgrøne regjeringa har – og ei rekkje konkrete framlegg til tiltak for å nå desse måla.

To av dei viktigaste tiltaka er truleg at språkpolitikken skal samordnast : Kulturdepartementet vil få eit klart overordna ansvar, og Språkrådet får eit vidare mandat, nye  oppgåver og ressursar til å verta eit slags språkdirektorat. Meldinga er elles klar på at det norske språket vert rikare av at me har to ulike målformer som utfordrar kvarandre, påverkar kvarandre og syter for å halda engasjementet for det norske språket oppe.
Den nye språkmeldinga er på 260 innhaldsrike sider. Kapitlet om økonomiske og administrative konsekvensar er på ei side , og i den siste setninga står det å lesa: ”Det er i alle høve føresetnaden at alle tiltak som er varsla i denne meldinga, skal kunna dekkjast innafor dei til kvar tid gjeldande budsjettrammene.”

Ei rekkje av dei tiltaka som er konkretiserte i meldinga, vil kosta pengar – mange pengar. Statsbudsjettet som vart lagt fram i oktober i fjor, hadde med friske pengar til fleire gode nynorsktiltak, mellom anna ein halv million ekstra til LNK. Men dersom regjeringa verkeleg skal følgja opp den gode viljen og dei store ambisjonane som ligg i ”Mål og meining”, er det nødvendig med store budsjettløft i åra som kjem.

I tillegg til forfattarar og journalistar er det offentlege Noreg ein særs viktig premissleverandør for utviklinga av det norske språket. Lærarar er sjølvsagt i ei særstilling, men resten av administrasjonen spelar og ei rolle. Det offentlege påverkar språket ikkje berre ut frå dei ufatteleg store tekstmengdene som vert produserte kvar dag: Offentleg språk fargar måten vi skriv på, måten vi oppfattar tekst på, og snik seg inn i vårt eige daglegspråk om vi vil eller ikkje. Også derfor er det viktig at kommunane og staten har ei medviten haldning til språk og held seg med språkkunnige medarbeidarar.

LNK har ved fleire høve retta lyset mot dei teknologiske nyvinningane som har endra, eller kjem til å endra, måten vi brukar språket vårt på. Det var ikkje mange som snakka om e-post, nettaviser, blogging, SMS og breibandportalar for femten år sidan. Det digitaliserte språket vert ei av dei viktigaste arbeidsområda for LNK i åra som kjem.

Samstundes som nynorsk språk vinn fram på stadig nye kulturelle og kommersielle område, har det skjedd ei polarisering av haldningane til språket. Fleire i næringslivet ser den marknadsmakta som ein firedel av Kommune-Noreg og 600 000–700 000 språkbrukarar representerer, og tilpassar produkt og marknadsføring til dette.

Nokre politiske miljø og prestisjetunge læringsinstitusjonar syner gong etter gong fram kunnskapsløyse og språkhaldningar som grensar til nynorskfobi. I 2008 opplevde me at Utdanningsdirektoratet sende frå seg teksten til årets matteeksamen på nynorsk med meir enn 20 skrivefeil. Og samstundes opplever me at politi og rettsvesen, dei instansane som skal sjå til at norsk lov vert etterlevd, er verstingar når det gjeld brot på mållova.
Ein av dei viktigaste språkfrontane har i mange år vore yrkesforbod for nynorskbrukande journalistar i riksavisene.

Når språkformene våre er jamstilte: Er det journalisten eller styret i avisa som avgjer kva språkform som skal brukast? Handlar det om redaksjonell profil eller om individuelle språklege rettar?
Språket er ein viktig del av identitets- og nasjonsbygginga i Noreg. Dersom dei to målformene våre får høve til å utvikla seg side om side og på like vilkår, har vi lagt grunnlaget for ein språkleg dynamikk som kan skapa kulturell vekst og sjølvkjensle i heile landet.

Denne diskusjonen går føre seg i eit vanskeleg grenseland. LNK si haldning har i alle år vore at dersom språk vert redusert til eit reint praktisk kommunikasjonshjelpemiddel, har vi gitt slepp på ein viktig del av vår eigen identitet og kultur. Det er i grunnen det same argumentet redaktørane brukar for  å forsvara yrkesforbodet for nynorskjournalistar: Språket er ein så viktig del av identiteten til avisa at dei ikkje ønskjer å kompromissa på dette området. Bak desse argumenta ligg dei språklege fordommane og redsle for ei dårlegare inntening. Den økonomiske sida er viktig: Alle dei avisene som praktiserer nynorskforbod har sviktande opplagstal.
Språkrådet starta tidlegare i år ein viktig diskusjon om omlegging av pressestøtta. Språkrådet peika på at dei avisene i Noreg  som mest systematisk praktiserer yrkesforbod for nynorskbrukande journalistar, er dei same avisene som får mest indirekte pressestøtte gjennom ordninga med fritak for meirverdiavgift for norske aviser.

