Heim Blogg Side 17

Berre éi av tjue barnebøker er på nynorsk

0

Berre 6 prosent av alle barne- og ungdomsbøker som vart gitt ut i Noreg i perioden 2015–2019 var på nynorsk.

Så langt i år har verken Cappelen-Damm, Aschehoug eller Kagge gitt ut bøker for barn og ungdom på nynorsk, ifølgje NRK.

I åra 2015 til 2019 var berre 70 av eit gjennomsnitt på 1.160 barne- og ungdomsbøker som vart utgitt i Noreg, på nynorsk, det vil seie rundt 6 prosent. Det betyr at den store tidelen av norske elevar som har nynorsk som hovudmål i skulen, i liten grad møter språket sitt i litteraturen.

Kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen (Ap) meiner nynorskdelen er altfor låg og trur den nye boklova skal kunne bøte på misforholdet. Den nye boklova vil, ifølgje kultur- og likestillingsministeren, bidra til å sikre mangfald i utgivingane, slik at det òg blir mogleg for forlaga å satse på bøker som sel i mindre opplag.

– Eg er oppteken av å styrkje nynorsken og få meir nynorsk litteratur ut til folk. Den nye boklova skal vere eit verkemiddel for å få dette til, seier Trettebergstuen til NRK.


FOTO: HANS OTTO BORDVIK / NRK//Innfeldt: Skjermdump frå meldingsutveksling. Kollasj: Framtida.no

Opplæringslova må sikre likeverdig digital skulekvardag

0

Nynorskelevane har i dag ein digital skulekvardag som er heilt dominert av skjermtekstar på bokmål. Ei kraftig kursendring må til for å sikre dei språklege rettane til desse elevane. Den viktigaste reiskapen for å snu denne utviklinga er ei skjerpa opplæringslov.

Eit utkast til ny opplæringslov er ute på høyring i desse dagar. Her står det mykje om utfordringane i det digitale klasserommet – også det som gjeld manglande tilbod for nynorskelevane. Men når det kjem til konkrete framlegg for å sikre dei språklege rettane til desse elevane, er utkastet ikkje godt nok. Her trengst det ein sterkare og meir eintydig lovtekst.

Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa har levert ein høyringsuttale med desse hovudpoenga:
• Definisjonane av læremiddel og læringsressursar må vere tilpassa dagens bruk av digitale plattformer og læringsverktøy i undervisinga.
• Kravet om parallellversjonar for læremiddel må ikkje innehalde smotthol som undergrev nynorskelevane sine språklege rettar.
• Dagens desentraliserte ordning for innkjøp og bruk av læremiddel og læringsressursar er prega av ansvarspulverisering og ansvarsfråskriving. Sentrale utdanningsstyresmakter må føre tettare tilsyn med at lover og læreplanar blir følgde.

Det er ein tydeleg tendens at dei som utviklar læremiddel, no utnyttar skilnaden mellom «læremiddel» og «læringsressursar» til å omgå parallellitetskravet. Dette må lovteksten forhindre ved å inkludere «læringsressursar og læringsplattformer utvikla til bruk i skolen» i den aktuelle lovparagrafen. Dette tillèt at ein som før kan bruke bakgrunns- og kjeldestoff på både bokmål og nynorsk, men gjer at dei ressursane og læringsplattformene som er spesifikt utvikla av læremiddelprodusentar for bruk i skulen, må finnast på båe skriftspråk til same tid og pris.

Torgeir Parr Dimmen
Senterleiar Nynorsksenteret
Høgskulen i Volda

Det er også viktig at vi får ei lovformulering utan smotthol. Særleg formuleringa «så langt råd er» – som er nytta i lovutkastet – er ubrukeleg som kriterium for å oppnå reell endring på dette området.

Covid-19-pandemien førte til ein eksplosjon i teknologiutviklinga i skulen, då skular over heile verda over natta skulle legge om til fjernundervising. Dette arbeidet vart leia av dei amerikanske teknologigigantane, som i praksis er umoglege å kome unna for norske skular i dag. Å la dei avgjere sjølve kva som blir tilrettelagt for nynorske brukarar, vil vere det same som å akseptere at lite eller ingenting skjer.

For å sikre nynorskelevane sine sjølvsagde språklege rettar trengst difor formuleringar i lova som gjer det ulovleg for alle å bruke skriveprogram, læringsplattformer og verktøy for skrive- og lesestøtte som ikkje er tilgjengelege både på bokmål og nynorsk. Dette vil føre til at teknologiprodusentane blir nøydde til å føre inn støtte for nynorsk i skriveprogramma sine for å ikkje risikere å miste heile den norske skulemarknaden.

Eit poeng her er at skjerpa krav om digitalt skjerminnhald på nynorsk er viktig ikkje berre for elevar i nynorskområde, men også i sidemålsopplæringa for bokmålselevane.

I tillegg til klare krav trengst tyngre involvering frå sentralt hald.

