Heim Blogg Side 166

– Lokalsamfunn og turisme må utviklast saman

0
 

– Gode reisemål og gode lokalsamfunn må utviklast av folk i fellesskap, seier forskar Lars Ueland Kobro ved Telemarksforsking.

 

Idealisten

0

Ho er idealist, politikar og samfunnsbyggjar. No skal Marit Aakre Tennø leie Noregs Mållag. 

 

Festival kan gje godt omdømme

0

LEIAR: Ordførar Arne Vinje i Vinje kommune meiner Litteraturdagane i Vinje er med på å byggje kommunen sitt omdømme. Det er ingen tvil om det. 

Festivalar og store arrangement er samlande for mindre samfunn. Dei er med på å forsterke biletet av kommunen hjå omverda og ikkje minst med på å gje innbyggjarane ein felles identitet dei kan stå samla om.

Det er mange assosiasjonar knytte til kommunen Vinje. Litteraturen, ekteparet Vesaas og Odd Nordstoga er absolutt nokre av dei. Litteraturdagane i Vinje er med på å vise desse kvalitetane fram og setje kommunen på kartet.

Kva festivalgjestane legg att i kommunen, og kva ein reint økonomisk sit att med, er derimot verre å kartlegge. Men det er kanskje heller ikkje det store spørsmålet? Kanskje er den langsiktige effekten viktigare enn kronene som kjem i kassen under sjølve festivalen?

I Aurland har dei satsa på Nynorske litteraturdagar over lang tid. Det som byrja med at tidlegare ordførar Olav J. Ellingsen byrja å dele ut gratis barnebøker på nynorsk, er blitt ein årleg festival som trekkjer stor merksemd. I 2014 er det bestemt at festivalen skal organiserast utanfor den kommunale organisasjonen. Leiinga i festivalen håpar ein skal finne ei solid plattform for vidare drift.

Det blir avgjerande for litteraturdagane, og det blir avgjerande for at nynorskfestivalen også framover skal vere med på å styrke omdømmet til kommunen.

– Viktige nynorskbrukarar i alle partigruppene

0

– Alle partigruppene i det nye Stortinget vil ha viktige nynorskpolitikarar. Dei partia som har programfesta den mest positive nynorskpolitikken, gjorde til saman eit godt val. Nynorsk kultursentrum ønskjer eit godt samarbeid med alle partia i Stortinget, seier direktør Ottar Grepstad i ein kommentar til stortingsvalet.

Lettlestbøker som app

0

Samlaget satsar no på lettlestbøker på nynorsk som app.

Vegvesenet best på nett igjen

0

For tredje året på rad er Vegvesen.no tildelt Farmandprisen for beste nettstad i klassen for offentlege verksemder.

Barnebokstipend til Lars Mæhle

0

Lars Mæhle får Bokhandelens barnebokstipend på 40 000 kroner. 

Får støtte til leselystprosjekt

0

LNK og Framtida.no får støtte frå Kulturdepartementet til eit leselystprosjekt.

Matkultur i sentrum

0

Ryfylkekokken Frode Selvaag har bygd opp eit ekte matkultusenter på Finnøy.

Klart for nytt LNK-kort

0

Snart er det nye LNK-kortet klart. I år er både Hordaheimen, Bondeheimen, Det Norske Samlaget og Skald med.

Ny regjering stansar Tajiks boklov

0

Kulturminister Hadia Tajiks boklov, som blei vedtatt i Stortinget før sommarferien, er ennå ikkje sett i verk. Det blir han heller ikkje, for den nye regjeringa kjem til å stanse loven, opplyser Høgre.

– Viktig å samarbeide med alle partia

0

Dagleg leiar i LNK, Vidar Høviskeland, meiner det er viktig for organisasjonen å samarbeide godt med alle partia på Stortinget.