Schibstedkonsernet, som eig VG og Aftenposten, får aleine meir i slik indirekte pressestøtte enn heile pressestøttepotten til saman. Staten bør stilla visse krav til dei avisene som mottek statsstøtte. Eitt slikt krav bør vera at dei avisene som tek mål av seg til å vera landsdekkjande, tillet sine journalistar å skriva nynorsk og aktivt arbeider for å nå ein gitt  nynorskandel.

OPPFØLGING AV ARBEIDSPROGRAMMET

1. Arbeid overfor medlemene våre
Språkopplæring
I 2008 la Kunnskapsdepartementet fram ei stortingsmelding: ”Språk bygger broer”, der stoda i den norske skulen vert drøfta ut frå eit språkleg perspektiv. Meldinga er ujamn, og verkar noko ”uferdig”, mellom anna av di ein varsla strategiplan for nynorsk i skulen ikkje var teken med.

Denne strategiplanen har vore ein viktig del av arbeidet i ”Forum for nynorsk i skolen”. Forumet er sett saman av personar frå direktoratet og frå fleire nynorskorganisasjonar, mellom anna LNK. Forumet skal gi råd og samarbeida om tiltak som kan gi alle elevar meir lesetrening, som kan sikra at læringsressursar kjem ut på same tid og til same pris både på nynorsk og bokmål, og som kan betra opplæringa i nynorsk som hovudmål og som skriftleg sidemål. Ein ”lettversjon” av strategiplanen er seinare presentert av direktoratet.

I handlingsprogrammet for meldingsåra heiter det at LNK skal arbeida for å styrkja språkopplæringa i kommunar og stat. I 2006 laga LNK ein ny versjon av kursheftet ”På saklista”. Jan Olav Fretland frå HISF var  hovudforfattar medan Atle Vik i Kommunal Kompetanse har skrive eitt kapittel.

LNK har formalisert eit samarbeid med Høgskulen i Sogn og Fjordane. Høgskulen har no formelt og praktisk ansvar for gjennomføring og kvalitetssikring av alle ”På saklista”- kursa våre. Denne ordninga skal evaluerast i 2010. Administrasjonen får svært gode tilbakemeldingar på kursmateriellet, men det blir arrangert altfor få kurs. I 2009 vert det sendt ut eit kurshefte til alle medlemskommunar, slik at dei som har ansvar for internopplæring i kommunen, kan gå gjennom kursopplegget. I inneverande år er det og sett av pengar til ei større satsing på marknadsføring.

Det er i den vidaregåande skulen flest elevar går over frå nynorsk til bokmål. Dei som først har skaffa seg ei lærebok på bokmål, tek seg ofte ikkje bryet med å skifta til nynorskversjonen når han endeleg kjem – oppunder jul. Opplæringslova slår fast at nynorsk- og bokmålselevar har same rett til bøker til same tid og til same pris, men sidan det ikkje er knytt sanksjonar til lova, kjem forlaga seg unna systematiske lovbrot kvart einaste år. Dette har vore eit samanhengande problem sidan tidleg på 1970-talett. Det er vårt inntrykk at stoda vart noko betra i 2008, og at det no helst er fag med svært få elvar som vantar lærebøker. LNK si haldning er at mange av desse problemstillingane kan løysast ved å gå over til språkdelte lærebøker, kombinert med ei reell styrking av norskfaget i lærarutdanninga – med særleg vekt på nynorsk.

Ordninga med statleg godkjenning av lærebøker vart dessverre fjerna for nokre år sidan. Dette har ført til at det kvart år kjem ut mange altfor dårlege lærebøker. Det kan verka som om mange av nynorskversjonane av desse bøkene dessutan er hasteomsette frå bokmål. LNK vil arbeida for at godkjenningsordninga vert innførd att, og at ho får utvida verkeområde med ein tilsynsfunksjon.

I 2008 sende LNK ut ein bunke med språknøklar (minigramatikkar) til medlemene. Me er i desse dagar i ferd med å evaluera effekten av tiltaket, og vil gjera dette til ei årviss utsending, dersom det syner seg at  kommunane ønskjer dette.

LNK arbeider for at læremiddel for flyktningar og innvandrarar skal verta  utvikla på begge målformer til same tid og til same pris. LNK har og bedd om at Kunnskapsdepartementet og VOX blæs liv i den arbeidsgruppa som tidlegare arbeidde med slike saker – der LNK var representert.

Manglande  opplæring i nynorsk for innvandrarar som har slått seg ned i nynorskkommunar, er eit problem som går att i norske kommunar. Dette er ei indirekte diskriminering og ekskludering av innvandrarar – ein praksis som hindrar naturleg integrering i nynorskkommunar.

Hovudproblemet ser ut til å vera mangel på læremiddel på nynorsk for desse gruppene, men det handlar og om haldningar hos lærarar og administrasjon i vaksenopplæringa. Saka har og ei anna side: Arbeidsinnvandrarar frå EU har ikkje krav til språkopplæring på same måte som til dømes flyktningar – men dei har same behov. Mange arbeider i krevjande yrke både i det offentlege og privat, og manglande norskkunnskapar kan i nokre høve gå ut over  tryggleik på arbeidsplassen.