Lovteksten, slik han er framlagd, vil i praksis bety at kampen for betre nynorsktilbod frå dei store teknologiprodusentane blir overlate til lokale lærarar og skuleeigarar. Dei har mange omsyn å ta når dei skal prioritere innkjøp og bruk av undervisingsressursar. Språkleg kvalitet er berre eitt av mange kriterium. Det skal nok mykje til at lærarar vel vekk ein elles god ressurs fordi han ikkje finst i nynorsk parallellversjon. I alle fall i bokmålsområde. Truleg også på mange nynorskskular.

Lokale aktørar har sjølvsagt heller ikkje same marknadsmakta som sentrale styresmakter i kampen for å utvikle likeverdige nynorsktilbod på dei digitale plattformene.

Det overordna nasjonale ansvaret for tilgang på eit likeverdig tilbod av kvalitetssikra læremiddel og læringsressursar til alle elevar i Noreg kan ikkje overlatast til grasrota – med tilvising til fine formuleringar i læreplanen. Her må departement og direktorat inn med mykje tettare tilsyn og oppfølging, slik at opplæringslova og læreplanane blir følgde.

Brageprisen til Erlend Skjetne og Jon Fosse

0

Forfattar Erlend Skjetne får Brageprisen for den første ungdomsboka si, «Eit anna blikk».

Brageprisvinneren fortel historia med unge Anwars ord. Han og dei andre afghanske gutane på asylmottaket nord i Noreg gruer seg til å fylle 18 år. Dei er spente på om dei får opphaldsløyve i Noreg og på kva som ventar.

– Erlend Skjetne bruker eit leikande nynorsk for å få fram forskjellane mellom norske standarduttrykk og norsk for eit observerande, framandspråkleg øre. Han gir lesaren innblikk i ein situasjon som vi ikkje høyrer så mykje om, og som er vanskeleg å forstå. På den måten klarer Skjetne å gi ei stemme til dei som vil bli norske, men ikkje kan. Nokon får aldri sjansen til å prøve, skriv juryen i grunngivinga si.

LES MELDING AV BOKA HER: Knallbra og røff bok som dessverre har blitt altfor aktuell

Får pris for Septologien

Tidlegare heidersprismottakar Jon Fosse får Brageprisen for «Eit nytt namn. Septologien VI-VII».

Forfattaren og dramatikaren frå Strandebarm, Jon Fosse, har budd i statens æresbolig for fortente kunstnarar, Grotten, sidan 2011. Han har i fleire år vore blant dei heitaste kandidatane til nobelprisen i litteratur og fekk Brages heiderspris i 2005. Då han torsdag kveld fekk prisen for skjønnlitteratur, var det likevel første gong han fekk Brageprisen for eitt bestemt verk.

Jon Fosse med «Eit nytt namn. Septologien VI-VII» vart vinnar i kategorien Skjønnliteratur under utdelinga av Brageprisen 2021 på Dansens Hus i Oslo. Foto: Annika Byrde / NTB / NPK

«Eit nytt namn»blir beskrive som «en mektig avslutning av et ruvende skjønnlitterært verk».

– Boka fungerer som enkeltståande roman, men kan likevel ikkje vurderast lausrive. Forteljinga om Asle, Jon Fosses storverk, er med dette fullenda, heiter det i grunngivinga til juryen.

Fosse var òg nominert til Brageprisen i 1992 (prosa), 1994 (barne- og ungdomslitteratur), 1995 (prosa), 1996 (skjønnlitteratur) og 2007 (skjønnlitteratur). (©NPK)

Jubilanten Jon Olav Fosse meiner sjølv han var ein særling med altfor langt hår som 20-åring.
Foto: Tom A. Kolstad, Samlaget

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til ei ny opplæringslov i den pågåande høyringsrunden. LNK har her laga til eit forslag til mal for høyringssvar.

Digitaliseringa av skulen har gjort at nynorskelevane ser mindre nynorsk i skulekvardagen enn før. Dagens situasjon er ikkje haldbar. Kommunane og fylkeskommunane blir sette i ein umogleg situasjon, der dei må velja mellom å bruka dei beste verktøya og ressursane – ofte berre utvikla på engelsk og/eller bokmål, eller vera prinsippfaste og velja mellom dei få tilboda som er tilgjengelege på nynorsk – og såleis kanskje risikera å gje elevane sine eit dårlegare tilbod enn det elevar på bokmålsskular får.

Høyringsfristen er 20. desember 2021!

Her finn du malen til høyringsvar på ny opplæringslov!

Dette er utkastet til høyringsfråsegn som LNK vil senda.

Og her finn du høyringsfråsegnene frå andre organisasjonar:

Noregs Mållag

Nynorsksenteret

Send tips til post @ lnk.no når kommunen din har sendt høyringssvar!

Sjå fleire saker om opplæringslova her!

Ny undersøking: Stort behov for læremiddel på nynorsk for vaksne innvandrarar

– Det blir som å velja mellom ein Lada og ein Mercedes, seier rektor ved vaksenopplæringa på Stord, Steinar Rosset. Heller ikkje til neste år blir det løyvd pengar til fleire nynorske læremiddel, ifølgje regjeringa.

54 av 55 vaksenopplæringar i nynorskområde meiner tilgangen til nynorske læremiddel bør bli betre. Det viser ei undersøking utført av Framtida.no og Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK).

