Heim Blogg Side 252

Liten, mindre, minst – og så fleksible!

0

Kor liten kan ein kommune bli, eller kor stor bør ein kommune vere:

– for å yte innbyggjarane gode og lovpålagte tenester?

– for å vere synleg og med i samfunnsdebatten i kampen om merksemd og ordningar som sikrar framtidig handlingsrom og livskraft?

Krav til storleik – eller ikkje?

Setesdal regionråd er landets minste regionråd. Vi har gleda av å sørve og foreine 1 liten og 3 bitte små kommunar målt i folketal – men 3 store og 1 liten målt i kraftkroner. Vi er i tillegg rike på naturarv og arealressursar. Kommunane finn saman i interkommunalt samarbeid om tenesteproduksjon og sikring av kompetansemiljø. Dei nyttar regionrådet som felles talerøyr t.d. i møtet med NAV og samhandlingsreforma, og til utvikling av nye kompetansemiljø og interkommunalt samarbeid. Regionrådet er ikkje eit verkty for eller imot kommune-samanslåing, men ein måte å handtere notida på. Regionrådet er vår måte å få til mest mogleg rasjonell oppgåveløysing på.

Komparative føremoner – by og distrikt!

Vi i Setesdal høyrer naturleg til i og ønskjer å vere ein ressurs for landsdelen vår – og vi er det. Regionen vår utgjer indrefileten av Agder, uavhengig av dragingane om fylkesgrenser som også rir Sørlandet for tida. Gjennom naturressursane og rekreasjons- og ferieareala som vi stiller til disposisjon, kjenner vi oss som eit aktivum og ein del av fellesskapen med kysten og byane våre. Og vi nyt og godt av at næringsliv og vekst pregar kysten og byane på Sørlandet.

Utviding av omgrepet berekraft – utvikling av differensiert politikk for å få heilskap!

Både Aust-Agder fylkeskommune og Fylkesmannen i Aust-Agder skal har ros for at dei i praksis har syn for distrikta og utfordringane som dei har. Dette vert det mellom anna arbeidd med i den felles regionplanen Agder 2020. Om ein hever blikket til landsdels- og nasjonalnivået, presser eit spørsmål seg fram: Er det tid for å tenkje gjennom kva for distrikts- og regionpolitikk vi ikkje har for baklandet bak vekstsentra og storbyane?

Utfordringsbiletet er mykje det same om du set passarspissen i Haukeli og rissar ein sirkel i beltet innfor dagpendlaromlandet til byane, eller om du ser fylka eitt og eitt – Telemark, Agder, Rogaland , Hordaland osb. Vi har det til felles at det er krevjande for det såkalla baklandet å ta del i veksten.

Regionomgrep – eit ikkje-nivå i forvaltinga, men ein handterleg storleik framover?

Regionnivået er kan hende ein handterleg storleik i høve samordning, men per i dag er det ikkje eit forvaltingsnivå for anna enn tilfeldig dialog med styresmaktene. I ymse europeiske land er det tale om autonome regionar. Er dette noko ein kunne ta opp i eit ordskifte her, og som kunne gje nye perspektiv og strategiar? Distrikta er gjerne berarane av miljøfaktorar som sikrar økologiske berekraft som omgrep for omlandet sitt. Er det tid for ei regionutvikling som omfattar parametrar som sosial, kulturell og økonomisk berekraft, og som gjev utviklingsstrategiar for å sikre denne heilskapen? Eg trur det. Og eg ønskjer meg meiningsytringar som kan føre tankespinnet vidare, dessutan politikarar som vil forme ny politikk innafor regionutvikling med eit blikk på sjølve regionformatet!

Politikken må underbyggje og sikre vekstkraft kring byane, men òg utvikle distrikta og skape meir vekselverknad av verdistraumane for eit større omland. Vi treng eit eksperimentarium for ny regiontenking! Og vi treng handling for å snu straumen. Kvifor går ikkje styresmaktene føre med aktive grep; flytter ut attraktive kompetansemiljø og etatar, eller legg forskingsnoder ut til relevante vekstpunkt eller regionsenter for å styrkje strukturane og snu utviklinga? Vi venter på handling, men det vi får, er sentralisering av etat etter etat! Og det går langt utover ein byråkrat si fatteevne at dette er ein ønskt politikk.

Kan hende er det ein ny by- og landpolitikk for dei utvida bu- og arbeidsregionane eg etterspør? Eller gjerne ein landsdelspolitikk som svarar til særdraga og potensiala, som grip tak i ulikskapen og fremjar heilskapen?

I mellomtida held vi fram med å leve gode liv her i Rural-Noreg òg!

