Heim Blogg Side 251

Nynorsk-songar klar for Melodi Grand Prix

0

Kim André Rysstad kjem frå tjukkaste folkemusikkland, syng på nynorsk og skal vere med i neste års Melodi Grand Prix.

Målformdebatt i Valdres

0

Tysdag i neste veke skal lokale og sentrale politikarar, ein språkforskar og ein mediemann diskutere om det er plass til to morsmål i Noreg på Nord-Aurdal folkebibliotek i Valdres.

Nybrottsarbeid i Ryfylke

0

I Ryfylke i Rogaland slår seks mindre bibliotek seg saman og lager e-biblioteket Ryfylkebiblioteket, som skal vere klart til utlån av e-bøker, lydbøker, filmar og musikk 1. februar neste år.

Med pressa i rådhuset

0

– Viss vi skulle gjort noko annleis etter ulukka, så kan det vere vi ikkje hadde sluppe media så tett innpå oss.

Avklart rolle

0

– Mi oppgåve som ordførar når krisa er ute, er å vere talsmann for heradet, seier ordførar Solfrid Borge i Ullensvang herad.

Når krisa rår

0

Då skota fall på Utøya, var heile landet i feriemodus. Slik var det også i Osterøy kommune, som hadde tre lokale ungdommar på øya.

Viktig å ha ein plan

0

Det er like viktig å ha gode skriftlege rutinar for traumatiske hendingar som skjer sjeldan, som for ting som skjer ofte.

Skrivekonkurranse for ungdom

0

Framtida.no lyser ut skrivekonkurranse for ungdom. Temaet er «Makt over eiga framtid».

Om pris og barometer

0

Det er snart ikkje ei riksavis her i landet som ikkje held seg med sitt eige kommunebarometer. Kvart år kappast media, forskingsinstitutt, statistikkleverandørar og meiningsmålarar om å fortelja oss om kor gode kommunane våre er å bu i, eller kor elendige dei kommunale tilboda er. Dette er godt lesestoff: «Alle» vil gjerne vita korleis det er å bu i sin kommune, det er ikkje nok å oppleva det sjølv.

Kåringane skal sjølvsagt seia noko om kvaliteten på dei tenestene kommunane leverer. Men kor mykje er det råd å lesa ut av denne statistikken? Svært mange norske kommunar kan visa til ein eller annan pallplass i ei slik måling, og brukar dette aktivt i marknadsføringa si.

Det er ikkje lett å finna samanhengar og trendar i oppslaga. Resultata spriker frå år til år og i alle retningar, og kommunane hoppar opp og ned på tabellane som sprettballar.

Eg tok nokre stikkprøvar: På Dagbladet sin kommunebørs for i år ligg heimkommunen min, Tysnes, på 119. plass. (Fire av dei fem første i denne rangeringa er forresten nynorskkommunar.) Kommunal Rapport lagar sitt årvisse kommunebarometer, basert på seksti ulike kriterium. Her gjekk Tysnes frå ein 163. plass i fjor til ein småtrist 367. plass i år, utan at eg har merka noko særleg til forfallet. Vinje kommune gjekk andre vegen i Kommunal Rapport, frå ein trist 349. plass i 2010 til ein 138. plass i år. Men den same Vinje kommune hamna på ein imponerande 4. plass i Dagbladet. Då DN i 2008 kåra Luster til den beste kommunen å bu i, var åtte av dei ti beste på lista nynorskkommunar. For ein månad sidan konkluderte Telemarksforsking med at Gloppen er den beste kulturkommunen i landet. Gratulerer! Samstundes la dei fram statistikk som tyder på at kulturtilbod ikkje betyr noko for kor folk ønskjer å bu. Og dei ser ut til å ha rett: Gloppen kom på 234. plass på Dagbladet si liste.

Dei uklåre resultata kjem sjølvsagt av at undersøkingane legg vekt på ulike kriterium. Dei ulike media vektar tilbod, nivå og kvalitet ulikt.

Det einaste som er å festa lit til i desse undersøkingane, er såleis at dei ikkje er til å lita på. Og ja, kanskje ein ting til: I alle dei kommunebarometra eg har sett, har nynorskkommunane vore overrepresenterte. Kanskje det ligg ein eigen kvalitet i det å vera nynorskkommune. Akkurat det vel eg å tru på.

Det er såleis naturleg at det er mellom desse kommunane den endelege kåringa skjer. 16. november deler kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete ut prisen Årets nynorskkommune. Kåringa skjer ikkje berre på grunnlag av KOSTRA-tal og statistikk. I tillegg har kommunane, gjennom søknadane sine, fått høve til å presentera sitt eige grunnlag for at dei vel å bruka nynorsk, og kvifor dette er viktig for dei.

Årets nynorskkommune er ein viktig pris. Dei to tidlegare prisvinnarane, Stord og Seljord, har brukt prisane sine aktivt i omdømebygginga si, og det er naturleg. Søkjarane dette året hadde truleg alle fortent å vinna, men berre éin kommune kan få prisen.

Gratulerer.