Landssamanslutninga av nynorskkommunar har  årviss kontakt med Utdanningsdirektoratet om læremateriellstoda for vaksne  innvandrarar i nynorskkommunar. I  2005 vedtok LNK-landstinget ei fråsegn om språkleg integrering av innvandrarar. Det året fekk meir enn 2000 vaksne framandspråklege norskopplæringa si på bokmål – i nynorskkommunar. Utdanningsdirektoratet løyvde i 2005 og  2006 midlar til utvikling av læremiddel på nynorsk for vaksne innvandrarar, men frå 2007 overtok VOX dette ansvaret. VOX orsakar seg med at grunnen til at det ikkje skjer så mykje når det gjeld nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar, er at det ikkje krav til parallellutgåver for denne målgruppa, i motsetnad til dei målgruppene som kjem inn under opplæringslova.

Prognosar syner at norske kommunar, sjølv i nedgangstider,  vil  få stadig større  vanskar med å skaffa arbeidskraft i åra som kjem. Dette er ein ny situasjon for kommunane, og nye problemstillingar oppstår: Det  å skapa vilje til å bu blir ei hovudutfordring for å skaffa arbeidskraft og såleis kunna halda oppe det kommunale tenestetilbodet. Kommunane må i langt større grad enn i dag vera med og leggja til rette for høvelege treffplassar og inkluderande kulturaktivitetar.

Norskkunnskapar vil i mange høve vera heilt avgjerande for å kvalitetssikra arbeidet som blir gjort – ikkje minst i dei kommunale omsorgsyrka.

Nynorsk leksikon på nett
LNK har lenge arbeidd med å få på plass eit nynorsk leksikon på nett. I vår vert dei første delane av ein nettbasert faktabank lagde ut på nett, i regi av det nye aksjeselskapet Allkunne.no. Det Norske Samlaget og Nynorsk kultursentrum står bak selskapet. Det er meininga at kunnskapsbanken etter kvart skal utviklast til å bli eit fullverdig leksikon på nynorsk.

Samstundes har Kunnskapsforlaget opna for oppdatering av Det store norske leksikon, delvis etter wickipediametoden. Det vil seia at det også vil verta råd å leggja til stoff på nynorsk. Nynorsk Wickipedia har framleis få artiklar, samanlikna med bokmåls- og engelskversjonen, men til saman gjer  alt dette at norske elevar etter kvart vil få eit tilbod om faktaopplysningar på nynorsk på Internett. Dette er umåteleg viktig, og har lenge vore eit sakn. Det som er presentert av Allkunne.no AS fram til no, held høg kvalitet og vil vera eit kjærkome hjelpemiddel for både elevar og for administrasjonen i norske kommunar. For å sikra høg kvalitet på innhaldet, vil Allkunne.no i første omgang ikkje satsa på å opna for at personar utan fagbakgrunn skal kunna leggja til stoff.  LNK har alt drøfta moglege samarbeidstiltak med Allkunne.no AS.

Nynorsk og ny teknologi
I handlingsprogrammet heiter det at LNK skal arbeida for at nynorsk får ein rettmessig plass innanfor IKT. LNK har i meldingsåra hatt eit nært og godt samarbeid med mellom anna ABC Startsida og Microsoft Norge. Det siste halve året har det vorte arbeidd systematisk med å sikra eit utvida samarbeid mellom ABC Startsida og LNK.

Syn samanheng mellom språk, identitet, kultur og samfunnsutvikling
I handlingsprogrammet heiter det at LNK skal arbeida for å setja språkspørsmål og språkpolitikk inn i ein vidare kulturell samanheng og syna samanhengar mellom språk, identitet, kultur og samfunnsutvikling. Dette prinsippet ligg som ein raud tråd i mykje av det arbeidet LNK no gjer, både gjennom kurs, konferansar og gjennom reportasjar i LNK-avisa.

Nynorsk for barn og unge
Etter at Landstinget vedtok at nynorsk for barn og unge skal ha prioritet, har LNK satsa mykje på utvikling av Pirion og Magasinett. I meldingsåra har dagleg leiar i LNK vore styreleiar i dei to stiftingane. Det viktigaste som har skjedd i perioden, er at både Pirion og Magasinett no ser ut til å vera sikra ein plass i statsbudsjettet.

LNK har i meldingsåra arbeidd fram ein avtale med Fagforbundet som sikrar at Pirion i dag kjem ut som stifta vedlegg til Fagbladet i om lag 38 000 eks. åtte gonger i året. Avtalen er no reforhandla og gjeld fram til 2013. I tillegg har Pirion om lag 500 betalande abonnentar. Samstundes finst  Pirion no fritt tilgjengeleg på nett. Talet på betalande tingarar har gått noko ned etter at alt stoffet vart lagt ut, og styret reknar med at talet på tingarar vil bli endå lågare.

Frå og med 2008 kunne stiftinga tilby Pirion-kurs att. I januar 2008 vart det største Pirion-kurset til no arrangert i Stavanger. Kurset hadde over 500 deltakarar. Pirion er eit viktig tilbod til styrarar og andre tilsette i barnehagar, SFO og dei lågaste klassane i grunnskulen.

