Eit halvt år har gått sidan I/S Fjordvegen og Diktarvegen bestemde at dei skulle slå seg saman. – Me arbeider nå aktivt mot å få den nye aksjeselskapet på plass til nyåret, fortel Arne Kleppa, leiar for I/S Fjordvegen.
Frå Brecht til ellevill Kalvø-opera
Det Norske Teatret byr på 27 førestellingar fordelt på tre scener i programmet for 2012. I eit vidt spekter frå Bertolt Brecht til elleville fotballopera, har teatersjef Erik Ulfsby komponert i alt 27 heilaftans førestellingar.
Rett og godt
Å skrive rett og skrive godt; det bør vere rettesnora for offentleg tilsette. Det er i alle fall rettesnora kurshaldar Åsmund Lien jobbar etter, og slik han legg opp undervisninga si når han held kurset På saklista.
Hjartesmil-bloggar til ny arena
Mariell Øyre, bloggaren bak den største nynorskbloggen i landet, er ein av seks bloggarar som er handplukka til den nye nettstaden Grayzine.no.
Ber bønder bleste Bibelen på rundballar
Bibelselskapet bed no norske bønder om hjelp til å marknadsføre Bibelen 2011, som låg føre i ny språkdrakt sist veke.
Oppsving for litteraturfestival
I fjor hadde Nynorske Litteraturdagar i Sogn ein liten nedgang i besøkstalet. I år har salet av billettar auka igjen.
Gåvmilde på Utsira
Som så mange gonger før var innbyggjarane i rogalandskommunen Utsira blant dei mest gåvmilde i årets tv-aksjon. I snitt gav dei rett over 200 innbyggjarane 352 kroner kvar til Norsk Folkehjelp sitt mineryddingsarbeid.
Redaktørpris til Bente Riise
Bente Riise, redaktør for tidsskriftet Syn og Segn, er tildelt Nynorsk redaktørpris for 2011.
Saman om formidlinga
I haust heldt Samlaget seminar om formidling av nynorsk litteratur for barn og unge.
– Det vil vere mykje å hente på å ha jamn, nær kontakt mellom formidlarane og å utvikle sams plattformer for arbeidet, fortel Terje Hellesen, redaktør for barnebokklubben Blåmann.
Seminaret kom i stand fordi fleire aktørar ønskte meir samarbeid, då både målgruppa og aktørane er spreidde over eit stort geografisk område og i ulike institusjonar.
– Me har jo alle same mål: Å få formidla all den gode nynorske barne- og ungdomslitteraturen som kjem ut kvart år. Dette er grunnleggjande viktig for å gje språket vårt ei livskraftig framtid, meiner Hellesen, som trur at ein samla vil utgjere ein større maktfaktor og kunne arbeide meir effektivt
Den nye bibelen – også på lesebrett
2011-utgåva av Bibelen, som kom ut denne veka, er også tilrettelagt for mobil og lesebrett.
Vil ha råd frå næringslivet
No kan du føreslå tiltak og endringar som kan gjere kvardagen enklare for næringsdrivande i heile landet.