 

Seks kommunale språkval

0

KOMMENTAR: I Noreg i dag er liva våre djupt vovne inn i det offentlege; det er få område i kvardagen som ikkje er i anten beinveges eller omveges kontakt med det offentlege. Det offentlege sine val kan slik gje innbyggjarane både hinder og hjelp

Dei fleste vala som dei folkevalde og tilsette i kommunen gjer, er språkval. Vedtak og avgjerder vert forma i skrift og språk. Kommunikasjon med innbyggjarane gjennom skrift og tale er språk. Nokre val, vedtak og avgjerder har større språklege følgjer enn andre. Det viktigaste som kommunen avgjer, er vilkåra for den grunnleggjande språklæringa til alle unge og mange vaksne.

Gjer kommunen gode eller dårlege val? Sjekk sjølv gjennom å spørje dei seks spørsmåla under til din eigen kommune! Eller til deg sjølv som rådmann, ordførar, tilsett eller folkevald.

1) Møter borna nynorsk i barnehagen?

Kommunen har eit ansvar for barnehagane, anten dei er privat eller offentleg eigde. Språkutvikling er noko av det viktigaste i barnehagane. I ein nynorskkommune skal borna for det meste ha nynorsk som opplæringsmål. Korleis er samanhengen mellom opplæringsmålet i barnehagen og barneskulen? Driv kommunen aktiv påverknad av barnehagane for at dei skal føre borna inn i den nynorske skriftkulturen? Vert barnebøker lesne på nynorsk, og er songane på nynorsk?

2) Møter elevane nok nynorsk i skulen?

Kommunane vedtek kva som skal vere opplæringsmålet på kvar skule. Korleis sikrar ein at elevane kan verte trygge i hovudmålet sitt? Kva rutinar har kommunen for å sikre at dei tilset lærarar som er kvalifiserte til å undervise i og på nynorsk, og som har gode haldningar til nynorsk? Korleis møter skulen det massive bokmålspresset elevane møter utanfor skulen? Korleis sikrar ein at elevane møter nok nynorsk til at dei vert trygge språkbrukarar i hovudmålet sitt?

3) Er norskopplæringa for vaksne innvandrarar på nynorsk?

Mange kommunar har vaksne innvandrarar som ikkje enno har lært seg tilstrekkeleg norsk. Kva språk skal kommunane lære dei? Ikkje sjeldan tilbyr kommunane innvandrarane opplæring i og på bokmål, og er slik med på å rive vekk grunnen for sin eigen språkpolitikk. Er det naudsynt å halde fram med denne praksisen? Kva opplæringsmål for vaksne innvandrarar er det beste for kommunen og innvandrarane sjølve.

4) Gjer kommunen nynorsk synleg i utetterretta kommunikasjon?

Utanom lokalavisene er det fyrst og fremst gjennom skriftleg kommunikasjon med kommunen og i butikkane at folk møter skrift. Brukar kommunen nynorsk i all utetterretta kommunikasjon? Og korleis møter kommunen den store utfordringa det er at svært mange butikkar og andre verksemder mest berre brukar bokmål?

5) Meistrar dei tilsette i kommunen nynorsk?

Når kommunen søkjer etter ingeniørar, byråkratar, kulturarbeidarar og andre – kva gjer ein når det viser seg at dei nye tilsette slett ikkje meistrar nynorsk og helst ikkje vil bruke nynorsk som arbeidsspråk? Korleis gjere dei som alt er tilsette, trygge i sin bruk av administrasjonsspråket? Kva opplæring og språkstøtte tilbyr ein dei tilsette? Finst det eit system for dette, eller skjer problemløysinga etter innfallsmetoden?

6) Seier kommunen frå når statsetatar sender brev og informasjon på bokmål?

Etter mållova pliktar staten å nytte nynorsk når han vender seg til nynorskkommunar. Det gjer staten slett ikkje alltid. Korleis reagerer kommunen då? Kva rutinar finst for å fylgje opp slike brot på mållova? Kontaktar kommunen Språkrådet i slike saker?

Språkleg medvit

Har din kommune reflektert over desse seks spørsmåla? Kommunar som ikkje har gjort dette, gjev ikkje sine innbyggjarar det kommunale tilbodet innbyggjarane fortener og bør forvente. Omsut for innbyggjarane si språklæring og språkbruk krev språkleg medvit. Dei aller fleste ønskjer å fylle denne forventninga, eg vonar desse seks spørsmåla kan gjere utfordringa lettare.

Håvard B. Øvregård er leiar i Noregs Mållag

Den unge stemma

0

LEIR: Vi hadde store forventningar til kommune- og fylkestingsvalet i år. Det som skjedde på Utøya og i Oslo, kjendest som eit angrep på demokratiet vårt – og svaret på utfordringa skulle bli meir openheit, meir demokrati – og fleire folk til stemmeurnene.

Så vart det ikkje slik. Berre 64,4 % av oss fann det for godt å stemme ved kommunevalet, ein svak oppgang frå sist.

Men ungdomspartia opplevde stor medlemsauke, og ungdommane våre syntest å vere dei som greidde å mobilisere best.

