Heim Blogg Side 207

Vann pris for dialektforsking

0

1.–7. klasse ved Skåbu oppvekst undra seg over kvifor skåbudialekten har endra seg slik. Slik vart dei vinnarar av den første språkprisen til Nysgjerrigper.

Lokalavisa etterlyser meir nynorsk

0

Lokalavisa Bømlo-nytt etterlyser meir nynorsk i kommunen. 

Pris til Mette Karlsvik

0

Forfattaren Mette Karlsvik (33) har fått Stig Sæterbakkens Minnepris.

Huitfeldt opna Garborgsenteret

0

Anniken Huitfeldt opna i dag Garborgsenteret. 

Diktarvegen slit med finansieringa

0

Selskapet Fjordvegen Diktarvegen er lagt på is på grunn av manglande finansiering. No snører også kommunaldepartementet pengesekken igjen.

Medlemsrekord i LNK

0

 

Naustdal kommune har meldt seg inn i LNK, og med det har organisasjonen no 123 medlemer. Det er rekord.

Tettstadutvikling – den eine, den andre eller båe?

0

Fredsforskaren Johan Galtung har som ein av sine kjepphestar at me i vestleg tankesett for lett tenkjer anten – eller. Han meiner me ville få mykje att for å ha med oss både – og og korkje – eller.

Med utgangspunkt i desse ordpara har eg hug til å fundere litt over korleis me forstår lokalsamfunnsutviklinga, slik ho er både i Nord-Aurdal og i mange andre norske kommunar.

Nord-Aurdal er ein kommune med nær 6500 innbyggjarar midt i Valdres. I kommunen ligg byen og regionsenteret Fagernes, som har 5-årsjubileum som by 8. september!

Administrasjonssenteret i kommunen var tidlegare tettstaden Leira, nokre få kilometer sør for Fagernes. Dette endra seg då rådhuset vart bygt på Fagernes i 1979. Med andre ord: Det er anten Fagernes eller Leira som må vera administrasjonssenteret i kommunen! Eller er det det?

I tida sidan administrasjonssenteret vart flytt, har både Fagernes og Leira vakse kraftig. Sett utanfrå står dei fram som eit samanhengande tettbygt område med kvar sine kjernar. Ville tettstaden Leira, som oppstod ved Leiraelva, og tettstaden Fagernes, som oppstod på garden Nes, vore to tettstader om desse konsepta vart etablerte i dag?

Nei, seier næringslivskrefter på Leira. Dei meiner at Leira meir dekkjande kan nemnast som «Fagernes sør». Dette vekkjer ikkje like stor begeistring hjå alle i regionsenteret Fagernes. Båe partar byggjer på at me anten taler om Fagernes eller Leira, anten Fagernes skal omfatte Leira eller ikkje.

Korleis kjem me ut om me tenkjer både – og og korkje – eller? Om ein blir med på tanken om at dette samanhengande tettbygde området bør ha eit namn; ville ein kome lenger med å forlate tanken om at dette anten må vera Fagernes, eller så er det ikkje ein samanhengande tettstad?

Kva med å tenkje at det samanhengande tettbygde området omfattar både det tradisjonelle Fagernes og det tradisjonelle Leira, men korkje er Fagernes eller Leira? Kva med Leiranes – byen som strekkjer seg frå elva Leira til garden Nes? Neppe realistisk i eit tradisjonsrikt og tradisjonsbunde distrikt i Noreg, men verdt tankeeksperimentet!

Namnet skjemmer ingen, men namnet kan klargjera eller dekkje til når kommunen, fylkeskommunen, næringslivet og innbyggjarane skal forstå seg sjølv og kva som er ei rett utvikling for dei.

Til dømes er det kommunen sitt synspunkt at Fagernes og Leira bør sjåast under eitt i høve til tettstadsutvikling og arealdisponering. Motsetnaden til dette er fylkeskommunen, som har sett grenser for utviklinga av detaljhandel på Leira av omsyn til utviklinga på Fagernes.

Eit anna høgaktuelt eksempel er Nord-Aurdal barneskole. Han opnar i desse dagar til erstatning for alle dei tidlegare kommunale skulane. Skulen ligg på Fagernes, der Fagernes skole tidlegare låg. Men kommunen har medvite bestemt at dette korkje er Fagernes, Leira eller Aurdal skole, det er Nord-Aurdal barneskole! Dette markerer at det er ein skule for heile kommunen, som erstattar både Fagernes skole og dei andre skulane i kommunen.

Både – og og korkje – eller møter anten – eller også i kommunal planlegging! 

 

Omar Dajani er rådmann i Nord-Aurdal kommune

Viktig språkopplæring

0

LEIAR: Arbeidsinnvandrarar frå EU har ikkje krav på norskopplæring. Det vil LNK no gjere noko med. No etterlyser dei erfaringar frå kommunane kring korleis dei har løyst utfordringane. Innspela kan gje svar på korleis ein kan styrke denne opplæringa seinare.

Språk er viktig, ikkje minst i arbeidslivet. Avtalar skal inngåast, beskjedar skal gjevast, og mykje av arbeidskvardagen vår er avhengig av at me forstår kvarandre språkleg. Kommunikasjonen mellom arbeidskollegaer er også grunnlaget for integrering og sosialt liv.

Kva gjer ein då, når verken bedrifta eller kommunen du bur i, tek ansvar for at også denne gruppa får norskopplæring?