– Eg starta i 2016. Det har skjedd ei positiv utvikling sidan då, men enno manglar det eit godt læreverk på nynorsk frå det lågaste til høgaste nivået, seier rektor Steinar Rosset ved vaksenopplæringa på Stord.

– Har kome ein lang veg

Mali Åm er inspektør og avdelingsleiar ved vaksenopplæringa i Ulstein kommune.

Mali Åm er inspektør og avdelingsleiar ved vaksenopplæringa i Ulstein kommune, og har dei siste åra fått støtte frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (tidlegare Kompetanse Noreg) for å vera ein ressursperson for nynorsk i vaksenopplæringa. Ho fortel at det har skjedd mykje frå 2010.

Gjennom Kompetanse Noreg stilte styresmaktene krav til både nynorsk og bokmål då dei lyste ut midlar til utvikling av læreverk for alfabetisering og B2-nivå.

I 2015 kom det første læreverk på B2 både på nynorsk og bokmål. Og i 2019 kom det to nye læreverk for alfabetiseringsdeltakarane.

Endeleg er det tilbod om nynorske læreverk heilt frå analfabete nybyrjarar til det høgaste nivået (B2-nivå).

– No har me ei ganske god breidde, seier Mali Åm, men legg til:

– Samanliknar ein med bokmål så har dei enormt mange fleire tilbod å velja mellom. Men det finst læreverk til å kunne undervisa. Me har kome ein lang ve

Trong for fleire digitale ressursar

På spørsmål om kva vaksenopplæringane saknar, så er det mange som svarar digitale læremiddel, ordbøker og tilleggsmateriale.

– Me ser at det kjem gode ressursar som me kunne tenkt oss å bruka, men når me spør om dei finst på nynorsk, så får me beskjed om at det ikkje finst pengar til å utvikla dei på nynorsk. I tillegg er det mangelfullt innan grammatikk, fortel Steinar Rosset.

– Me treng digitale ordlister. Dei burde koma på fleire språk og med fleire ord, seier Mali Åm. Dette er eit behov vi deler med framandspråklege i grunnskule og vidaregåande.

Steinar Rosset er rektor ved vaksenopplæringa på Stord. Foto: Svein Olav B. Langåker

Krev meir midlar til omsetjing

I grunnskulen og vidaregåande er det eit krav til at alle læremiddel kjem på både nynorsk og bokmål til same tid og same pris. Dette kravet gjeld ikkje for introduksjonsprogrammet for innvandrarar.

Steinar Rosset seier at nynorskkommunane er heilt avhengige av at Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse kjem med meir midlar til læremiddel på nynorsk. Han samanliknar det med forskjellen på å køyra ein Lada og Mercedes, der Lada symboliserer nynorsk og Mercedes bokmål.

– Du kjem deg fram til målet, men det er meir utfordrande å ha opplæring på nynorsk. Det finst fleire moglegheiter til å supplera opplæringa med gode ressursar på bokmål enn på nynorsk.

Ingen planar om særskilt løyving

Siste gong staten kom med ei eiga løyving til nynorske læremiddel for innvandrarar var i 2016. Siste utbetaling var i 2019.

Støre-regjeringa har ikkje planar om å koma med nye midlar til neste år:

– Det er ikkje lagt opp til ei særskild prioritering til dette i 2022, skriv statssekretær Nancy Herz i Arbeids- og sosialdepartementet i ein epost til Framtida.no.

Statssekretær Nancy Herz i Arbeids- og sosialdepartementet. Arkivfoto: Elise Løvereide, Framtida.no

Ho legg til:

– Regjeringa ønskjer å fremja likestilling mellom bokmål og nynorsk gjennom den nye språklova. Det er den einskilde kommunen som vel om kva målform den vil gi opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar. Det er også opp til den einskilde kommunen å velja kva slags læremiddel den ønskjer å bruka. Departementet skal ikkje godkjenna val av målform eller type læremiddel til bruk i kommunen.

Det er Kompetanse Noreg som har løyvd midlar til nynorske læremiddel før, innanfor sitt eige budsjett.

– Intensjonen vår var å lysa ut midlar i 2021, men på grunn av budsjettsituasjonen var det ikkje mogleg å lysa ut midlar i år. 2021 var eit veldig spesielt år på grunn av korona og innføring av ny læreplan, fortel Yngvild Ziener Nilsen, seksjonsleiar, seksjon for læreplan ved Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir).

Dei har i år brukt midlar på kompetansepakkar ved innføringa av ny læreplan. Ingen av desse pakkane er utvikla på nynorsk.

HK-dir vil omsetja nokre av kompetansepakkane til nynorsk i 2022.

Gode grunnar til å undervisa på nynorsk

Undersøkinga til Framtida.no og LNK viser at dei av kommunane som underviser på nynorsk er litt meir positive til læremiddelsituasjonen på nynorsk, sjølv om det også blant dei er eit fleirtal som synest situasjonen er «både òg» eller «ganske dårleg».

Steinar Rosset seier det er gode grunnar for å undervisa på nynorsk i nynorskkommunane.

– Me veit at det er lettare for foreldre å få undervising på nynorsk når dei skal følgja opp sine eigne ungar som har nynorsk på skulen. Det er eit viktig argument. Og me opplever at det kan ha gode resultat på integreringa i kommunen, gjennom at deltakarane lettare forstår og uttrykker dialekta i den kommunen dei bur i.

