Gir bort bøker for 80 000
Telemark mållag synest det er viktig å stimulere til leselyst og språkpåverknad allerie i barnehagen. No gir dei bort 200 bokpakkar til barnehagar i Telemark, gåver til ein samla verdi av 80 000 kroner.
Vi har ein vinnar
LNK si brukarundersøking er ferdig, og vi har trekt ein heldig vinnar av eit gåvekort på 1000 kroner.
Den heldig vinnaren vart Finn Skare frå Luster.
– Eg kjenner til Landssamanslutninga av nynorskkommunar gjennom kommunestyret i Luster, seier vinnaren, som legg for dagen eit jordnært forhold til språket. – Nynorsken er no heilt naturleg for oss i Luster, like naturleg som bokmålet er i Bærum.
LNK si brukarundersøking gjekk ut til alle medlemene i LNK. Den har også vore open for besøkande på LNK sine nettsider, facebookside og via Twitter. Resultata av brukarundersøkinga er klar om kort tid.
Brukarundersøkinga var sjølvsagt anonym, men dei som ønskte det kunne oppgje namnet sitt og vere med i trekkinga av eit gåvekort.
Meiner rådmannen har meir makt enn ordføraren
Norske folkevalde er på mange måtar like sine europeiske kollegar. Men norske kommunestyremedlemmer er dei einaste som meiner at rådmannen har meir makt enn ordføraren.
Diktarvegen lagt på is
Selskapet Fjordvegen Diktarvegen er lagt på is. No skal ein kartlegge om diktarvegprosjektet er liv laga.
Danske dialektar døyr av låg status
Det er ikkje nytt at dialektane i dansk er i ferd med å døy ut. No peikar språkforskarane på mor og far som den direkte årsaka til tilbakegangen: Foreldra lærer ikkje barna sine den lokale dialekten.
Kvinnedominans på Nynorske litteraturdagar
Kvinnene dominerer programmet til Nynorske litteraturdagar i Aurland.
Riise blir sakprosaredaktør
Bente Riise vert ny redaktør for sakprosa i Det Norske Samlaget.
Vil ha meir nynorsk hjå fylkeskommuen
– Eg har til gode å få eit saksdokument på nynorsk frå fylkeskommunen, stort sett alt er på bokmål, seier fylkestingspolitikar i Oppland, Hanne Maren Blåfjelldal (FrP).
Stemningsfangaren frå Ål
Arne Moslåtten er mannen som fyller melodiane til Hellbillies med ord. Snart blir han også festspeldiktar.