Som ein lekk i strategien for å styrkja arbeidet mot barn og unge har LNK utvikla samarbeidet med Magasinett vidare og presenterer kvart år dette nettidsskriftet som eit tilbod til elevar og lærarar i ungdomsskulen og i den vidaregåande skulen.

Magasinett er framleis det einaste ungdomstidsskriftet på Internett som er redigert på nynorsk. I meldingsåra har styret lagt sterkare vekt på tilnærming til skulebruk.

Mellom anna er seksjonen ”Lærarrommet” opna att. Tidsskriftet har mange skarpe pennar og kjappe tastatur, og er eit særs godt og relevant tilbod til lærarar og elevar som slit med dårleg motivasjon i norskfaget.

Den store utfordringa for Magasinett er å få elevar og lærarar i grunnskulen og i den vidaregåande skulen til å ta i bruk tilbodet. I meldingsåra har nettidsskriftet laga ei lærarrettleiing, i nært samarbeid med Nynorsksenteret i Volda.

LNK har teikna kontrakt med Fagforbundet som sikrar at vi kunne bruka midlar til marknadsføring og vidareutvikling av Magasinett i meldingsåra. Denne kontrakten er no reforhandla og gjeld fram til 2013.

Målbruksplanar
På grunnlag av meldingar som har kome inn frå medlemene dei siste åra, har LNK gått ut frå at om lag 35 kommunar har laga sin eigen målbruksplan, dei fleste tufta på den malen LNK har laga og lagt ut på www.LNK.no På direkte spørsmål i spørjeundersøkinga i 2006 svarar berre 15 kommunar at dei har slike planar. Det kan såleis sjå ut som om fleire av dei kommunane som faktisk har laga målbruksplanar, ikkje brukar dei – og i nokre tilfelle ikkje er klår over at dei finst! LNK har sett i gang arbeidet med ein ny mal for målbruksplan. Det nye utkastet skal liggja føre, og bli presentert for kommunane, hausten 2009.

Verkeområde for mållova
Verkeområde for mållova er ein gjengangar i styredrøftingane i LNK. Nye organisasjons- og selskapsformer vert tekne i bruk i offentleg sektor, og det er ei utfordring at både kommunane og staten ofte organiserer arbeidet sitt på andre måtar enn tidlegare. Både interkommunalt samarbeid og kommunale selskap kan lett bera i seg språkpolitiske utfordringar, og slik er det òg i dei nye statlege underbruka. Ikkje alle desse vert automatisk fanga opp av mållova. Spørjeundersøkinga som LNK og Nynorsk kultursentrum gjennomførde i 2006, fortel oss at 35 % av kommunane ikkje er nøgde med korleis staten praktiserer mållova. Mållova har vore og er ein særs viktig kulturpolitisk reiskap. Men lova fangar i dag ikkje opp ein del sentrale kulturpolitiske prosessar som har endra samfunnet vårt sterkt dei siste åra.

Formuleringar i stortingsmeldinga ”Mål og meining”, mållovsmeldinga, ”Norsk i hundre” og i fleire presiserande skriv frå Kulturdepartementet til statsetatar, tyder på at regjeringa og Språkrådet  ser utviklinga og ønskjer å ta aktive styringsgrep. LNK bør også her vera vaktbikkje og pådrivar for at dei politiske signala vert tekne på alvor.

LNK vil òg arbeida for at krav til målform vert teke med i kontraktane/konsesjonsvilkåra ved utsetjing og privatisering av kommunale oppgåver.

2. Arbeid mot sentrale styremakter og andre samarbeidspartnarar

LNK har ved fleire høve etterlyst ein overordna norsk språkpolitikk. I 2008 la regjeringspartia fram stortingsmeldinga ”Mål og meining” som tydeleggjer overordna norsk språkpolitikk. ”Mål og meining” fører vidare dei språkpolitiske  ideane og signala regjeringspartia kom med i sitt manifest ”Soria Moria”, men er meir offensiv og tydeleg på tiltaksida.

Samstundes har nynorskorganisasjonane, gjennom arbeidet i Nynorsk Forum, formulert eit eige samla språkpolitisk manifest: ”Politikk for nynorsk”.

Det ligg føringar i ”Mål og meining” om at staten, mellom anna ut frå demokratiomsyn, tek opp att satsinga på ein ”klårt språk”-politikk. LNK gjekk i 2006 inn i eit samarbeid med Høgskulen i Sogn og Fjordane, og kan no tilby kurs i ”klårt språk”. HISF er fagleg ansvarleg for kursa, som høver godt for tilsette i stat og kommunar.

LNK arrangerer kvart år fagsamlingar og fellestilskipingar for medlemene og andre om aktuelle tema for å spreia informasjon og å skapa positive haldningar.

I meldingsåra har LNK gitt uttrykk for våre språkpolitiske haldningar gjennom ei rekkje høyringsfråsegner.