Ifølgje undersøkinga til Framtida.no og LNK, viser det seg at fleire innvandrarar blir buande i kommunar som gjev opplæring på nynorsk.

Saw Ngrein Zan (28) trur det er lettare å bli buande på Stord, sidan ho lærer nynorsk i vaksenopplæringa. Foto: Svein Olav B. Langåker

NRK Super får reaksjonar for BlimE!-satsing utan nynorsk

Då lærar Hilde Boksasp Lerum bad NRK om å få undervisingsopplegget til BlimE!-aksjonen på nynorsk fekk ho beskjed om å sende dei den nynorske teksten så dei kunne legge det inn.

BlimE!-aksjonen starta på MGP jr. i 2010, og det er tiande gongen i år at det er laga ein eigen BlimE!-song.

Bingo-brettet som lærar Hilde Boksasp Lerum ynskte å få på nynorsk.

Songen finst på teiknspråk, bokmål, samisk – han finst til og med på fransk og tsjekkisk!

Men ikkje noko av materiellet finst på nynorsk. 

Ikkje på nynorsk

I år har også NRK laga eit eige undervisingsopplegg for lærarar og elevar, men som heller ikkje finst på nynorsk.

Hilde Boksasp Lerum er lærar i 1. og 2. klasse på Skjolden oppvekstsenter. Ho klikka seg inn for å finne undervisingsopplegget og vart overraska då ho ikkje fann det på nynorsk.

– Éin ting er det som er laga til lærarane, eg forstår jo bokmål, men eg deler ikkje ut ting til borna som ikkje står på nynorsk, seier ho på telefon til Framtida.no.

Ho sende spørsmål til NRK og fekk til svar at ho kunne omsetje teksten, så kunne NRK legge det inn på sine sider.

– Då vart eg så irritert. Herregud, dei må jo ha nokon i systemet som kan nynorsk. Det hadde teke meg ti minutt, men det er ikkje min jobb. Eg er ikkje tilsett i NRK, seier ho.

Ho tykkjer det er rart at ikkje statskanalen hadde tenkt på begge målformer når dei har ein landskampanje. Men då ho fekk til svar at ho kunne omsetje for dei, vart ho irritert.

– Det er ikkje greitt. Det er litt nonchalant av ein statskanal.

NRK fortel at det var ein glipp frå deira side å ikkje sikre innhaldet i ein nynorsk versjon også.

– Det burde vi sjølvsagt ha laga, og vil sørgje for det i framtida, svarar prosjektleiar Ida Hartmann i NRK Super på e-post til framtida.no.

Frida Pernille Mikkelsen er leiar i Norsk Målungdom. Foto: Rebekka Hugøy Hovland/ Norsk Målungdom

– Utruleg kjipe signal til nynorskelevar

Frida Pernille Mikkelsen, leiar i Norsk Målungdom, tykkjer dette er skuffande. Ho meiner at når ein jobbar med ei kjempesatsing, som BlimE er, bør nynorsk vere ein sjølvsagt del av det.

– Det sender utruleg kjipe signal til tusenvis av nynorskelevar rundt om i landet. Betyr språket deira så lite for NRK? spør ho.

– Signalet er jo eigentleg ganske klart: «Vi ser deg ikkje» eller «Vi bryr oss ikkje om språket ditt». Eg reknar med at det ikkje har vore det som er tanken til NRK, men sanninga er at det er det som er signalet dei sender ut no, skriv ho i ein e-post til Framtida.no.

Ho håpar NRK ryddar opp i dette raskt.

– Det blir for dumt at eit prosjekt som handlar om inkludering og samhald er ekskluderande.

Målungdomsleiaren meiner også at det er problematisk at undervisingsopplegget berre finst på bokmål.

– Det held ikkje. Mindre organisasjonar greier dette, det har vi nyleg sett med Sex og Politikk si Veke 6. Det burde vere ei lett sak for NRK. Her er ingen unnskuldingar gode.

Timo Emanuel S. Risnes (10), Adam Huliyeifuah (10), Andrea Jeanette Guttormsen (10), Inga Malene Koløy Kartveit (10), Alida Emanuelsen Fahlen (10) og Andrea Jeanette Guttormsen (10).

– Litt rart på bokmål

Elevane på Tjødnalio skule på Stord har fått med seg at BlimE!-songen finst på fleire språk. I år finst han på både teiknspråk, samisk, engelsk, fransk, spansk, italiensk, tsjekkisk – i tillegg til bokmål.

– Når dei har laga songen på så mange språk, så burde dei òg laga den på nynorsk, seier Angelica Veivåg (10).

– Det er litt rart å synga «jeg» og «hjertet mitt» på bokmål, seier Inga Malene Koløy Kartveit (10).

– Eg håpar dei kan laga ein nynorsk song òg, legg ho til, og dei andre nikkar.

Elevane har ei klar melding til NRK Super:

– Ver så snill, NRK, kan me få BlimE!-songen på nynorsk?! ropar femteklassingane.

