Kjenner ikkje toppkandidatane
Fire av fem veit ikkje namnet på listetoppen i det partiet dei vil stemme på ved stortingsvalet, melder Nationen.
Vil ha karakter i sidemål
Fjerning av karakterbasert sidemål kjem til å føra til ei endå lågare språkleg forståing for det andre skriftsspråket, skriv leiar i Sunnhordland Målungdom, Karen Mjør.
Har filial i Oslo
Costume.no sine lesarar kunne nyleg lese om Hasla sin nye smykkekolleksjon, laga i sølv og ametyst. Opphavet til Hasla-smykka er ei familiebedrift i Valle med filial i Oslo.
Valle: Utfordrande med folketalsnedgang
Valle kommune i Aust-Agder er ein liten kraftkommune med fallande innbyggjartal. Men ordførar Tarald Myrum (Sp) trur på betre tider.
– Juridiske tekstar betre på nynorsk
Juridiske tekstar blir betre på nynorsk, meiner bokmålsmann og professor Johan Giertsen ved Universitetet i Bergen. Jussprofessoren får brei støtte for synet sitt.
Samarbeider for heiltidskultur i kommunane
KS og dei største fagforbunda i kommunesektoren går saman om å jobbe for ein heiltidskultur i kommunesektoren.
Di sak kan bli kommunen si sak
På nettportalen Mi sak kan du ta opp saker du meiner kommunen eller fylkeskommunen bør vere opptatt av. Får du samla nok underskrifter til di sak, må kommunen behandle ho.
Bakom Språkåret
«Velkomen til Best Western Hotell Bondeheimen. Message in English will follow…» For å få tak i mannen bak Språkåret må eg ikkje ned i kjellaren bak den låste døra der det står Vakt deg for leoparden, men gjennom den tospråklege telefonsvararen til Hotell Bondeheimen og verta sett over til eit hotellrom i hovudstaden. Der har eg fått ein time i telefonen.
KS ber om innspel til kommunestruktur
Kommunane bør førebu seg på ein ny debatt om kommunestruktur, meiner KS, interesseorganisasjonen for kommunane. Organisasjonen ber no om innspel til debatten.