Språk og kommuneøkonomi

I arbeidsprogrammet til LNK står det at organisasjonen skal arbeida for at rammeoverføringane til kommunane og føringane for desse ikkje gjer språk og språkspørsmål til ein salderingspost i ein stram kommuneøkonomi. Vidare skal organisasjonen arbeida for at kommunane ikkje skal ha meirkostnader av di dei har valt nynorsk som administrasjonsspråk eller av di dei har språkdelte parallellklassar/grupper i grunnskulen. Dette kulepunktet er styrkt i det nye framlegget til handlingsprogram.

Kommune-Noreg har fått eit tydeleg økonomisk lyft dei siste åra. For første gong på åtte år kom det i løpet av budsjetthausten 2005 ikkje ei einaste utmelding frå LNK. Hausten 2006 kom det to utmeldingar, men begge desse vart trekte attende. I meldingsåra har det kome to utmeldingar og fem innmeldingar. Utmeldingar plar, utan unnatak, vera grunngitt med dårleg kommuneøkonomi. Tendensen er at kommunar som har meldt seg ut i løpet av dei siste åra, melder seg inn att. LNK hadde ved årsskiftet 2006/2007 tre fleire medlemskommunar enn ved sist landsting.

Læremiddelsituasjonen
LNK skal arbeida for at ein større del av materiell til bruk i kommunesektoren skal liggja føre på nynorsk. Skule og barnehage er prioriterte sektorar for LNK.

Det er i meldingsåra etablert eit formalisert samarbeid med Utdanningsdirektoratet der mellom anna spørsmål om læremateriell skal drøftast. LNK er representert i ”Forum for nynorsk i opplæringa” som vart etablert i 2005.

Forumet har vore ein viktig premissleverandør til den strategiplanen Utdanningsdirektoratet la fram i etterkant av språkmeldinga ”Språk bygger broer” våren 2008.

LNK har òg hatt eit tredje kontaktpunkt med Utdanningsdirektoratet: eit forum som skal drøfta læremateriellstoda for vaksne innvandrarar i nynorskkommunar. I meldingsåra har det vore stort trykk frå medlemene våre på å få til betre og meir materiell på nynorsk for denne målgruppa. LNK-landstinget 2005 vedtok ei fråsegn om språkleg integrering av innvandrarar. Meir enn 2000 vaksne framandspråklege får i dag norskopplæringa si på bokmål – i nynorskkommunar. Den opplagde grunnen til dette er mangel på læreverk. På nynorsk finst ei prøveutgåve av læreverket «Ny i Noreg» frå tidleg 1990-tal. Det finst så godt som ingen ordbøker, ingen lydbøker, ingen arbeidsbøker, ingen lesebøker osb. Utanom det nettbaserte læreverket «Nynorsk pluss» finst det mest ingen ting på nynorsk.

Lærarar som underviser vaksne innvandrarar i nynorskkommunar, fortel at det er vanskeleg å gi tilfredsstillande norskopplæring på nynorsk utan dei læremidla som trengst.

I 2005 sette Utdanningsdirektoratet ned ei gruppe som skulle arbeida med desse problemstillingane. Styreleiar representerte LNK i denne gruppa. Hausten 2006 vart det lyst ut ei støtteordning for tilrettelegging av læremiddel for framandspråklege – på nynorsk.

I meldingsåra vart ansvaret for dette arbeidet delegert frå direktoratet til VOX. Det kan sjå ut som om den positive utviklinga på dette området har stoppa noko opp.

Samarbeid med kommunale organisasjonar
LNK har hatt som mål å styrkja samarbeidet med dei kommunale organisasjonane – både på arbeidsgivar- og arbeidstakarsida. Fagforbundet er ein av hovudsamarbeidspartnarane våre, og i meldingsåra har me òg hatt god kontakt med UNIO, Norsk Tjenestemannslag (NTL) og KS.

Kurs og konferansar
LNK arrangerer kvart år fagsamlingar og fellestilskipingar for medlemer og andre om aktuelle tema, for å spreia informasjon og å skapa positive haldningar. Slike kurs og konferansar vert ofte arrangerte saman med andre aktørar.

Landstinget 2007 var samordna med det tradisjonsrike Vågåseminaret og hadde bra påmelding, sjølv om berre 30 medlemer var representerte.

Nordsjøkonferansen 2008 som skulle arrangerast saman med Kommunalbanken og Rogaland fylkeskommune i september 2008, var alt fullteikna då reiarlaget DFDS vedtok å leggja ned Englandsruta si. Meirkostnadene med eit arrangement på land var så høge at styret gjorde vedtak om å å avlysa konferansen. Tema for Nordsjøkonferansen i 2008 skulle ha vore arbeidsinnvandring frå Europa – og språklege konsekvensar av denne.  Dette vart i staden teke inn som eit deltema under Landstinget 2009.

Kommunalbanken og LNK er samde om å halda oppe tradisjonen med  ein konferanse annakvart år, men ramma rundt konferansane må nødvendigvis verta endra noko.

Marknadsmakt
LNK representerer kommunar med om lag ein halv million innbyggjarar og om lag 100 000 offentleg tilsette. Medlemsmassen representerer ei formidabel marknadsmakt. Dette ligg i botnen av LNK sin argumentasjon, i møte med staten, andre organisasjonar og med private leverandørar. Det er ikkje unaturleg å sjå denne marknadsmakta i samanheng med eit samordna innkjøpsarbeid i kommunane.