Svar frå NRK:

Framtida.no sende følgjande fem spørsmål til statskanalen:

– Meiner de at lærarar skal omsetje materiale for statskanalen?
– Kvifor finst det på samisk og teiknspråk og ikkje tilgjengeleg på nynorsk?
– Korleis speglar dette NRK si vilje til å innfri nynorskkravet?
– NRK har sagt dei skal satse på nynorsk, kvifor gjeld ikkje det her?
– Kva signal sender dei til nynorskbrukande barn?

Dette svara prosjektleiar Ida Hartmann i NRK Super på e-post til framtida.no:

«I NRK Super ønsker vi at alle barn i hele landet skal kjenne seg igjen i innholdet vårt og føle seg inkludert. Vi er opptatt av å speile det språklige mangfoldet og tilbyr innhold på begge målformene. De siste årene har vi oppfylt kravet om minst 25 prosent nynorsk.

Til årets BlimE! lagde vi for første gang BlimE-diplom og -bingo som lærerne kunne bruke sammen med et undervisningsopplegg om vennskap og inkludering. Det er en glipp fra vår side at disse ikke finnes i en nynorsk versjon. Det burde vi selvfølgelig ha laget, og vil sørge for det i framtiden.

Teksten til BlimE-låta skrives og synges på den dialekten artisten har. I tillegg er den tilgjengelig på samisk og finnes som video på tegnspråk».


Ål er årets nynorskkommune – får unge til å halda på nynorsken

Meir enn 70 prosent av ungdomane i kommunen vel å halde fram med nynorsk på ungdomsskulen. «Det er unikt i Hallingdal», står det i grunngjevinga frå juryen.

Ål kommune ligg i eit område der nynorsk ikkje er eit sjølvsagt språkval. Difor er det ekstra viktig at kommunen legg til rette for at innbyggjarane skal få møte og bruke nynorsk, meiner juryen.

Ål kommune ligg i Hallingdal i Viken fylke. I Viken har tre av i alt 51 kommunar nynorsk målvedtak. To av dei ligg i Hallingdal.

– I ei tid der reformar, stordriftsfordelar og interkommunalt samarbeid er fyndord, er det viktigare enn nokon gong for ein kommune som Ål å styrkje lokalsamfunnet gjennom felles språk, historie og identitet. Elles kan Ål som randområde for nynorsk skriftspråk drukne i møte med fylket og nabokommunane, seier juryleiar og seksjonssjef i Språkrådet, Margrethe Kvarenes.

I år er det Ål sin tur

I finalen hadde Ål kommune sterk konkurranse frå Herøy, Stad og Kvinnherad kommunar.

Desse tre kommunane, som alle ligg i trygge nynorskområde, syner solid språkleg sjølvkjensle og er gode døme på kva ein bør gjere som kommune for å halde nynorsken oppe som bruks- og kulturspråk.

Likevel er det Ål kommune som trekkjer det lengste strået. Kommunen har alt på stell, med målbruksplan og språkmålsetjingar i planverk og strategidokument, og arbeider systematisk med næringsliv, kulturliv, skule, barnehage og kommuneadministrasjon for å styrkje nynorsk som bruksspråk. Kommunen imponerer særleg ved medviten bruk av nynorsk i kultur- og næringsliv.

«Tiltaka gjev resultat: Meir enn 70 prosent av ungdomane i kommunen vel å halde fram med nynorsk på ungdomsskulen. Det er unikt i Hallingdal», står det i grunngjevinga frå juryen.

Fin premie

Kvart år sidan 2009 har Kulturdepartementet og Språkrådet delt ut prisen «Årets nynorskkommune». I 2021 har juryen sett spesielt etter kommunar og fylkeskommunar som har gjort ein ekstra innsats for skaffe nynorske læremiddel og læringsressursar til skuleelevane sine.

Statssekretær Oddmund Løkensgard Hoel delte ut prisen på eit arrangement på Litteraturhuset i Oslo 22. november. Prisen er på 100 000 kroner.

Les også: Aust mot vest i kampen om å bli Årets nynorskkommune

Kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen (Ap) deler ut prisen for Årets nynorskkommune 22. november. Foto: NTB Kommunikasjon / SMK

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Barnehageborna i nynorskkommunane møter meir bokmål enn nynorsk i song og høgtlesing. Det viser ei undersøking som Pirion og Landssamanslutninga av nynorskkommunar gjennomførte tidlegare i år.

No har Sunnfjord kulturskule og litteraturformidlar Janne Karin Støylen utvikla eit nytt digitalt kurs for barnehagane som skal styrkja arbeidet med nynorsk.

Skal vera lett å bruka

Det digitale kurstilbodet på Pirion.no er sett saman av videoar, oppgåver til samtale og andre ressursar. Kvar økt tar maksimum éin time å gjennomføra.

– Tanken er at det skal vera lett å ta det i bruk på personalmøte i barnehagane, fortel Pirion-redaktør Svein Olav B. Langåker. Han fortel at dei er inspirert av Språkløyper til Lesesenteret og Utdanningsdirektoratet.

Kurset er støtta av Utdanningsdirektoratet og Kulturtanken, og tar utgangspunkt i erfaringane frå det treårige prosjektet «Kulturbarn Sunnfjord».