I den førre LNK-avisa skreiv vi om Brit Mari Engeskar (18), som stilte til val i Suldal kommune, og om Ungdomslista på Utsira, ei eiga valliste med berre unge folk. Engeskar er no inne med fast plass, og på Utsira kapra Ungdomslista to av 13 plassar i kommunestyret.

Desse utgjer små dryp i det store havet, men det er dryp som viser at folk tar desse ungdommane på alvor. I denne avisa kan du lese om Ungdommens bystyre i Florø, eit utval som har eksistert og gjort ein god jobb i 12 år.

Det er viktig å høyre på kva ungdommen seier og meiner om ting som vedkjem dei. Mange ungdommar gir uttrykk for at det er feil at folk på 50 pluss skal ta avgjerder på deira vegner. Det er ho som har skoen på, som best kjenner kor han klemmer.

Å spørje den det gjeld, til råds er nesten alltid ei fornuftig ordning. Men samstundes er det å vere politikar noko langt meir enn å kjempe for sine eigne saker. Når ein sit i kommunestyret og andre politiske utval, så vil ein måtte meine mykje om regulering av næringsområde og sentralisering av kommunale tenester, sjølv om ein ikkje meiner så mykje om det i utgangspunktet.

Det er ein kvardag både Engeskar, Ungdomslista og andre ungdommar som no har funne sin veg til kommunestyresalane, vil merke ganske fort.

Faren med å skuve fram gruppa ungdom som ei einsarta gruppe vi skal høyre på berre fordi dei er nettopp ungdommar, er sjølvsagt at vi tillegg dei eigenskapar som dei ikkje nødvendigvis har berre fordi dei er mellom 16 og 25 år gamle.

Ungdom er som gruppe like lite einsarta som kvinner, menn og innvandrarar er. Dei kjem i ulike valørar, med ulike krav til samfunnet og seg sjølve.

Vi er ikkje i tvil om at ungdomspolitikarane våre rundt om i landet vil gjere ein god jobb i kommunestyra og utvala. At overgangen frå å vere agitator på sidelinja til å bli ansvarleg politikar kan vere stor, er ikkje noko berre ungdommane vil kjenne på. Den erfaringa har mange velvaksne folkevalde også gjort seg.

Derfor er det også viktig at vi velvaksne justerer forventningane til desse ungdommane, slik at vi ikkje forventar ungdommelege handlingar og haldningar av dei. Skal vi vise at vi respekterer og har tru på ungdommane våre, må vi ha dei same forventningane til dei som til alle andre folkevalde: At dei gjer ein så god jobb som muleg, også når oppgåva er større enn dei sjølve.

Og at dei greier det, det har vi tru på.

 

 

 

 

Orda har fått nytt innhald

0

22. juli har forandra oss på mange måtar. Det som ikkje kunne skje her i vår fredelege avkrok, det hende. Og mordaren var ein heilt annan enn den terroristtypen mange har åtvara oss mot. Dette gjev grobotn for mange ettertankar, også når det gjeld språket vårt. For denne seinsommaren har ord og uttrykk som me gjerne har vore varsame med, brått vore å høyra frå mange kantar: kjærleik, hat, solidaritet, å setja sola framfor skuggen, vinna over mordaren med handlingane våre. Det er ord som gjerne har verka for høgtidlege eller vore oppbrukte, og uttrykk som har verka for pompøse å bruka for dei fleste. Så skjer dette dramatiske, utenkjelege, og orda får meining. Å vera solidarisk og tolerant blir brått konkret og meiningsfylt. Me som stilte til lokalval i Lærdal, vart til dømes fort einige om at i år måtte me fyrst visa at me heldt saman, med å ha felles valtorg og ei felles oppmoding i avisa om å røysta. Eg kjenner på meg sjølv at eg nok også har halde meir att på språkbruken enn eg elles ville ha gjort når det gjeld å «ta» ein konkurrent i valdebattane. Eit opnare språk vart ein del av reaksjonen mot ugjerninga.

Fleire negativt ladde uttrykk har også forsvunne frå debatten, iallfall for ei stund. Det har vore stilt om snikislamisering, og knapt nokon har hevda at muslimane no snart tek over styre og stell i Noreg. Eg har høyrt så ymse til uttrykk, også av eigne sambygdingar, dei siste åra: jordrotter eller fanatikarar om vanlege arabarar er noko av det verste. Når no ugjerningsmannen er ein lyshåra, stram Oslo Vest-ungdom som kallar seg kristen, blir det verre å dømma folk etter hudfarge eller religion. Men den kollektive og eintydige fordømminga av mordaren sine idear bleiknar etter kvart. Den dagen eg skriv dette, 27. oktober, skal ein ung herre forklara i offentleg debatt kvifor det er vorte enklare å vera mannedyrkar og mot feministar etter Bering Breivik sitt manifest. Vel bekomme, seier eg!

Skal me som samfunn vinna over Breivik med handlingane våre, må det syna att, også i orda me vel. Og me som er kvasse i munnbruken, får moderera oss litt. For det bør bli enklare for alle å leva i det fleirkulturelle Noreg framover.