3. Medlemskontakt

LNK-avisa er den viktigaste kontaktkanalen mellom LNK og medlemene, sjølv om nettstaden www.LNK.no òg får mange treff. Avisa er no inne i den sjuande årgangen, kjem ut seks gonger i året og vert sendt direkte til alle kommunestyrerepresentantar og etatsleiarar i medlemskommunane. I tillegg vert bladet sendt til alle skular, barnehagar og bibliotek i ”vårt” område, til forskingsinstitusjonar, aviser og tidsskrift og til alle stortingsrepresentantar.

I tillegg til å informera om kva organisasjonen steller med, skal avisa synleggjera medlemene i Landssamanslutninga. Avisa har funne ei god form som kan utviklast vidare. Annonseinntektene har vore stabile, medan utgiftene i samband med produksjonen generelt har gått mykje opp.

Nettstaden www. LNK.no vert oppdatert kvar dag (ikkje i juli). Sidene vert brukte meir og meir, og hadde i meldingsåra i snitt 8150 treff kvar veke. Nettsidene vil bli lagt noko om i inneverande år.

Det vert rutinemessig sendt ut pressemeldingar om alle tilskipingar, prinsipielle fråsegner og aktuelle saker som organisasjonen arbeider med. Desse opplysningane vert òg lagt ut på www.LNK.no
I handlingsprogrammet heiter det at LNK skal utvikla samarbeidet med lokalavisene vidare.

Administrasjonen prioriterer kvart år landsmøtet i Lands-laget for lokalaviser – ein svært viktig møteplass. I tillegg er samarbeidsavtalen med Bladet Sunnhordland viktig for LNK. LNK samarbeider med LLA  og Nasjonalt Garborgsenter om prosjekta ”Ung og engasjert” og ”Mot til å meine”, prosjekt som har som mål å stimulera til større politisk engasjement og høgare valdeltaking blant unge.

Pris for offentleg målbruk

Styret i LNK deler ut ein pris for god offentleg målbruk. Prisen kan gå til ei offentleg verksemd som har arbeidd for å fremja nynorsk språk, men kan og givast til einskildpersonar som er markerte nynorskbrukarar i det offentlege rommet. Den første prisen vart delt ut i 1993. Prisen skal markera det positive haldningsskapande arbeidet som LNK ønskjer å driva. Prisvinnarar til no er:
Ullensvang herad
Vågå reiselivslag
Fylkesmannen i Rogaland
Fjell kommune
Sogn og Fjordane Idrettskrins
Sunnhordland Interkommunale Miljøverk (SIM)
Lotteritilsynet
Arne Brimi
Odd Nordstoga
Peer Gynt-spelet
Frå og med 2009 vert Pris for offentleg målbruk samordna med utdelinga av Kommunal- og regionaldepartementet sin Pris for årets nynorskkommune.


FAKTA OM LNK
Skipingsmøte 1993
Landssamanslutninga av nynorskkommunar vart skipa på Bryne i 1993.
Landstinget 1995
Landstinget 1995 vart halde i Ullensvang herad 7. til 9. juni 1995. 42 medlemer var representerte. I alt var det 95 personar til stades.
Landstinget 1997
Landstinget 1997 vart halde i Ål 26. til 28. mai 1997 og samla i alt 89 deltakarar. 49 medlemer var representerte.
Landstinget 1999
Landstinget 1999 vart halde i Førde 1. og 2. juni 1999. 84 deltakarar var til stades, og 44 medlemer var representerte.
Landstinget 2001
Landstinget 2001vart halde på Bryne 7. og 8. juni 2001. 81 deltakarar var til stades, og 37 medlemer var representerte.
Landstinget 2003
Landstinget 2003 vart halde i Ivar Aasen-tunet i Hovdebygda 24. og 25. april. 101 deltakarar var til stades, og 41 medlemer var representerte.
Landstinget 2005
Landstinget 2005 vart halde på Rauland i Vinje kommune 27. til 29. april. 146 deltakarar var til stades, og 43 medlemer var representerte.
Landstinget 2007
Landstinget 2007 vart halde i Vågå kommune 27. og 28. august . 150 deltakarar var til stades, og 30 medlemer var representerte.
Landstinget 2009
Landstinget 2009 vert halde i Stryn 27. Til 29. mai.

Styret har gjort vedtak om at Landstinget 2011 vert lagt til Sand i Suldal kommune. Landstinget 2013 vil venteleg bli arrangert i Hordaland, og det har alt kome inn signal frå kommunar som vil søkja om å vera vertskommune.

Medlemstal
Per 1. januar 2009 hadde LNK 117 medlemer. Av desse er det:
98 kommunar
4 fylkeskommunar
15 interkommunale selskap/regionråd

Sidan sist landsting har to kommunar meldt seg ut av Landssamanslutninga, medan fem har meldt seg inn. Rogaland fylkeskommune melde seg inn hausten 2007. I tillegg har tre regionråd og eitt interkommunalt selskap meldt seg inn. Ved nokre høve har rådmannen administrativt meldt kommunen ut av LNK, medan kompetente politiske organ etterpå har gjort vedtak om å halda på medlemskapen.
Regionråd der ein eller fleire av medlemene er betalande medlemer i LNK, har rett til gratis medlemskap i organisasjonen.
Medlemstalet viser ein fin oppgang av betalande medlemer.