Høgt fagleg innhald

Professor ved Høgskulen på Vestlandet, Eli Bjørhusdal, byrjar kursrekkja med eit miniføredrag om kva det vil seia å vera nynorsk barnehage – og korleis nynorsk språk og kultur kan vera ein del av både overordna målsettingar og det daglege arbeidet i barnehagekvardagen.

Litteraturformidlar Janne Karin Støylen har laga ei økt om leseglede og språkstimulering på nynorsk.

– Den nynorske barnebokhylla er smekkfull av førsteklasses litteratur, nye forfattarar kjem stadig til og det er berre ein ting å gjere: Lese! I kurset let me ein kjend og kjær frosk vise oss det han kan om å vera i ei god bok. Han har eit tips og to om finna fram til dei beste forteljingane, seier ho.

Utvida repertoar

Distriktsmusikarane Ole Nilsen og Ingrid Schei Stuhaug i Sunnfjord kulturskule har har laga fleire økter om folkemusikk i barnehagane.

– Me har laga kurset for å synleggjera eit songmateriale som er eigna for born i barnehagealder, men som kanskje ikkje er tilgjengeleg for barnehagepersonellet på same måte som songar ein finn i songbøker eller i anna læringsmateriell, seier Ingrid Schei Stuhaug.

Tradisjonssongar Unni Løvlid deltar med både eit miniføredrag og åtte songar som er spelte inn på video slik at sjåarane òg får sjå rørslene til songane.

– Songane er eigna for denne aldersgruppa av fleire grunnar, fortel Ingrid Schei Stuhaug.

– Det er enkle melodiar, korte tekstar, og tematikken er ofte det born er opptatt av, slik som dyr og eventyr. Det er også rørsler til songane, noko som gjer dei ekstra morosame å bruka. Dette gjev også høve til å tilpassa materialet ut frå alderen på borna i barnehagen.

Ein god start

– Me håpar kursrekka vil vera til inspirasjon og bidra til å bevisstgjera oss om å velja nynorsk når me kan i kulturarbeidet i barnehagen, seier Janne Karin Støylen.

Ho følgjer gjerne opp med besøk og fysiske Pirionkurs.

Pirion-redaktør Svein Olav B. Langåker håpar òg at andre prosjekt og utviklingsarbeid i andre kommunar kan dokumenterast og delast i ei utviding av den digitale kurspakken.

Sjå det digitale Pirionkurset her!

Språkdirektøren: Det norske språket har ein sterk posisjon

0

– Det norske språket, både nynorsk og bokmål, har ein sterk posisjon i samfunnet, og det er ikkje trua av utrydding, seier direktøren i Språkrådet, Åse Wetås.

Wetås opna Språkdagen på Det Norske Teatret i Oslo tysdag med på gjere opp status for det norske språket i dag. Ho minte om at norsk har sterk både formell og uformell støtte i heile samfunnet, i det offentlege og i media.

Språkdirektøren rosa den nye språklova, som blir gjeldande frå 1. januar 2022. Ho meiner språklova vil bidra til at norsk skal stå støtt også i framtida. Her er det krav om ein tydeleg og offensiv språkpolitikk, der hovudmålet er å ta vare på ikkje berre det norske språket, men også dei godkjende minoritetsspråka samisk, kvensk, romani og romanes.

Sjå opptak frå Språkdagen her!

Klart språk

Eit av felta Wetås peika på i innlegget sitt, er det ansvaret det offentlege Noreg no får for å bruke det norske språket på ein måte som gjer det klart og forståeleg for innbyggjarane. Ho rosa arbeidet som er gjort i fleire offentlege etatar for å bruke eit klart og lett forståeleg språk.

– Det er gjort mykje godt arbeid med dette, men mykje står att. Det er mange eksempel på at det har vorte betre, men arbeidet skal halde fram. Det er ikkje minst viktig i helsesektoren, der bruken av eit klart og lett forståeleg språk lett kan fjerne misforståingar, og det kan få som utslag at helsekøane blir kortare, sa Åse Wetås blant anna.

Ikkje alt er roseraudt for det norske språket. Engelsk et seg inn på stadig fleire område, og ikkje minst får dei unge inn svært mykje engelsk via til dømes dataspel, Tiktok og YouTube. Her meiner språkdirektøren det er naudsynt med ordningar som gjer det attraktivt å bruke norsk i utviklinga av nye tenester.

Norsk fagspråk

Ho var også inne på problemet med at ein aukande del av norsk forsking berre blir publisert på engelsk, og at også mykje av undervisinga i den høgare utdanninga går føre seg på engelsk.

– Vi må ha eit fagspråk på norsk. Om vi ikkje har det, vil vi gå glipp av viktige debattar. sa ho.

Manglande nynorsk-vilje

Eit anna problem er forholdet mellom bokmål og nynorsk. Wetås hevda at det verkar å vere ein manglande vilje hos tilsette i statsapparatet mot å bruke nynorsk i formidlinga, og at dette faktisk er eit teikn på manglande respekt for dei 600.000 innbyggjarane her i landet som har nynorsk som hovudmål.

