Heim Blogg Side 184

Spanande i kyrkja

0

Det skjer mykje i Den norske kyrkja for tida. Ho er ikkje statskyrkje lenger, men folkekyrkje. Dei politiske bindingane er likevel ikkje heilt borte, noko mange er glade for. Mellom anna er det svært viktig at det vert slått fast at kyrkja skal vere til stades i heile landet.

Finansieringa av folkekyrkja er som før. Staten løner prestane og gjev litt tilskot (trappar opp … sakte …) til trusopplæringsreforma. Denne reforma skal sikre at lokale kyrkjelydar kan gje alle born som vert døypte, tilbod om opplæring i trua og det dei er døypte til. Alle frå 0–18 år har rett til 315 timar undervisning.

I det høvet passar det godt her å vifte med nynorskvimpelen! Det er mykje mindre bøker og undervisningsmateriell å velje mellom for nynorskbrukarar. Dette må rettast opp. Også i kyrkja skal målføra vere likestilte. Vi kan ikkje – i nynorskfylket Sogn og fjordane – dele ut barnebøker på bokmål!

Resten av finansieringa til kyrkja kjem frå kommunen (definert i kyrkjelova § 14) og frå innsamla midlar/gåver. Når økonomien i kommunane strammar, så vert han som regel svært stram i kyrkja. Eg tenkjer det er viktig å sjå at det er felles innbyggarar vi tener. Då sist rådmann vart avtakka i Gulen, var det midlar til kyrkjegard og flaumlys på kyrkjene som vart nemnd. Det betydde mykje for folk, vart det sagt.

Hos stiftingar og offentlege kan kyrkja til liks med andre søke om midlar til gode tiltak. Men det offentlege ser på kyrkja som offentleg og seier derfor ofte nei. Stiftingane har ofte eit regelverk som gjer at dei fleste skuggar unna aktivitet som har som mål å formidle tru.

Kyrkja er viktig for folk. Som kyrkjeverje møter eg det til dagen frå folk som skal gifte seg, eller dei er i sorg og må planlegge gravferd. Det vert no tilrådd at begge desse viktige hendingane skal verte utførte av andre enn trussamfunn. Eg trur folk flest ønskjer at kyrkja framleis skal gjere det. Og når det gjeld gravferd, så har kyrkja vist at ho opptrer verdig og ryddig også for dei som ikkje tilhøyrer kyrkja.

Trude Brosvik er gruppeleiar for KrF på fylkestinget i Sogn og Fjordane. Ho er også kyrkjeverje i Gulen kommune.

Økonomispråket

0

LEIAR: Det er ein klisjé at nynorsk berre kan brukast i poesi og djupe litterære skildringar. At nynorsk ikkje er brukande i nyhende, til dømes innan sports- og finansjournalistikken, i programvare eller på børsen, er også ein forelda tanke.

Desse sperrene er det på tide å rive ned.

Vidar Homme er banksjef i Valle Sparebank. Han og fleire banksjefar med han har over tid etterlyst nynorske nettbankar i Terra-systemet. Han meiner det er på tide at kundane hans ikkje berre kan lese nynorske saker på nettsidene eller i epostane dei får frå banken, men at dei skal møte nynorsken i kvardagen der dei er aller mest, nemleg i nettbanken.

Ofte møter ein argumentet om at ei omlegging til nynorsk vil koste meir enn det smakar. Difor er det endå viktigare å formidle at språket er viktig for kundane.

Får ein det til, vil nynorsken erobre nok ein arena. Det er eit tydeleg signal dersom Terra-alliansen no går med på å lansere ein nynorsk nettbank, noko som ser ut til å bli ein realitet alt dette året.

Sparebankane har sjølve omsett tekstar frå bokmål til nynorsk, det viser ein ekte vilje til å gje kundane eit godt tilbod, også på nynorsk. Og ved å få leiinga i Terra-alliansen med seg viser dei at det hjelper å vere fleire saman når ein skal nå eit mål.

Nynorsk er ikkje berre eit litterært språk, det er også kvardagsspråk – også når rekningane skal betalast.

Kommentar: Aftenposten har problemet

0

Tom Hetland (Foto: Nei til EU)Redaksjonsklubben i Bergens Tidende er uroleg for det språklege mangfaldet i avisa. Frå årsskiftet er det oppretta ein felles redaksjon, Riks, som skal produsera såkalla nyttestoff om bustad, reise, teknologi og bil for Schibsted-avisene Aftenposten, Bergens Tidende, Stavanger Aftenblad og Fædrelandsvennen, og dessutan for Adresseavisen i Trondheim. Journalistar i Bergens Tidende har fått signal om at det berre er bokmål som skal brukast i denne redaksjonen. I ein resolusjon krev klubben at redaksjonsleiinga må sikra journalistane i Riks den same språklege fridomen som Bergens Tidende-medarbeidarane har.