Styret
Styret har vore sett saman slik:
Leiar Jan Magne Dahle, Ørsta kommune/Møre og Romsdal fylke
Nestleiar Astrid Myran Aarvik, Årdal kommune
Styremedlem Rune Øygard, Vågå kommune
Styremedlem Solfrid Borge, Ullensvang herad
Styremedlem Kjell Helland, Bjerkreim kommune
1. vara Nils R. Sandal, Sogn og Fjordane fylkeskommune
2. vara Velaug Veum, Sogn og Fjordane fylkeskommune
3. vara  Oddvar Haugland, Vindafjord kommune

Styret har i perioden hatt åtte møte og behandla 66 saker.
Styreleiar og nestleiar i styret er forhandlingsutval/arbeidsutval i LNK.
Styrehonorar vart i 2007 utbetalt med: kr 10 000 per år for styreleiar og kr 1 000 per møte for styremedlemer. Frå 1. januar 2008 vart godtgjersla knytt opp mot løn for stortingsrepresentantar. Styreleiar si årvisse godtgjersle vart sett til 2 % av stortingsløn, og godtgjersla til styremedlemer vart sett til 2 promille av stortingsløn per møte.

Økonomi
I 2007 syner rekneskapen eit overskot på kr 70 088, medan tala for 2008 syner eit overskot på kr 144 136. Dette er eit høgt tal for LNK, men kjem først og fremst av to faktorar:

Styret og landstinget har tidlegare bedd om ei større satsing på marknadsføring av kurset På saklista. Denne satsinga vart utsett til våren 2009, og såleis ikkje fakturert før i år.

Styret har vedteke å hyra ein biletkunstnar til å utforma eit eige trykk for prisen ”Pris for offentleg målbruk”. Dette trykket har ikkje kome i produksjon enno, og vert såleis ikkje fakturert før i 2009. Styret har dessutan vedteke at denne prisen skal sjåast i samanheng med utdelinga av Kommmunal- og regionaldepartementet sin ”Pris for årets nynorskkommune”.

Sum opptent eigenkapital i rekneskapen per 31.12.2008 er på kr 417 330, men den reelle eigenkapitalen er såleis om lag kr 120 000 lågare.

Medlemskontingenten er jamt over auka tilsvarande konsumprisveksten.

Satsane er per 1.01 2009:
Einskildkommunar kr 5 300 per år pluss kr 0.75 per innbyggjar.
Fylkeskommunar kr 26 000 per år.
Interkommunale tiltak kr 6 900 per år.
Regionråd der minst ein av medlemene er betalande medlem i LNK, har rett til gratis medlemskap.

Ifølgje vedtektene er det Landstinget som skal vedta nye satsar. Dette er opp gjennom åra vorte tolka slik at så lenge det ikkje er snakk om omlegging av kontingentsystemet, eller større justeringar, er det opp til styret å justera satsane i tråd med den generelle prisutviklinga.

Statstilskotet har lege fast i perioden, med berre mindre justeringar. Frå 2009 vart likevel statstilskotet meir enn dobla, frå 426 000 til 926 000. Dette er sjølvsagt svært gledeleg, og gjer oss i stand til å ta på oss langt fleire oppgåver enn tidlegare.

Tilskot frå ulike økonomiske samarbeidspartnarar har auka monaleg. Til saman har desse avtalane ein bruttoverdi per år på rundt kr 1 200 000, men sidan ein del av dette er knytt til rabattar på trykking, overnatting og reiser/konferansar, vert ikkje heile verdien dokumentert i rekneskapen.

Økonomien til landssamanslutninga er tilfredsstillande, og likviditeten er bra. Driftsmodellen som styret har valt, gjer det lett å ha god kontroll med driftsutgiftene i organisasjonen.

Administrasjon
LNK held til i Pilestredet 8 i Oslo, der vi leiger lokale hos Dag og Tid, som vi òg har eit nært kontorteknisk samarbeid med.

Vidar Høviskeland har vore dagleg leiar i LNK sidan 1. januar 1998.

Berre dagleg leiar er tilsett i 100 prosent stilling, rekneskapsførar er tilsett på timebasis, medan storparten av drifta elles er prosjektorganisert. Det vil seia at kompetanse vert leigd/kjøpt inn etter behov. Styret vurderer heile tida om dette er den beste organisasjonsforma, og har fram til no konkludert med at modellen skal førast vidare.

Dersom vi ser drifta av LNK i samanheng med drifta av Pirion, Magasinett, www.LNK.no og LNK-avisa, er om lag fire årsverk knytte til LNK.