Ho tok også opp at nynorske lærebøker kjem mykje seinare ut til skulane enn lærebøker på bokmål, og ofte manglar det nynorske versjonar av dataprogramma elevane brukar.

Wetås kravde vidare ei ekstra satsing for elevar som brukar teiknspråk som sitt hovudmål. Det er viktig å minne om at teiknspråk er eit fullverdig språk, sa språkdirektøren.

Hurdalsplattforma

Trass i at det er mange problem for språket, uttrykte Åse Wetås optimisme. Ho meiner Hurdalsplattforma, som meislar ut politikken til den nye regjeringa, gir håp om ei satsing på det norske språket.

Språkrådet skal vere tilsynsorgan for den nye språklova. I språklova blir det slått fast at bokmål og nynorsk er heilt likestilte målformer, og at det er viktig å klage dersom ikkje offentlege organ følgjer lova.

– Det er viktig å gjere etatar som ikkje følgjer språklova merksame på dette. Og send gjerne ein kopi av klagen over til Språkrådet, så skal vi hjelpe dei med å setje i verk tiltak som kan gjere dei i stand til følgje lovverket, seier språkdirektør Åse Wetås. (©NPK)

Aust mot vest i kampen om å bli Årets nynorskkommune

Dei tre vestlandskommunane Herøy, Kvinnherad og Stad konkurrerer om å få prisen Årets nynorskkommune 2021. I finalen blir dei utfordra frå aust av Ål kommune i Hallingdal.

Prisen går til ein kommune eller fylkeskommune som tek særleg godt vare på det nynorske skriftspråket. I 2021 har juryen sett spesielt etter kommunar og fylkeskommunar som har gjort ein ekstra innsats for skaffe nynorske læremiddel og læringsressursar til skuleelevane
sine.

Margrethe Kvarenes leiar juryen som kårar Årets nynorskkommune. Foto: Moment Studio

– Det har vore sterk konkurranse om prisen i år. Fire kandidatar er med på oppløpssida, alle med sterke tiltak for å tryggje nynorsk som bruksspråk på viktige samfunnsområde, seier Margrethe Kvarenes, seksjonssjef i Språkrådet.

Kjempar om 100 000 kroner

Kvarenes leiar juryarbeidet på vegner av Kulturdepartementet. I juryen sit også representantar for Nynorsk kultursentrum, Landssamanslutninga av nynorskkommunar, Noregs Mållag og KS.

Kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen (Ap) deler ut prisen på eit ope arrangement på Litteraturhuset i Oslo 22. november. Prisen er på 100 000 kroner.

Det er juryen som kårar Årets nynorskkommune, men her kan du stemma på kven du meiner fortener prisen i den uoffisielle avrøystinga til Framtida.no!

Kven bør bli Årets nynorskkommune?

Avstemminga i fjor sette fyr på internett, og totalt kom det inn over 260.000 stemmer. Til slutt stakk Voss herad av med sigeren.

Kjerneområde mot randsone

Tre av dei fire nominerte kommunane i år ligg i trygge nynorskområde. Herøy i Møre og Romsdal og Kvinnherad og Stad i Vestland syner solid språkleg sjølvkjensle og er gode døme på kva ein bør gjere som kommune for å halde nynorsken oppe som bruks- og kulturspråk.

Herøy syner til gjennomtenkte nynorsktiltak i barnehage og skule og nyttar marknadsmakta si godt i val og utvikling av læremiddel på nynorsk.

Kvinnherad syner òg til slitesterke tiltak over tid og skal særleg ha ros for å vere medviten om tilhøvet mellom integrering og språkbruk.

Stad kommune har gode rutinar for systematisk arbeid, og kommunen viser til særleg gode og varierte kulturtilbod på nynorsk.

Ål er utsidaren i årets finale. Kommunen ligg i Hallingdal i Viken, der nynorsk ikkje er eit sjølvsagt språkval, slik det er i kjerneområda for nynorsk. Ål kommune viser at dei lokale tiltaka for å styrkje nynorsken er trygt forankra i det kommunale planverket. I praksis imponerer kommunen særleg ved medviten bruk av nynorsk i kultur- og næringslivet.


Nynorskrekord i Nasjonal avisveke

Framtida Junior har sendt ut over 15.500 aviser i samband med Nasjonal avisveke. Det er ny rekord.

– Det er veldig kjekt at så mange barn og unge får lesa avisa vår, og veldig stas at me opplever rekordetterspurnad, seier Svein Olav B. Langåker, redaktør for Framtida Junior.

Nasjonal avisveke blir arrangert av Mediekompasset ved Mediebedriftenes Landsforening. I veke 44 kvart år får skular over heile landet tilbod om gratis aviser og tilgang på gratis materiell for elevar på 4.,6. og 9.trinn.

Dei siste åra har skulane også fått tilbod om Framtida Junior til 6. trinn.

Framtida Junior har denne gongen laga ei miljøutgåve der elevane blant anna får lesa om klimatoppmøtet i Glasgow og bli med på tokt til Arktis – i tillegg til at dei får eit klimaspel som er utvikla i lag med Miljøagentane på Stord.

Miljøutgåva er støtta av Vestland fylkeskommune og miljøfondet til Sunnhordland Interkommunale Miljøverk (SIM).