– Ingen kjenner og tek ansvar. Mest energi blir brukt på å skaffe seg den nødvendige arbeidskrafta, ikkje på å bruke ressursar på språkopplæring. Eg trur dessutan det heng saman med at mange definerer oppgåva som arbeidsgjevaren sitt ansvar, eit ansvar mange ikkje tek, seier tidlegare ordførar i Time kommune, Arnfinn Vigrestad til LNK-avisa.

Han har eit godt poeng i det. For mange bedrifter blir kampen om å få tak i den arbeidskrafta ein treng, viktigare enn språkopplæringa. Men det er ingen løyndom at det både ligg god bedriftsutvikling og økonomisk utvikling i god språkopplæring.

Betre kommunikasjon på arbeidsplassen gjer at jobben blir både sikrare og meir effektivt utført. Men då må nokon ta ansvar. Kanskje spørsmålet er; kva taper ein på å ikkje ha språkopplæring?

Hjartesmil-bloggar gir ut bok

0

Hjartesmil-bloggar Mariell Øyre vil gjerne leve kunstnarlivet til fulle. No skriv ho og Jostein Avdem Fretland, som ho er trulova med, bok saman.

Folkerøystingar – til gode for nynorsken?

0

Når kommunane skal avgjere målform, held dei ofte folkerøystingar. Men stadig færre ser ut til å engasjere seg i desse folkerøystingane.

Kommentar: Skalletrengselteorien

0

Smak på følgjande påstand, stadig å finne i det offentlege ordskiftet om sidemålet sin plass i skulen: «Meir øving i hovudmålet og mindre opplæring i sidemålet vil gjere elevene flinkare i norsk». Er det sant?

Kanskje ikkje sikkert

0

Kommunikasjon er utfordrande. Vi seier noko, men meiner noko anna, og det heilt utan å vere ironiske. Politikarar er flinke til slikt. Berre tenk på Bill Clinton, som sa han aldri hadde hatt sex med den kvinna. Eg mistenker Linda Helleland frå Høgre for å vere flink til det same, altså til å seie ting ho ikkje meiner. For nokre veker sidan uttalte ho at Høgres barnehageutval ville etablere eit barometer på nettet for å skape konkurranse mellom barnehagane, slik at foreldra kunne få velje den barnehagen som hadde god kvalitet, og slik at dei barnehagane med dårlegast kvalitet kunne leggast ned.

Ved første augekast kan det sjå ut som Helleland meiner det ho seier, men du må ikkje la deg lure så lett. Ord er stort sett til forvirring. Babel i Bibelen er eit bra bilete på det. Gud meinte at menneska byrja å forstå for mykje. Vi hadde allereie ete eple og tileigna oss kunnskap som førte oss langt ut i synda. Då menneska laga tårnet i Babel for å nå til himmels, svara Gud med å konstruere uendeleg mange tungemål, slik at vi for all tid skulle misforstå kvarandre.

Det hadde truleg ikkje vore naudsynt, for vi har like vanskeleg for å forstå kvarandre om vi snakkar norsk alle som ein. Når nokon seier «det er sikkert rett», byrjar eg å tvile på om det er rett. Det tyder sjølvsagt at det heilt sikkert finst mange andre løysingar som er mykje betre. Når eg høyrer at «du bør kanskje gjere det slik», forstår eg raskt at det er den beste måte å gjere det på. Kanskje er eit tvilande ord, men her finst det ingen tvil. Om rett skal vere rett, og det skal det jo vere, burde vi gjere eit ordbyte: «det er kanskje rett» og «du bør sikkert gjere det slik». Problemet er at vi ikkje vil forstå kva som er meint, fordi vi er så vande med det motsette.

Om nokon prøver seg med å ta vekk «kanskje» og «sikkert» og seier «det er rett» og «du bør gjere det slik», vil dei framstå som sjølvgode idiotar, og det er verre enn nokon ting.

Frå militærtida kan eg godt hugse eit skilt på veggen over pissoaret: «Spytt ikke snus og slipp ikke sneiper i renna». Ikkje røykte eg, og ikkje brukte eg snus, så eg visste ikkje kva eg skulle gjere. Det var først etter at eg fekk born, at eg forstod kvifor vi treng slike skilt. Verda er full av freistingar som vi vaksne må lære dei å halde seg langt unna. Sidan det er vanskeleg å ikkje kaste seg ut i syndige og farefulle gjerningar, treng vi åtvaringar og forbod.

Vi må starte tidleg, slik at ungane forstår korleis dei ikkje skal bere seg åt. Dei må lære av Margrethe Munthe at dei ikkje kan gå inn i stova med hua på. Fleire vers burde vore skrivne om kor saftglaset ikkje skal stå, kva dei ikkje skal seie i selskap, og kor tid dei ikkje skal legge seg om kvelden. Forfallet blant born og unge har kome snikande i takt med at forbodsskilta er fjerna.

Eg tenkjer med sakn på skilta i og utanpå skulebussen frå ungdomstida mi. Dei var vakkert innramma med kvit skrift på raud botn. Framme hos sjåføren stod det «Uroa ikkje føraren» og «Ikkje sitt på motorkassen». Når vi steig ut av bussen, lyste det mot oss: «Gå ikkje over vegen før bussen har køyrt.» Enkelte vil hevde at vi ikkje bør bruke ordet ikkje, slik at born får vite kva dei skal gjere i staden for kva dei ikkje skal gjere, men det er kanskje ikkje sikkert at nokon vil forstå skilt som «Her skal du berre pisse«, «La føraren få fred», «Sitt i stolane» eller «Gå over vegen etter at bussen har køyrt».

Eg vel difor å leve i den tru at Høgres barnehageutval sikkert meiner at vi ikkje skal ha eit barnehagebarometer. Kanskje.