I tillegg til det generelle politiske arbeidet er det innafor desse årsverka oppgåver som rekneskap, annonsesal, journalistikk, kursing, praktisk tilrettelegging av konferansar, tradisjonelle konsulentoppgåver, framforhandling av økonomiske samarbeidsavtalar, politiske utgreiingar innafor spesialiserte fagfelt, o.a.

Sjølv om det i dag nok er økonomisk grunnlag for å ha fire fast tilsette i LNK, ville det truleg ikkje vera råd å få tak i personar som dekkjer alle desse fagområda. Med lønsutgifter for fire fast tilsette ville det heller ikkje vera økonomisk rom i organisasjonen for å kjøpa den kompetansen som vi ville ha mangla.

Etter ei samla vurdering meiner styret at dagens modell, der drifta er basert på kjøp av eksterne konsulenttenester i tillegg til fast tilsett dagleg leiar i heil stilling og rekneskapsførar på timebasis, bør halda fram. Denne driftsmodellen gjer òg LNK til ein fleksibel organisasjon som lettare kan ”snu” dersom det økonomiske rammeverket skulle verta endra. Så lenge ein stor del av drifta er basert på eksterne tilskot og samarbeidsavtalar, må LNK vera budd på at slikt kan skje.

Som ei følgje av at statstilskotet til LNK vart auka med 500 000 kroner frå 2009 vert staben i år utvida med ein skulefagleg konsulent i inntil 40 % stilling. Styret vil evaluera korleis dette høver inn i den noverande driftsmodellen, i god tid før neste landsting.

Samstundes må landstinget vera obs på at langsiktige annonseavtalar o.a. gjer at det kan ta opp til eitt år å leggja drastisk om på drifta av LNK-avisa.

I meldingsåra har Toyni Tobekk, Judith  Sørhus Litlehamar, Astrid Eidhammer Hjelmeland, Bente Kjos-Wenjum, Gerhard Stoltz, Einar Schibevaag, Jan Olav Fretland, Arvid Brurok, Torill Skjerdal, Aud Søyland, Ola Hauge ofl. vore med som prosjektmedarbeidarar. I tillegg kjem spaltistar/journalistar/frilansarar som skriv for LNK-avisa, og alle som skriv for Magasinett og Pirion.

Einar Schibevaag og Toyni Tobekk har vore redaktør for LNK-avisa og hatt ansvar for internettsidene våre: www.LNK.no. Berit Krogh har ført rekneskap og hatt ansvar for fakturering. Toyni Tobekk har vore redaktør for Magasinett og Pirion.

Vardens revisjonskontor har vore revisor.

Samarbeid
Styret har prioritert samarbeidet med dei nærskylde organisasjonane gjennom deltaking i samarbeidsorganet Nynorsk Forum.

LNK er medstiftar i Nynorsk Kultursentrum, og legg vekt på å ha eit nært samarbeid med denne institusjonane. Styreleiar Jan Magne Dahle har vore LNK sin medlem i rådet i Nynorsk Kultursentrum, medan Vidar Høviskeland har vore varamedlem i meldingsåra. Styreleiar og dagleg har representert LNK på Dei nynorske festspela.

LNK er medstiftar i Rasmus Løland 2007–2011 og samarbeider med stiftinga om fleire delprosjekt, m.a. Kvitebjørnen og Diktarvegen. Dagleg leiar er representert i rådet for Løland-markeringa.

Dagleg leiar har dessutan representert LNK i styret for stiftinga Pirion og i styret for stiftinga Magasinett. Styra i desse to stiftingane er personidentiske. LNK har og hatt eit nært prosjektsamarbeid med Nasjonalt Garborgsenter/Jærmuseet i tre ulike prosjekt i perioden. LNK har dess-utan hatt eit nært prosjekt- og annonsesamarbeid med ABC Startsida i meldingsåra.

LNK har vore til stades på landsmøta til Noregs Mållag og Landslaget for lokalaviser (LLA).

LNK har ein aksje i Norsk Plan Det gir oss høve til å vera til stades på generalforsamlingane i selskapet vi kjøper ein stor del av informasjonstenestene våre frå.

LNK har avtale med Dag og Tid om rabatt på lysingar. Vi har vidare avtale med Hotell Bondeheimen i Oslo og Best Western Hotels om rabatt på overnattingar.

Det ligg elles føre ein samarbeidsavtale mellom LNK og Norsk Plan AS som definerer driftsmodellane for LNK-avisa og www.LNK.no .

LNK har ein samarbeidsavtale med LLA om samkøyring av stillingsannonsar.

I 2004 fekk LNK utvikla eit fordelskort som er distribuert ut til alle medlemer. Kortet gav mellom anna rett til rimelege overnattingar på Best Western Hotell Bondeheimen i Oslo og Best Western Hotell Hordaheimen i Bergen. I 2009 kjem det ein ny og oppdatert versjon av dette kortet.

Dei økonomiske samarbeidspartnarane våre vart reforhandla i 2008 og 2009. Avtalane gjeld no til 2013. LNK har per i dag langsiktige økonomiske samarbeidsavtalar med KLP-Forsikring, Kommunalbanken, Fagforbundet, Best Western Hotell Bondeheimen og Bladet Sunnhordland.

UtskriftE-post