Vi fyller dagane med generalistoppgåver og kreative måtar å tilby spisskompetanse og spesialisttenester på – og vi møter mangfaldet av utfordringar med friskt mot!

Signe Sollien Haugå er dagleg leiar i Setesdal regionråd.

Travel dame

0

Heidi Gjermundsen Broch haustar godord og prisar for arbeidet sitt på teater-scena og i musikken.

Gratulerer så mykje med Heddaprisen. Kva betyr det for deg?

Tusen takk! Det betyr veldig mykje for meg å få ei slik anerkjenning som Heddaprisen er. Og eg deler han med alle som er med på og bak scena, for Next to Normal er eit stort og komplisert fellesprosjekt.

Kva har Det Norske Teatret hatt å seie for deg, og kva betyr du for teatret?

DNT ga meg jobb etter at eg var ferdig med Teaterhøgskolen, og har gitt meg dei fleste rollene eg har spelt i mi så langt 11-årige karriere. Så utan DNT anar eg ikkje kor eg hadde vore. Kva eg betyr for teatret, er det vanskeleg for meg å svare på. Eg føler vel at vi har gjensidig respekt og kjærleik til kvarandre.

Drøymerolla, finst ho?

Ja, fleire! Men dei held eg for meg sjølv.

Du har gitt ut plate med Prøysen-tekstar, Blåøyd jævel. Kva har vore motivasjonen din med å lage denne plata?

Eg har jobba med den litt meir ukjende sida av Alf Prøysen sidan 2007 og bestemte meg for eit år sidan å spele inn materiale eg har brukt på konsertar. Plata er på ein måte ein dokumentasjon av eit arbeid som eg er glad for å ha laga.

Skriv du tekstar sjølv?

Nei, dessverre.

Kva skjer i livet ditt no framover?

2012 er allereie fullbooka med spennande prosjekt og roller. Eg føler meg heldig og privilegert.

 

Namn: Heidi Gjermundsen Broch

Alder: 36

Yrke: Skodespelar

Aktuell: Fekk Heddaprisen for rolla Diana i Next to Normal på Det Norske Teatret. Prøysen-plata Blåøyd jævel.

Språk: Norsk med avslipt fredrikstaddialekt

Kolmannskog til Samlaget

0

I dag byrjar Edmund Austigard i jobben som ny administrerande direktør for Samlaget, og det er nå klart at frå neste haust får han med seg Håkon Kolmannskog som forlagssjef for Samlaget Litteratur.

Blåmann Barnebokklubb feirar 10 år

0

I ettermiddag skal Blåmann Barnebokklubb feire 10-årsdagen sin i Stord kulturhus under Falturiltufestivalen.

Blir drilla i språk

0

– Hovudregelen for namn på offentlege institusjonar: Består det av meir enn eitt ord, skal berre første ordet ha stor bokstav. Lærar Åsmund Lien kiker ut over klassen sin, ein samling saksbehandlarar frå Kvinnherad kommune, for å sjå at det han seier når fram.

 

@2rvund

0

Kven synest eigentleg at omsette japanske haikudikt passar på Twitter? Dei 5 560 følgjarane til poeten Helge Torvund gjer i alle fall det.

Nynorskpris til museumsbok

0

Sigrid Lien og Hilde Nielssen (UiB) fekk denne veka Nynorsk fagbokpris 2011 for prosjektet Museumsforteljingar : minne og tagnad i kulturhistoriske utstillingar.

Satsar stort på barnehagar

0

Noregs Mållag har hatt barnehagekampanjen «Gjennom ord blir verda stor» gåande sidan i fjor vår. Nå i desse vekene er det kampanjeveker og travle dagar for tilsette og tillitsvalde i mållaget.

Tok passasjerane på ordet

0

Fjord1 har for tida eit prøveprosjekt med ny ferjemat på gong på to av ferjene sine. Menyen og konseptet har blitt til i samarbeid med ferjepassasjerane.

Sogn og Fjordane på nasjonal lesetopp

0

Sogn og Fjordane gjer det betre enn landsgjennomsnittet på dei nasjonale prøvane i lesing.

 

Borna sine nye superstjerner

0

Det var ikkje Hannah Montana eller Spiderman som vann borna sine hjarte under barnearrangementet på Nynorske litteraturdagar, men Maria Parr og Lars Mæhle, barnelitteraturen sine nye superstjerner.

 

Språkmannen som trollbatt skuleungdomen

0

Kva tyder ordet rektor? Og finst det skjulte skattar i namna våre? Tidlegare språkdirektør Sylfest Lomheim (66) nytta pedagogiske knep då han for første gong førelas om språket for ein ungdomsskule under årets Nynorske litteraturdagar.