Heim Innspel Er vi ved eit vendepunkt ?

Er vi ved eit vendepunkt ?

– Krise på Latin betyr vendepunkt.

Vi er i disse dagar inne i lønnsforhandlingar for mange store grupper i privat og offentleg sektor. Felles for alle er at mange meiner (ofte med rette) at dei får for lite av den verdiskapinga som skjer i landet. Gjennom media er det òg skapt eit inntrykk av at verdas rikaste land har råd til det meste. Store grupper som gjer ein utruleg flott innsats på alle nivå, meiner likevel at innsatsen dei gjer, ikkje blir verdsett nok. Når media i mange tilfelle også framstiller tenestetilbodet i kommunane som dårleg og mangelfullt, gjer det kvardagen vanskeleg for mange. Det er stor kontrast mellom dei gode tenestetilboda som blir ytt, og dei auka krav og forventningar som kjem frå mange brukargrupper. Staten har pålagt kommunane stadig nye oppgåver utan at desse er fullfinansierte.

Nasjonal og europeisk økonomi

Nasjonalt har vi i dag eit svært godt ugangspunkt gjennom den gode økonomien vår. Dette står i sterk kontrast til den situasjonen mange av våre naboar og handelspartnarar er oppe i. Mange land har store budsjettunderskot og høg gjeld. Til tross for at EU-landa har forplikta seg gjennom Maastrichtavtala til å ikkje ha større budsjettunderskot enn 3 % og ei maksimal gjeld på 60 % av brutto nasjonalprodukt, har mange land meir enn 10 % underskot på budsjetta og meir enn dobbelt så høg gjeld som avtalt. Når situasjonen i desse landa er slik at ein i tillegg allereie har høg arbeidsløyse og må redusere aktivitet og kostnader, skjønar ein at det vil bli svært krevjande og vanskeleg. Dette vil òg råke oss .

Vi blir fleire eldre, og eldre lever lenger …

I dei fleste europeiske land er situasjonen den at det blir stadig fleire eldre, og dei eldre lever lenger. Dette skaper eit press på samfunna gjennom auka kostnadar til pleie og omsorgstenester. Når samtidig fødselstala er låge, blir det stadig færre yrkesaktive til å ta seg av tenestetilboda og skape dei verdiane som gjer at vi kan halde ved lag dei velferdstilboda vi har i dag. For mange vil det vere slik at tilbodet må reduserast, og at ein i større grad må betale for tenestene sjølv gjennom høgare skattar eller eigendelar. Dette vil også bli situasjonen i Norge. For Kommune-Norge vil dette bety press på å halde ved lag det noverande tenestetilbodet. Då folketrygda vart innført i 1967, var det 4 yrkesaktive bak kvar pensjonist. I 2007 var talet 2,6, og prognosane for 2050 er 1,8 yrkesaktive bak kvar pensjonist. Dette vil bli svært krevjande når stadig nye krav til tenester kjem.

Krise i finansnæringa – ny uro kan gje høgare renter

Finansnæringa er i dag i ein svært alvorleg situasjon. For to år sidan stoppa all finansiering mellom bankane opp, og mange gjekk konkurs. Det måtte ein stor redningsaksjon til for å halde bankvesenet i gang. Alle europeiske land, med unntak av Norge og Serbia, stilte garantiar for bankane sine innlån. Dette betyr at om bankane skulle få nye problem, vil dette kunne få direkte konsekvensar for mange land. Med redusert aktivitet, høgre arbeidsløyse og store banktap vil dette kunne bli svært krevjande for mange. Det er ingen grunn til å bagatellisere eller bortforklare desse problema. Nye problem for finansnæringa vil kunne bety høgre renter og auka kostnadar for både privat og offentleg sektor.

Kostnadsnivå

Det norske kostnadsnivået er høgt og mykje høgre enn det som mange av våre naboar og konkurrentar har. Dette vil kunne bli eit stort problem for både næringsliv og kommunar framover. Sjølv om vi har god økonomi, vil vi alle merke at aktiviteten går ned, og at kostnadane må reduserast. For å halde ved lag konkurransekrafta må vi tenkje nytt og kreativt i både offentleg og privat sektor. 50 % av dei verdiane vi skaper, sel vi til utlandet, og dei gjev grunnlaget for den velstanden vi har. Privat og offentleg sektor må gå kritisk inn i budsjetta sine og sjå korleis ein kan auke inntekter og redusere kostnader. Dette blir krevjande.

Ansvarleg norsk finanspolitikk – Behov for store investeringar

Det blir ofte frå ulike hald uttalt sterk kritikk mot Staten (les: Finansdepartementet) av di ein får for lite pengar til ulike formål. Eg har stor respekt for det arbeidet som vert gjort for å halde orden i bokføringa. Vi må likevel heilt klart gjere eit stort løft for å finansiere etterslep og manglande investeringar i infrastruktur. Investeringsbehovet i infrastruktur og vedlikehald av offentlege bygg utgjer truleg ufattelege 2000 mrd. norske kroner (meir enn to statsbudsjett).

Dette vil krevje nye tankar og måtar å finansiere slike investeringar på.

Vi må ha tru på framtida.

Til trass for all svartmåling av situasjonen må vi ikkje gløyme at vi er utruleg privilegerte som lever i eit velorganisert og godt samfunn som det norske. Dei siste åra har dei fleste hushald hatt betydeleg auke i nettoinntektene. Om vi skulle kome i ein situasjon der denne utviklinga skulle stoppe opp, er vi uansett privilegerte. Vi har dei beste føresetnadane for å lukkast.

Og vi må hugse:

“Det er fleire Folk enn vårt Folk” – Ivar Åsen

 

Jan Olav Tryggestad er ass. direktør – KLP Kommunekreditt

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...