Problemstillinga er ikkje ny. Då det som den gong heitte Media Norge-samarbeidet vart etablert for nokre år sidan, var det mange, både i og utanfor mediehusa, som uroa seg for kva ei mogleg auka stoffutveksling med Aftenposten ville få å seia for språkbruken i Bergens Tidende, Stavanger Aftenblad og dei andre regionavisene.

Sjefredaktørane i samarbeidsavisene fastsette derfor i 2008 ein hovudregel om at medarbeidarar som deltek i stoffutveksling, i utgangspunktet følgjer språkreglane i sin eigen redaksjon. Dersom mottakaren ønskjer stoffet på ei anna målform, eventuelt tilpassa sine eigne lokale språkreglar, er det opp til mottakaren å setja om. Prinsippet er altså at samarbeidet ikkje skal styrast av den parten som har den snevraste praksisen. Dersom nokon vil halda ei av dei to offisielle målformene ute av spaltene, er det deira ansvar å ta konsekvensen av det.

I praksis handlar dette naturlegvis om Aftenposten mot dei andre. Ingen av regionavisene har noko nynorskforbod, sjølv om dei bruker språket i varierande grad.

Enkelte målfolk er raske med å ropa på lovar og reglar for å sikra språkleg jamstelling, også i media. Her gjeld det å halda tunga beint i munnen. I norske medium er det sjefredaktøren som har det heile og fulle ansvaret for innhaldet, også den språklege linja. Eg trur me alt i alt er tente med at det held fram.

Aftenposten står i ein tradisjon som ei konservativ Oslo-avis, «dette for stemningerne i hovedstadens middelstand følsomme organ», som ein tidlegare statsminister uttrykte det. Ein del av denne arven er ein tydeleg riksmålsprofil. Sjølv om språknorma til Aftenposten etter kvart er blitt mindre konservativ, skal me ha respekt for at slike tradisjonar er ein del av kontrakten med kjernelesarane som det kan vera vanskeleg å bryta.

Samtidig har Aftenposten på mange område forandra seg kraftig. Avisa er blitt meir open, kritisk og liberal. «Tanta i Akersgata» høyrer fortida til. Aftenposten utviklar seg i takt med landet og byen ho kjem ut i.

Oslo er i dag ein fleirkulturell by på alle måtar. Det er vår utan samanlikning fremste innvandrar- og innflyttarby. På gater, trikk og t-bane høyrer du det summa i ulike språk og dialektar. Eg har ikkje dokumentasjon på det, men eg vil tru at ingen kommune i landet har fleire nynorskskrivande innbyggjarar enn Oslo. At den største avisa i hovudstaden, ei avis som attpå til vil vera det viktigaste nasjonale presseorganet, skal forvisa den eine av dei to målformene til lesarbrevspalta, verkar meir og meir som eit ekko frå fortida.

Men dette må Aftenposten sjølv finna ut av. Og det er heller ikkje hovudpoenget i den diskusjonen redaksjonsklubben i Bergens Tidende har trekt i gang. Aftenposten må få ha den språkpolitikken dei vil. Men i eit samarbeid kan dei ikkje tvinga språkpolitikken sin på andre og meir språkleg tolerante redaksjonar. Det er Aftenposten som har problemet.

Tom Hetland, kommentator og tidlegare sjefredaktør i Stavanger Aftenblad

Søkjer etter journalistar

0

Det nystarta Nynorsk Avissenter i Førde lyser no ut etter sitt første kull med avisjournalistar. Søknadsfristen er i april.

Syn og Segn søkjer redaktør

0

Tidsskriftet Syn og Segn er på leit etter ny redaktør. 

Fleire Samlaget-bøker blant barnebokprisane

0

Det var fleire nynorske bøker blant vinnarane av Kulturdepartementets barne- og ungdomsbokprisar.

Bør satse på skulen

0

Tor Bremer (Ap) meiner kommunane si viktigaste språkoppgåve framover blir å ha ein så god skule at elevane ynskjer å halde på nynorsken.

Nynorsk-misnøye i Høgre

0

Forslaget frå programkomiteen om å gje skuleelevar og byråkratar moglegheit til å velje bort nynorsk, skaper misnøye blant sentrale Høgre-medlemmer på Vestlandet

Har teke tilbake vinteren

0

Etter utbygginga av den nye fjellandsbyen Myrkdalen har Voss fått ein renessanse som vintersportsstad.

40 år med jazz

0

Det skjer noko med folk når dei kjem til Vossevangen for å la seg rive med av jazzen, meiner arrangørane av Vossa Jazz.

Nynorsk i 140

0

No er Twitter-tevlinga ‘Nynorsk i 140’ i gang. 

Jobbar for tunnel gjennom Vikafjellet

0

Næringsorganisasjonane i Voss, Balestrand, Høyanger, Leikanger og Sogndal står no saman og krev tunnel gjennom Vikafjellet.