Framtida Junior har òg utvikla eit miljøjournalistkurs for elevar frå 6. trinn, der elevar får opplæring i journalistikk og tips til miljøsaker. Kurset er støtta av Vestland fylkeskommune

– Me har enno nokre plassar igjen, så viss det er nokon skular som vil ha besøk av oss, så er det berre til å ta kontakt, seier Svein Olav B. Langåker i Framtida Junior.

Målrørsla om statsbudsjettet: – Støre bør finna fleire nynorskmillionar

0

Sjølv om regjeringa på fleire område vidarefører satsinga på nynorsk og føreslår enkelte nye nynorske tiltak, etterlyser fleire sentrale nynorske aktørar ei sterkare nynorsksatsing.

Regjeringa føreslår å setja av 1,2 millionar kroner til ein nynorsk forfattarskule for minoritetar i regi av Samlaget og tenkjetanken Minotenk og Nynorsk pressekontor får midlar til å fullføra arbeidet med nynorskroboten som er eit verktøy for automatisk omsetjing frå bokmål til nynorsk.

– Ikkje nok til å følgja opp språklova

Hovudinntrykket til målrørsla er likevel at nynorsksatsinga i framlegget til statsbudsjett er for svak.

– Regjeringa vidarefører meir eller mindre den satsinga dei har hatt på språk og nynorsk dei siste to åra, men ikkje noko meir enn det. Det hadde vi håpt på sidan vi har fått ei språklov som har store ambisjonar for nynorsken, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag til Nynorsk pressekontor.

– Vi ventar også på ei ny opplæringslov som skal gjera situasjonen for nynorskelevane langt betre. Då hadde vi venta at Erna Solberg og regjeringa hennar i det siste statsbudsjettet sitt hadde lagt med dei pengane som krevst for å oppfylla dei språkpolitiske ambisjonane som den avgåande regjeringa trass alt har, seier han.

Mållagsleiaren saknar ekstra pengar til satsing på digitale læremiddel på nynorsk, og seier det er nynorskbrukande elevar som no blir skadelidande fordi dei ikkje får lese- og skriveopplæring på sitt eige språk.

No set han si lit til den nye regjeringa og håpar Støre vil finna plass til fleire nynorskmillionar.

Styreleiar i Nynorsk kultursentrum Lodve Solholm. Foto Ivar Aasen-tunet / Anders Aanes

Langt unna

Heller ikkje Nynorsk kultursentrum meiner forslaget til statsbudsjett er nok til å følgja opp ambisjonane i språklova når det gjeld nynorsk.

– Det er positivt at Språkrådet har fått midlar konkret til å følgja opp ambisjonane i språklova, men 500.000 kroner er langt frå den auken på 12 millionar som Språkrådet søkte om, seier styreleiar i Nynorsk kultursentrum, Lodve Solholm, i ei pressemelding.

Han er også nestleiar i styret i Språkrådet.

Uroa for nynorsk i barnehagar og skule

Også Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) meiner det trengst ei sterkare nynorsksatsing i budsjettet.

– Nynorskkommunane etterlyser fleire midlar til satsingar på nynorsk i budsjettet for Kunnskapsdepartementet, seier styreleiar Sara Hamre Sekkingsstad i ei pressemelding.

Ho meiner det er stor trong for fleire digitale læremiddel og ressursar på nynorsk.

LNK er særleg uroa over framtida til Pirion, etter at støtteordninga der avisa har fått støtte dei siste åra er føreslegen fjerna frå statsbudsjettet. Pirion er ei kulturavis for alle som jobbar med barn og har som mål å stimulera språk- og kulturarbeidet i barnehagane og småskulen. Avisa blei starta for vel 20 år sidan av LNK og Noregs Mållag.

Nynorsk kultursentrum hadde håpt på 600.000 kroner i statsbudsjettet for å få til heilårsdrift ved Vinjesenteret. Desse pengane er ikkje på plass i budsjettforslaget. Her eit bilete frå i sommar. I midten leiar Kristian W. Rantala, program- og vertskapsansvarleg Åsne Vesaas (t.v.) og digital formidlar Line Omland Eilevstjønn. Foto: Yngve Vogt / NPK

Saknar midlar til Vinjesenteret

Både mållagsleiaren og direktøren i Nynorsk kultursentrum hadde også håpt at regjeringa skulle finna pengar til å fullfinansiera Vinjesenteret. Dei 600.000 kronene dei søkte om, er ikkje komne med på forslaget til statsbudsjett.

– Vi har søkt om ei auka løyving for heilårsdrift og for å ha fire tilsette ved Vinjesenteret. Det har vi ikkje fått gjennomslag for, seier Øvereng.

– Kva konsekvensar får det om budsjettforslaget skulle bli ståande?

– Den førebelse konsekvensen er at vi må sjå litt meir etter andre midlar eksternt. I tillegg må vi kanskje prioritera litt annleis internt. Vi har eit sterkt ønske om å satsa meir i Vinje og i Vestfold og Telemark, men det kan henda vi må gjera litt om på formidling og ein del skuleopplegg som vi har ønskt å setja i gang, seier Øvereng. (©NPK)