– Ei av dei største leseopplevingane
Kvar fredag i sommar får du med deg eit eller fleire tips om god sommarlektyre. I dag er det Terje Torkildsen som anbefalar ei bok.
Komikar og forfattar Terje Torkildsen anbefalar boka Skråninga av Carl Frode Tiller
– Kva er det med denne boka som gjer at du vil anbefale ho?
– Eg las Skråninga ein gong eg budde nokre dagar på Sokndalstrand kulturhotell og det er ei av dei største leseopplevingane eg har hatt nokon sinne. Fantastiske Sokndalstrand skal nok ha litt av fortenesta, men eg er ikkje i tvil om at denne boka er ei av dei beste romandebutane i norsk litteratur.
– Skråninga er ei historie om ein ung, psykotisk mann og kvifor ting blei som dei blei. Rett og slett ei knallgod bok som fortener å bli lesen på ein vakker stad ein stille sommardag, fortel Torkildsen.
Foto: Marius Vervik
Les også: Uprisen til Torkildsen
LNK tilbyr
- «På saklista» – kurs i språk- og dokumentlære for lokalforvaltninga
- «På saklista» – nynorsk språkbruk i statsforvaltninga
- Kurs og materiell til bruk i norskundervisninga
- Informasjons- og rettleiingstenester
- Oversikt over nynorsk materiell til offentleg administrasjon, skule, barnehagar o a
- Meldingsbladet LNK-avisa: kjem ut med fire til seks utgåver i året og vert sendt til alle medlemene våre og ei rekkje andre samarbeidspartar/interesserte. Be om å få tilsendt siste nummer
- Seminar og konferansar om språk og språkpolitikk – med særskild relevans for tilsette i stat og kommunar
Heidrar nynorskeleven i Oslo
Kjartan Fløgstad meiner nynorsken som riksspråk er trua. I ein kronikk i Aftenposten heidrar han den einaste nynorskeleven i Oslo,Medna Israilova.
– Språknorma gjer det vanskelegare for nynorsken
Kringkastingssjefen i NRK skulle ønskt det var mindre valfridom i den nye språknorma og refsar Språkrådet.
Sommarsnakk med Aud Søyland
Aud Søyland skal bruke sommaren til å skrive innføringsbok om den nye nynorske rettskrivinga.
– Takk og lov for Tone Damli Aaberge.
Lovprisinga kjem frå hovudanker i kveldsnyheitene i TV 2 og prisvinnar, Arill Riise. Saman med Ingvild Bryn, programleiar i Dagsrevyen i NRK, delar han tittelen Årets nynorskbrukar 2012.
Utfordringar for nynorsk
Medan nynorsken styrkjer stillinga si i tv-tilbodet frå NRK til barn og unge og i Wikipedia, vert han svekt på andre viktige bruksområde. Det kjem fram i rapporten Språkstatus 2012 som Språkrådet la fram i dag.
– LNK er meir enn ein språkorganisasjon
LNK har nyleg gjennomført ei kartlegging blant lesarane av LNK-avisa og lnk.no. Målet er å kartlegge kva lesarane veit om organisasjonen, og kva dei meiner redaksjonen bør arbeide med vidare. 293 personar har svart på kartlegginga, av desse er 201 abonnentar av LNK-avisa.
Heile 86 prosent svarer at dei les LNK-avisa ofte, medan 47 prosent svarer at dei les kvar utgåve av avisa. Fleirtalet av dei som har svart er tilsette i det offentlege eller lokalpolitikarar, og i stor grad menn i alderen 50 – 59 år. Hordaland er det fylket der flest har svart.
Medan abonnentane av LNK-avisa meiner det er passeleg stoffmengde i dag av saker som til dømes kommunesamanslåing, språkpolitikk i skulen og nynorsk i offentlege selskap så vil 74 prosent lese meir om distriktsutvikling i avisa.
Kartlegginga viser også at lesarane av LNK-avisa og lnk.no er samde i påstanden om at organisasjonen arbeider for å styrke nynorsken i det offentlege rommet, og at LNK kan vere ein rådgjevar og støttespelar for kommunen i språkspørsmål. Medan fleirtalet av dei som har svart er usikre på om det stemmer at LNK arbeider med andre saker enn språk.
– Eg er nøgd med oppslutnaden omkring kartlegginga, men merkar meg at mange trur at LNK framleis er ein rein språkorganisasjon. Det er me ikkje lenger. Det er viktig å få fram at LNK ikkje er noko kamporganisasjon for språk, men ein interesseorganisasjon for medlemene våre – kommunar som har valt å bruka nynorsk, seier dagleg leiar Vidar Høviskelnd.
– I 2001 vedtok landstinget at LNK skulle setja språk inn i ein større samanheng, og me skulle synleggjera samanhengane mellom språk, identitet, kultur og næringsutvikling. Dei svara me har fått inn i denne brukarkartlegginga tyder på at me må bli endå meir tydelege på dette området.
205 har svart at dei fekk vite om LNK via kommunen sin, andre svar er Noregs Mållag, Dag og Tid, Facebook og tips frå venner og kjende.
Les meir om LNK på lnk.no
facebook.com/lnk
lnk.no/lnk
For meir informasjon
ta kontakt med
dagleg leiar i LNK
Vidar Høviskeland
90 50 66 17

