Nyskapande vegprosjekt


I dag er det klart for seminaret om det som kan bli den første litteraturruta i Noreg. Spor etter fem diktarar skal gjere rv. 13 til noko meir enn berre rein topografi.

Dei fem diktarane Garborg, Løland, Hauge, Sivle og Sande skal på ulikt vis dra føremon av kvarandre og skapa nye og spennande opplevingar for dei reisande.

- Eit nyskapande samarbeidsprosjekt som dette, vil truleg få mykje merksemd. Dette vil koma kvar av dei fem diktarane til gode, seier styreleiar Torunn Ljone i Olav H. Hauge Stiftinga.

- Eg trur og fokus på diktarane, og små opplevingar langs vegen, vil få langt fleire tilreisande til å koma innom senteret og oppleva aktivitetane våre. For Haugesenteret, som er under planlegging, vil dessutan det å ha ein såpass konkret samarbeidsarena vera til svært god hjelp, seier Ljone.

Felles nytte
Det sørlegaste punktet for Diktarvegen er på Jæren kor det ligg føre planar for eit nasjonalt senter for Arne Garborg. Dagleg leiar for Nasjonalt Garborgsenter, Einar Schibevaag, ser at dei fem forfattarstiftingane har mykje å vinne på å jobbe jamsides med pedagogiske opplegg, marknadsføring og utveksling av kunnskap.

- Rv. 13 bind oss saman. Dette prosjektet kan gje synergiar til fleire kulturtiltak og å fremje nye kunstnartalent i bygdene våre, seier Schibevaag. Han kallar Diktarvegen ein vestlandsakse gjennom område med felles kulturelle tradisjonar og utfordringar.

Ikkje kommersielt fokus
I Ryfylke går rv. 13 gjennom forfattaren Rasmus Løland sitt rike. Dagleg leiar for Lølandstiftinga, Marny Skeie Henkel, har tru på at Diktarvegen kan skape noko nytt, noko unikt og annleis. Ein veg for undring, opplevingar og ettertanke, noko som ikkje først og fremst er kommersielt.

- Det trur eg trengst i ei verd der det er mykje kommersiell fokus. Kvifor ser så mange på "Der ingen skulle tru at nokon ville bu"? undrar Skeie Henkel.

Lølandstiftinga har allereie prøvd ut nokre tiltak som Diktarvegen kan hauste erfaring frå, gjennom mellom anna å dekorere den lokale ferja med Løland-sitat og ei skrivarhytte for diktarar, som skal opne no i mai.

Og nettopp det med hausting av erfaring frå kvarandre er eitt av goda dette veg-prosjektet kan gi dei ulike diktarforeiningane, meiner leiar for Per Sivle-laget, Jens Brekke.

- Å kunne informere saman om alt det som finst på rekkje og rad langs vegen er eit stort føremon. Det er voldsomt spennande å jobbe saman for å kanalisere litteraturinteresserte menneske langs denne aksaen.

Brekke synest tanken om til dømes ei GPS-navigering som gjer at folk kan finne installasjonar og aktuelle område verkar interessant.

Midt i blinken
- Idèen om Diktarvegen er midt i blinken for oss, seier leiar i Jakob Sande-selskapet, Margrete Reisæter.

Jakob Sande si heimbygd Fjaler i Sogn og Fjordane representerer endepunktet for Diktarvegen.

- Dette er utvikling av lokalsamfunnet og identiteten her og av Vestlandet. Det er med på å sette dei vakre fjordane og fjella tydelegare på kartet. Diktarvegen er et godt reisemålskonsept, både for nordmenn og utlendingar.


Fakta om Diktarvegen

* Diktarvegen skal gå frå Jæren i Rogaland, via Ryfylke, Hardanger, Voss og Sogn og ende i Sunnfjord i Sogn og Fjordane.
* Prosjektet har som mål å bli den første litteraturruta i Noreg.
* Fem forfattarar frå plassar kring rv. 13 skal syne att i Diktarvegen: Jakob Sande, Per Sivle, Olav H. Hauge, Rasmus Løland og Arne Garborg.
* Ein eigen konferanse om Diktarvegen blir arrangert i Ulvik 15. og 16. april 2009.

Utskrift E-post