Austigard ny forlagsdirektør i Samlaget
Forfattar Edmund Austigard kjem frå stillinga som adm.direktør i Den Norske Bokdatabasen as, og overtek etter Tom Skovdahl som har vore konstituert direktør i Samlaget sidan januar 2011.
Stemmerett ved 16 kan styrke valdeltakinga
I ein ny rapport om nedsett stemmerettsalder nasjonalt og internasjonalt går det fram at låg stemmerettsalder og mulegheit for politisk deltaking i ung alder kan slå positivt ut for valdeltakinga på lang sikt.
Ungom teikna Kulturnett-logo
Når Kulturnett Sogn og Fjordane lanserte sine nye nettsider i går, var det med ny logo teikna av Målfrid Asheim Nummedal frå Sogndal vidaregåande.
Aukra inn i LNK
Sist veke gjekk kommunestyret inn for å bli medlem i LNK. Kystkommunen på Romsdalskysten jobbar for tida aktivt med kommuneplan og strategisk næringsplan og har den siste tida hatt hektisk møteaktivitet for både folkevalde og folket sjølv.
Stadig fleire bruker biblioteka
Halvparten av den norske befolkninga bruker biblioteka, kjem det fram i ei undersøking Sentio har laga for Nationen.
Siljan mot straumen
Ein av tre fullfører ikkje vidaregåande skule på landsbasis. I Siljan kommune i Telemark fullfører tilnærma alle vidaregåande.
Fleire i tettbygde strok
I Akershus, Oslo og Rogaland har det vore størst befolkningsauke i tettstadene dei to siste åra, medan det i Hedmark og Telemark har vore minst vekst i tettstadbefolkninga.
Nøgde med Nyno
Aftenposten-journalist Solveig Ruud har prøvd ut omsetjingsprogrammet Nyno på ein kommentar ho har skrive for avisa. Både høgskular, Språkrådet og Noregs mållag er nøgde med resultatet av omsetjinga frå bokmål til nynorsk.
Konkurrerer om beste kommune-slagord
Som slagordet deira seier, så ligg Herøy kommune nå først i kampen om å ha det beste slagordet i Noreg. Slagordet er «Ei båtlengde føre».

